Fanga unik fjellrev-fødsel: – Det blei full jubel

3 weeks ago 23



– Vi er veldig glade! Det blei full jubel da vi fekk sjå det første kullet, seier Kristine Ulvund oppglødd.

Ho er forskar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA).

Søndag kom åtte små fjellrevkvalpar til verda på avlsstasjonen på Sæterfjellet i Oppdal, og for første gong fekk forskarane sjå fødselen på film.

– Dette har eg aldri sett før. At det blei fødsel i det hiet vi plasserte kameraet i er veldig stas, seier seniorforskar Craig Jackson.

Ved hjelp av eit webkamera plassert i hiet fekk forskarane sjå fødselen, og kan no følge den nybakte mora og dei åtte reveungane tett.

– Så langt ser det ut som om alt går bra med både mora og kvalpane.

Her kan du følge fjellrevfamilien direkte:

Viktig auke i bestanden

Dei nyfødde kvalpane er ein del av avlsprogrammet NINA har drive på Sæterfjellet i nesten 20 år. Programmet er eit tiltak for å styrke den utryddingstrua bestanden av fjellrev.

I 2000 var det så få som 30-60 fjellrevar i Noreg.

I år er talet omtrent 300 vaksne individ. Likevel har fjellreven framleis status som «kritisk trua» på raudlista.

Kristine Ulvund og Craig Jackson framfor innhegninga til fjellreven.

Forskarane Craig Jackson og Kristine Ulvund er svært godt fornøgde med at heile åtte kvalpar skal få vekse opp i innhegninga bak dei.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

– Vi har hatt veldig god vekst i bestanden, men den må framleis bli styrka, fortel Jackson.

Mykje av auken kjem av avlsstasjonen på Sæterfjellet. Sidan oppstarten har nærare 500 kvalpar blitt sette ut i det fri etter dei blei født her.

Kvalpane som no blir følgt tett via webkamera er det første av det Jackson håper skal bli fleire kull i år.

– Vi har sju tisper som kanskje får fem kvalpar kvar i snitt. Dersom vi får 30 kvalpar til saman er vi veldig fornøgd.

Dei åtte kvalpane får mjølk frå den nybakte revemora. Her er kvalpane omtrent to døgn gamle.

Video: Norsk institutt for naturforsking

Må snart «flytte heimanfrå»

Enn så lenge ligg årets første kull med kvalpar i hiet hos mor, men om ikkje lenge skal dei vidare i livet.

Når dei er fire veker gamle kjem dei ut av hiet for å leike og utforske.

I januar blir kvalpane sette ut i naturen for å styrke bestanden andre stadar i landet. Hadde dei blitt fødd i det fri måtte dei ha «flytta heimanfrå» allereie til hausten, fortel Jackson.

fjellrevvalper 4

På Sæterfjellet ligg snøen framleis. Her får kvalpane bu med mor og far til over nyttår.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

– Når vi har dei her til over nyttår får dei lagt seg opp godt med næring og dei får ein kort vinter ute i det fri. Da blir det lettare for dei å finne mat og eit territorium.

I fjor blei revekvalpane frå Sæterfjellet sett ut på Hardangervidda. Kor dette kullet skal er enno ikkje avgjort.

– Vi må vurdere kor dei vil ha gode moglegheiter for å finne mat og kor dei passar genetisk.

Treng genetisk variasjon

Å sikre genetisk variasjon er viktig for at revebestandane skal vere friske. Sjølv om talet på fjellrev er blitt mykje høgare, bur dei svært spreidd.

– Fjellrevane bur på fjellet og med djupe dalar og fjordar mellom ulike fjellparti er det vanskeleg å kome seg frå eit fjellområdet til det neste, forklarar Craig Jackson.

Åtte fjellrevkvalpar i hiet sitt.

Det er ikkje uvanleg at nokon av kvalpane dør i løpet av den første veka. Med dette kullet ser alt ut til å gå bra.

Foto: Norsk institutt for naturforsking

Det gjer at det er fare for at delbestandane blir for isolert og får lite tilførsel av nytt genetisk materiale.

– Vi ser på kva for delbestandar som treng nye genar for å unngå innavl.

Publisert 22.05.2024, kl. 19.47

Read Entire Article