– Med alt medieoppstyret og forteljinga om korleis lærarane har det, så forstår eg at det kanskje ikkje er så freistande, seier ho.
Louise Ramstad er i gang med første time på Ullandhaug ungdomsskule i Stavanger.
Ho byrja som lærar i fjor og trivst godt. Men ho forstår at ungdommar tenkjer seg om to gonger før dei satsar på ei karriere som lærar.
- Fleire får plass på lærar- og sjukepleiarutdanningar i Noreg etter senka karakterkrav. Viss ikkje, hadde talet på lærarstudentar vore det lågaste sidan 2010.
Berre 94 av 229 studieplassar
Det har blitt færre lærarstudentar i Noreg dei siste åra. Mange studieplassar står tomme, og rektorar landet over fortel om mangel på gode søkjarar til lærarstillingar.
På Universitetet i Stavanger (UiS) var nedgangen på heile 11 prosent. Det har ført til at UiS vil kutte 3 millionar i budsjettet til utdanninga.
Situasjonen i Lærarutdannings-Noreg liknar. På NTNU skal dei kutte om lag 30 årsverk ved institutt for lærarutdanning. Høgskolen i Østfold skal spare 60 millionar kroner. 20 av dei blir tatt frå lærarutdanninga, ifølgje Utdanningsnytt.
UiS må spara 200 millionar kroner i 2024 og 2025.
Det er lærarutdanninga som får svi mest, og det er det ein god grunn til, seier rektor Klaus Mohn.
– I opptaket i vår fekk me berre 94 studentar til 229 studieplassar. Då kan desse pengane brukast betre på Handelshøgskulen og på kunstfag, som har mangel på studieplassar, seier Mohn.
Dårlegare undervisning
Tonje Varhaug Hetlelid har jobba i mange år som ufaglært lærar. Men til våren er ho ferdig med mastergraden på UiS.
Utviklinga i undervisninga har vore negativ i åra etter covidnedstenginga, og det kan vera ein del av årsaka til nedgangen i søkjartalet, meiner ho.
– Me har veldig lite undervisning og forelesingar. Det har blitt meir sjølvstudium, seier ho, som meiner det ikkje har vore positivt for studentopplevinga.
– Det blir ikkje så seriøst, dersom det går an å seie det. Me skal vera her to timar i denne veka for å gå gjennom pensum, men me får jo ikkje tid til å gjere noko meir, seier Varhaug Hetlelid.
- Men dei som vil bli lærar, finst. Sondre (27) var elektrikar, men valde klasserommet i staden.
Utdanningsforbundet er bekymra over kutta.
– Å leggje ned studieplassar kan fort bli eit signal om ei nedprioritering av desse utdanningane. Det vil vera svært uheldig no, seier leiar Geir Røsvoll.
Forbundet peikar på at ein har brukt mange år på å byggje opp lærarutdanningane i Noreg. Fagmiljøa kan fort forvitra.
– Då er det mykje innsats som har vore forgjeves.
Han forstår at utdanningsinstitusjonane er i ein vanskeleg økonomisk situasjon.
– Så dette handlar om kva vi som nasjon vil prioritere, seier han.
Trur tilsette må gå
Instituttleiar for lærarutdanninga, Lars Rune Waage, må tilpasse seg eit kraftig budsjettkutt.
– Studentane kjem til å få færre fag å velje mellom dersom forslaget frå rektor blir vedtatt, slår han fast.
I første omgang varslar han at delar av undervisninga for studentar til barne- og ungdomsskule blir slått saman.
I dag er det eiga undervisning for dei som skal bli lærarar for 1.–7. trinn og for 5.–10. trinn. Dette blir det truleg slutt på.
Tilsette ved UiS kjem til å misse arbeidet sitt, men Waage understrekar at dei først skal prøve å ordne det med friviljug avgang.
Som opplæringsstad lovar dei å stå på så godt dei kan med god undervisning og å snakke fram læraryrket, seier Waage.
Men han meiner politikarane må ta tak i nedgangen.
– Kanskje bør lærarstudentar få betre studiestøtte, tenkjer han høgt.
- Det er ikkje berre tavle og krit i lærarjobben. På denne skulen brukar dei yoga når dei rundar av mattetimen.
Publisert 05.12.2024, kl. 09.09