Færre døyr på jobb: Her har dei investert massivt for å redusere risikoen for ulykker

3 hours ago 2



I 2024 mista 25 personar livet i arbeidsulykker i Noreg.

Dette er det lågaste talet sidan Statistisk sentralbyrå i 2000 starta registreringa si av arbeidsulykker med dødeleg utfall her til lands, viser ferske tal.

Mest utsett for ulykker er tilsette i manuelle yrke, ifølge SSB.

– Det vil til sjuande og sist ha frykteleg mykje å seie at folk har det trygt på arbeid, og det å vite at vi har ein sikker arbeidsplass.

Det seier fabrikksjef hos vindaugeprodusenten Nordan på Otta, Stein Roger Ulen, og viser NRK rundt på fabrikken som ligg i Gudbrandsdalen.

Dei siste åra har selskapet investert massivt i utstyr som kan redusere risikoen for arbeidsulykker. I 2023 vann fabrikken Sikkerheitsprisen i konsernet for arbeidet sitt med å betre sikkerheita til dei tilsette.

NorDan vinduer på Otta.

Dei siste åra har NorDans fabrikk på Otta investert tungt for å betre sikkerheita til dei tilsette. Det gleder hovudverneombod Per Ivar Josten, nestleiar blant dei tillitsvalde, Erik Forberg og fabrikksjef Stein Roger Ulen.

Foto: Henrik Einangshaug / NRK

Mest utsett

For første gong har Statistisk sentralbyrå (SSB) publisert offisiell statistikk over arbeidsulykker fordelt etter yrke.

Det blei samla rapportert 32.900 arbeidsulykker i 2024, noko som svarer til 11,8 rapporterte ulykker per 1000 tilsette.

Verst er det i dei manuelle yrka, der handverkarar toppar statistikken med 20,5 ulykker per 1000 tilsette. Førekomsten er størst blant unge i aldersgruppa 20–24 år, med 28,3 ulykker per 1000 tilsette.

Ifølge SSB er det blant handverkarane lågast førekomst i aldersgruppa 67–74 år, med 12 ulykker per 1000 tilsette. På Otta har fabrikksjefen til dels ein litt anna oppfatning.

– Det er dei som «skal berre» og kanskje har gjort den same oppgåva i både 20 og 30 år, som tar ting for gitt. Dei lèt kanskje vere å følge rutinane som er sette, seier Ulen.

NorDan vinduer på Otta.

I 2023 var fabrikken beste fabrikk i konsernet på sikkerheit. Slikt blir det diplom av.

Foto: Henrik Einangshaug / NRK

Lærer av kvarandre

For fabrikksjefen har det vore viktig å hente inspirasjon frå andre fabrikkar, for å betre sikkerheita til dei tilsette.

– Det vi bruker her, det kan andre ta lærdom av, og så kan vi lære av det andre gjer, seier Ulen.

Samtidig har god dialog med hovudverneombod og tillitsvalde vore viktig, for saman å komme fram til gode løysingar.

– Vi har ei god dialog og involvering heile vegen, både når det skal investerast og i sikkerheitsarbeidet. Der både verneombod og tillitsvalde er involverte i mykje av det som skjer, seier Ulen.

NorDan vinduer på Otta.

Foto: Henrik Einangshaug / NRK

Hovudverneombod på fabrikken, Per Ivar Josten, opplever dialogen med leiinga som god.

– Vi er involverte og har regelmessige møte der vi tar opp ting som vi opplever kan vere ein sikkerheitsrisiko, seier han, og legg til:

– Vi får gehør for mykje av det som blir tatt opp.

Tett dialog

Fagforeininga Fellesforbundet, der dei tilsette på Otta er organiserte, meiner tett dialog mellom dei tilsette og leiinga er viktig for å betre arbeidsmiljøet.

– Nordan er ei bedrift som er godt organisert, og vi har ein flink tillitsvald som har veldig god kommunikasjon med leiinga. Det er det som eg meiner er det viktigaste i bedrifter, nemleg kommunikasjon, seier Martyna Kornikaite Sagsveen.

en person med langt hår

Martyna Kornikaite Sagsveen, leiar av Fellesforbundet avdeling 670.

Foto: Henrik Einangshaug / NRK

Som avdelingsleiar for Fellesforbundet avdeling 670 på Lillehammer, har ho mellom anna ansvar for oppfølging av dei tilsette hos Nordan.

– Vi ser det veldig tydeleg i dei bedriftene der vi har tariffavtalar og tillitsvalde, at problema blir tatte opp med leiinga på eit veldig tidleg tidspunkt, seier ho.

Publisert 30.12.2025, kl. 18.05

Read Entire Article