Etterspurnaden er stor: Fyller matbutikkane med protein-varer

8 hours ago 4



Nytt år og nye produkt i butikkane. Felles for fleire av dei nye produkta er at dei vert merkte som «proteinprodukt».

Alt frå nye yoghurtar til sjokolademjølk og ostar, Men kva er det som gjer at det stadig kjem fleire proteinmerkte produkt i butikkhyllene?

– Det handlar om etterspurnaden, fastslår Kristine Aasheim, sjef for Q-meieriene.

Ho legg til:

– Vi har hatt produkt som Skyr på marknaden sidan 2009, og vi ser i aukande grad at forbrukarane ønskjer produkt med endå meir naturlege protein. Det gjer at vi kjem med nye produkt.

Skyr er ein av bestseljarane til Q

Skyr har vore ein av Q sine storsatsingar sidan den kom i 2009.

Foto: Hans Wolff Ness / NRK

Aasheim meiner at ein av grunnane til den aukande etterspurnaden etter proteinprodukt er at fleire forbrukarar er opptekne av trening.

– Vi har vorte flinkare til å trene, og mange vil ha eit sunt og godt kosthald. Då ser vi at fleire vil bruke mjølkebaserte proteinprodukt.

Proteinprodukta vert produserte ved å konsentrere mjølkeprodukt, noko som inneber at ein brukar meir mjølk for å lage meir proteinrike produkt.

– For å lage éin liter Skyr, brukar vi tre liter mjølk, fortel Q-sjefen

Q-sjef Kristine Aasheim

Q-sjef eller sjef for Q-Meieriene Kristine Aasheim.

Foto: Martin Lavik Nygaard / Q-Meieriene

Ikkje behov for meir

Med alt dette fokuset på protein, kan det vere greitt å vite kva næringsstoff det eigentleg er.

Den kliniske ernæringsfysiologen Nicoline Aamot Hegernes frå Førde er ekspert på nettopp dette – korleis mat og drikke påverkar kropp og helse.

– Protein er byggjesteinar som vi er heilt avhengige av. Vi har det i alle cellene våre, forklarar ho.

Protein består av aminosyrer, og nokre av desse kan kroppen lage sjølv, medan andre må vi få tilført gjennom mat og drikke.

Nicoline ærneringsfysiolog

Ernæringsfysiolog Nicoline Aamot Hegernes driv med kosthaldsrettleiing.

Foto: Hans Wolff Ness / NRK

Aamot Hegernes meiner det er positivt at folk har vorte meir interesserte i proteinnivå, men ho åtvarar samstundes mot å fokusere for mykje på berre protein.

– Vi må ikkje gløyme at vi treng fleire næringsstoff enn protein. Vi treng både karbohydrat og feitt for å kunne nytte proteina.

Ernæringsfysiologen forklarar at desse produkta med ekstra protein ikkje er nødvendige så lenge ein et balansert.

– Vi får dekka proteinbehovet vårt gjennom vanleg mat og drikke. Et noko protein til kvart måltid, og hugs at gode proteinkjelder er viktige og bør prioriterast, forklarar Aamot Hegernes.

Ho understrekar at det finst like mykje protein i ein kyllingfilet som i 6–7 pølser.

Pulten til nicoline

På denne pulten kan Aamot Hegernes planlegge møter med klientar.

Foto: Hans Wolff Ness / NRK

Viktig om ein vil byggje

Kristoffer Bjørndal frå Bergen deler trenings og kosthaldsinnhald med sine over 80 000 følgjarar på sosiale medium. Han meiner det er viktig med ekstra protein om ein skal prestere betre på gymmen og byggje musklar.

– Protein er svært viktig. Viss du ikkje et nok protein, vil framgangen din gå mykje saktare. Det kan til og med bli vanskeleg å nå målet sitt i det heile, for protein er byggjesteinen til musklane.

Kristoffer bjørndak

Treningsinfluensar og personleg trenar, Kristoffer Bjørndal.

Foto: Privat

Bjørndal har trent styrke i over ti år. Dei første åra åt han det han fekk servert heime, men det var då han starta å ete meir protein at han merka den største progresjonen.

– Eg synest at for dei aller fleste som trenar styrke, vil 2 gram per kilo kroppsvekt med protein vere bra, forklarar Bjørndal, som har personleg trenarutdanning og kosthaldsrettleiar-utdanning gjennom. AFPT.

Det vil seie at viss ein veg 70 kg, kan ein ete 140 g protein om dagen ifølgje Bjørndal.

Tenkjer du på proteininntaket ditt?

Kan bidra positivt

Bjørndal brukar hovudsakleg ikkje produkt med ekstra protein, sidan han får i seg nok gjennom reine produkt. Likevel har han ingenting å utsetje på produkta sine positive effektar.

– Fordelen med desse er at dei gjer ting veldig enkelt, seier han.

Q-yoghurt

Produkt som dette. marknadsført med ekstra protein fortel Bjørndal kan vere lurt å ete for å spare tid og samstundes få i nok protein.

Foto: Hans Wolff Ness / NRK

Trenaren fortel at han merkar kor viktig tid er for mange av klientane sine, og at ikkje alle ønskjer å bruke for lang tid på kjøkenet.

– Viss dei kan ta nokre enkle proteinprodukt og få i seg nok protein utan å bruke så mykje tid, er det veldig praktisk, seier han.

Veldig viktig

Tine har, i likskap med Q-meieria, også satsa stort på produkt med litt ekstra protein. Marknadsdirektør i Tine, Unn Grønvold Nikolaisen, forklarar at etterspurnaden er stor.

– 56 % av nordmenn meiner at protein er veldig viktig å få i seg, seier ho.

Og ein aukande del er òg positive til endå meir styrking, særleg med vitamin D, som ein finn i fleire meieriprodukt. Grønvold Nikolaisen peiker på ei studie utført av ein av Tine sine samarbeidspartnarar som fortel dette.

Unn Grønvold Nikolaisen

Marknadsdirektør i Tine, Unn Grønvold Nikolaisen.

Foto: Tine

Ifølgje tal som Tine sit på, er det ikkje berre treningsglade gutar som nyttar seg av «proteinprodukta».

– Vi ser jo at det er flest i aldersgruppa 18–29 som har prøvd det vi definerer som proteinrike basar. Men vi ser òg at aldersgruppa 30–39 ligg og traktar rett bak, og 40–49 er òg i aukande grad med på ballen.

– Det takast opp i ei stadig breiare målgruppe, legg ho til.

Publisert 21.03.2025, kl. 18.57

Read Entire Article