Etterlyser tiltak: – Slitasjen nådd uhaldbare høgder

1 month ago 28



3. august 2024 kl. 11:13

Jonny Finstad (H), ordførar i Vestvågøy, etterlyser tiltak frå regjeringa etter turistsesongen i sommar, melder Lofotposten.

– Turistveksten går utover sikkerheit og beredskapen og er ikkje tatt høgde for i planane for beredskap. Dimensjonering og organisering av infrastruktur, blant anna innanfor helse, samferdsel, beredskap, samt basale tilbod som parkering, toalett og naturforvalting, er ikkje på plass, seier Finstad til avisa.

Finstad har følgd diskusjonen rundt tilrettelegging og regulering av turismen. No vil han ha eit møte med regjeringa for å få ei tydelegare fordeling av ansvar.

Han meiner at turistpågangen har blitt for stor til at Lofoten åleine kan handtere veksten, utan hjelp frå staten.

– Slitasjen på natur og lokalbefolking har nådd uhaldbare høgder. Det er eit sterkt behov for regulering, særleg innanfor den uorganiserte turismen.

Read Entire Article