KOMMENTAR: Erna Solberg snakkar Europa opp og skatten ned. Og elles er alt som før.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 30 minutter siden
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
Erna opnar landsmøta sine sjølv. Ved møtebordet, med klubbe. Sørger for at «Ja, vi elsker» blir avsungen, at landsmøtet er med på å senda helsing til kongen, at dei får vedtatt dagsorden og køyreplan.
Alle gjer ikkje det. Andre partileiarar ventar, til møtedirigentane er valt og på plass, ventar på trommer og musikk og lyssetting som skal få spenninga i taket. Før dei entrar salen og scena. Ikkje Erna.
Det er trommene som følgjer henne.
Det viktigaste
«Europas tid er nå,» seier Erna. Og snakkar sterkt om at det er alvor nå. Takkar Zelenskyj for å kjempa for Europas fridom og Europas demokrati. For vår fridom og vårt demokrati. Tar sterkt avstand frå USAs måte å behandla Ukraina og den ukrainske presidenten på. Håpar at USA ein dag vil venda tilbake til det ho kallar åre felles verdiar, men slår fast at håp er jo ingen strategi. Nei, det er jo ikkje det.
Erna – altså Høgre – vil styrka forsvaret, vårt forsvar, Ukrainas forsvar, bruka ressursane som trengst for å klara det. Meir våpen, meir ammunisjon, til oss, til Ukraina. Og meir folk i forsvaret. Fleire til å driva alt det fine utstyret vi har. Meir pengar til å trena folka våre.
Den lengste applausen får Erna når ho seier at Norge bør takka ja til ein plass rundt EUs bord. Men ho vil ikkje ha folkeavstemming og EU-debatt nå. Og får uroleg mumling frå landsmøtet tilbake. For er ikkje det passivt, for eit parti som alltid har meint at det beste for Norge er å vera fullt medlem av EU? Skal ein ikkje gripa det alvoret vi står midt oppi, til å få Norge fullt og heilt og raskt inn i EU? Nå?
Erna og fleire andre i Høgre er redde for at ein EU-debatt nå berre ville splitta oss. Senda partia på kantane høgt opp. Når alvor betyr samling i midten, på eit vis. Og i alle fall ikkje ta sjansen på å få eit nei frå folket, og senda EU-debatten inn i ein mørk krok for veldig mange år. Erna vil ha fleirtal for EU, før folkeavstemming.
Alvoret
«Europas tid er nå», seier Erna igjen. Og snakkar opp heile Europa, vi er 500 millionar, vi er blant dei tre største økonomiane i verda. Erna – altså Høgre – vil opna opp mot resten av Europa endå meir. Og bidra. Ikkje berre spørja kva Europa kan gjera for oss, men kva vi kan gjera for Europa.
Det var det første temaet i talen, det viktigaste, det mest alvorlege. Der alvoret og styrken og den klare innstillinga om å bruka nok ressursar vakte begeistring. Men det med å halda igjen EU-debatten? Det skapte uro i salen.
Nesten like viktig
Skatten! Økonomien! Formuesskatten! Gründerane! I dagane før landsmøtet har Høgre snubla rundt i eit forsøk på å forklara at viss vi fjernar formuesskatten får vi meir pengar til forsvar. Den er litt lei. For det første som skjer når ein kuttar ein skatt, er unekteleg at det kjem mindre pengar inn til staten. Som jo treng pengar til forsvaret. Det er ein litt lenger veg, det der, om mindre skatt til næringslivet gir meir pengar til staten og i neste omgang til alt som kjem oss alle til gode. Omstridd er den også.
Men det går fint an å stå for at formuesskatt bør bort, likevel. Det går fint an å stå for at den gjer oppstartslivet for grundarane og heile livet for små og mellomstore bedrifter så vanskeleg at det svekker krafta deira. Og gir utanlandske konkurrentar altfor stort fortrinn. Og det går for så vidt an å meina at dette er så viktig at det får heller vera om det også fører til at ein del svært rike næringslivsfolk blir endå rikare. Eller at det er så viktig at vi får tola at det kan gi større forskjellar mellom oss. Erna haldt seg til det med grundarane. Og at eit sterkt næringsliv er viktig for at landet skal ha ein sterk økonomi.
Det andre
At pasientar skal få rett behandling til rett tid, og kunna velja sjølv. At ikkje systema våre, som Nav, er så stivbeinte at det siste ikkje går. Ventelister og sånt, har dei fått ned før i Høgre, det skal dei få til igjen, med å køyra opp stykkprisen sjukehusa får per opererte pasient. At det vel fører til mindre pengar til andre behandlingar, blei ikkje nemnt.
Dei har brukt copy-paste på oppskrifta dei hadde for mange år sidan. I mellomtida har alle andre begynt å bekymra seg for folka i helsejobbane – at vi går tomme for folk før vi går tomme for pengar. Korleis skal ein løysa det, til både å gi eit nødvendig mangfald i tilbod, og eit nødvendig høgt nivå i sjukehusa?
Skulen? «Jeg garanterer at Høyre aldri vil prøve å løse problemene i skolen ved å fire på kravene» seier Erna. Og då blir det nok sånn. Nye lærarar skal rustast for mangfald, få meir tid til å vera lærar, få betre rettleiing som nyutdanna, fleire vegar til spesialisering etterpå. Og få møta proffe skuleeigarar.
Det høyrest også nokså likt ut som det gjorde før. Sjølv om eg ikkje trur skulen ser så lik ut.
Held det?
Det viktigaste Erna Solberg gjorde i landsmøtetalen, var å løfta fram Europa. Snakka med overtyding om at Europas tid er nå. At vi ikkje ligg nede for teljing. At det finst løysingar. For det er alvor nå. Og det får meg til å meina dette utan blygsel: Det er viktig for oss alle at dei to styringspartia våre, Ap og Høgre, samlar sine eigne til alvorleg innsats.
Men kor mange fleire Høgre samlar fram mot valet? Usikker. For det ER også mange gamle løysingar her. Det kan ein velja å tru betyr at dei er langsiktige og stødige. Eller at dei ikkje har tatt seg bryet med å følgja skikkeleg med dei siste fire åra.
Publisert:
Publisert: 20. mars 2025 16:02