Erlend er redd for å skrive ei for bra oppgåve

2 hours ago 4



– Kunstig intelligens har ein tendens til å skrive veldig formelt.

Havbruksstudent ved Nord universitet, Erlend Edvardsen (22), er ein av fleire studentar som har fått kjenne på ei ekkel kjensle.

Han bruker KI som hjelp til tekstskriving eller for å finne kjelder på nettet, men er redd for å skrive for bra.

– Det skal litt til å skrive like godt som KI. Men vi hentar jo ofte kjelder frå internett der forskarar skriv veldig formelt, og da kan det fort sjå ut som at ein har brukt KI, seier Edvardsen.

  • Student Erlend Edvardsen på biblioteket på Nord universitet

    Erlend Edvardsen

    • Studerer havbruk og leiing ved Nord universitet

Veksande uro

– Eg bruker kunstig intelligens for å få betre forståing av fagstoffet når eg les til eksamen, eller når eg ikkje finn det eg leitar etter ved eit Google-søk, seier Julie Ringberg.

Ho studerer medisin ved UiT Noregs arktiske universitet. Medisinstudenten deler bekymringa for å levere ei for bra skriven oppgåve.

– Om eg skulle skrive ei oppgåve, trur eg faktisk at eg ville vore redd for å skrive for bra, eller på ein måte som minner om KI, fortel ho.

  • Julie Ringberg studerer medisin ved UiT

    Julie Ringberg

    • Studerer medisin ved UiT Noregs arktiske universitet

Ifølge Khrono blei det i 2025 behandla 579 fuskesaker ved statlege universitet og høgskolar i Noreg.

I omtrent halvparten av sakene var det mistanke om urettmessig bruk av KI.

– Skal vere forsiktige

Ved Nord universitet er tala tydelege. Av 35 fuskesaker i fjor, var 22 knytt til bruk av KI.

Fungerande rektor Levi Gårseth-Nesbakk innrømmer at det er ei stor utfordring å skilje ein genuint flink student frå ein som har generert heile oppgåva med kunstig intelligens.

– Per i dag har ein ikkje god nok teknologi for det. Vi skal vere forsiktige så vi ikkje skuldar studentar på feilaktig grunnlag, seier Gårseth-Nesbakk.

Mann med lilla skjorte og dressjakke

Levi Gårseth-Nesbakk, fungerande rektor ved Nord universitet.

Foto: Melissa Ipek Frantzen / NRK

Gårseth-Nesbakk forklarer at studentar som faktisk blir felte for KI-bruk, som regel blir tekne fordi maskina har dikta opp falske kjelder som ikkje eksisterer. Ikkje på grunn av språket i seg sjølv.

Likevel gjer usikkerheita rundt kunstig intelligens at universitetet nå vurderer å droppe tradisjonelle heimeeksamenar som einaste vurderingsform.

– Løysinga kan bli meir munnleg utspørjing, slik at ein får sett kandidatane litt nærare i korta, seier rektoren.

Nord universitet

Nord universitet understrekar kor viktig det er å ikkje ha heimeeksamen som einaste vurderingsform. Løysinga kan bli meir munnleg utspørjing, slik at ein får sett kandidatane litt nærare i korta.

Foto: Melissa Ipek Frantzen / NRK

Legg inn bevisste skrivefeil

Mistilliten har likevel gått så langt at studentar NRK har vore i kontakt med, fortel at dei bevisst legg inn skrivefeil i tekstane sine for å verke meir «menneskelege».

Seniorrådgivar Kasper Bredal Rasmussen ved PLUS kjenner igjen denne frykta frå internasjonale undersøkingar.

Likevel meiner han studentane kan senke skuldrene når det gjeld rettskriving.

Ei perfekt skriven oppgåve fører ikkje til KI-mistanke i seg sjølv.

– Retningslinjene våre krev ikkje at du skal legge inn skrivefeil, sidan språkverktøy er tillatne, seier Rasmussen.

Mann med litt skjegg. Har på seg skjorte og en v-genser

Kaspar Bredahl Rasmussen meiner at universitetet har eit ansvar for å hjelpe studentane med å bruke KI på ein fornuftig måte.

Foto: Melissa Ipek Frantzen / NRK

I motsetning til medstudentane er ikkje havbruksstudent Nils Lino redd for å bli KI-stempla – av ei heilt spesiell årsak.

– I motsetning til andre er ikkje eg redd for at språket mitt ser ut som ein robot. Eg har dysleksi, så akkurat det har ikkje vore noko problem for min del. Du ser veldig fort skrivefeila mine, smiler han.

  • Nils Lino studerer havbruk ved Nord universitet. Han smiler til kamera og viser tommel opp.

    Nils Lino

    • Studerer havbruk og leiing ved Nord universitet

At frykta for det formelle språket er reell, blir likevel bekrefta av andre studentar NRK har vore i kontakt med.

Éin student fortel at det akademiske språket slo direkte ut på karakteren:

«Eg fekk kommentarar på at omsettingane mine av omgrep frå engelsk til norsk var typiske KI-omsettingar. Dermed trekte det ned i vurderinga. Eg hadde gjort alt sjølv, og ikkje brukt KI i det heile».

Har du blitt frustrert over kunstig intelligens?👩🏻‍💻👩🏻‍💻👩🏻‍💻

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

– Du lurer berre deg sjølv

Rasmussen meiner debatten bør handle mindre om overvaking, og meir om korleis studentane kan bruke teknologien strategisk som ein sparringpartnar.

– Be den heller om å kritisere ditt eige perspektiv, få andre perspektiv på det du sjølv skriv. Slik kan den faktisk bidra til å utvikle kritisk tenking.

Han kjem samtidig med ei oppfordring til dei som bruker kunstig intelligens om å bruke det til å gå djupare i materien, opne opp artiklar og til å opne opp andre perspektiv.

– På den måten kan du faktisk få veldig mykje ut av det, men ikkje la han gjere all jobben for deg. Det går til sjuande og sist ut over di eiga læring.

Bibliotek Nord universitet

Mange av studentane vi spurde på biblioteket ved Nord universitet ønskte ikkje å snakke med oss om kunstig intelligens.

Fotografi: Per-Magne Steen / NRK

Publisert 31.05.2026, kl. 10.47

Read Entire Article