Er Stavanger verkeleg ein dårlegare studentby enn Bergen og Trondheim?

2 hours ago 2



DEBATT: Kvifor valde du å studera i Stavanger? Det er eit spørsmål mange av oss studentar får, men merkeleg nok blir det sjeldnare stilt til dei som drar til Trondheim. Kvifor er det slik? Er Stavanger verkeleg ein dårlegare studentby enn Bergen og Trondheim? Røpealarm: Nei!

Alle har eit ansvar for å gjere Stavanger til ein attraktiv stad å studere og bli verande. Det krev òg politisk vilje. Foto: Kristian Jacobsen
  • Knut Solvig

    Studentleiar i Stavanger

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Universitetet i Stavanger (UiS) er ungt samanlikna med dei eldste universiteta i landet, men byen har mykje å by på. Me har nærleik til natur, eit variert kulturliv, solid uteliv og ikkje minst to flotte campusar. Ullandhaug og Bjergsted har moderne fasilitetar som legg til rette for utvikling, samarbeid og skaparkraft. Men for at dette skal merkast for studentane, treng me eit tydeleg signal frå kommunen om at studentane faktisk er ein prioritert del av byen.

Kva gjer kommunen?

I Handlings- og økonomiplanen (HØP) som kommunen la fram i haust, er studentane nesten fråverande. Ordet student er nemnt berre sju gonger, og berre eitt av desse viser til noko som liknar ei satsing. Til samanlikning nemner Kristiansand «student» heile 37 gonger i sin plan, og dei har til og med ein «Universitetsbystrategi». Ein av ti innbyggarar i Stavanger er studentar, då må ein forventa meir enn nokre få ord!

Når det gjeld studenthelse, endar SiS opp med å gjere mykje av arbeidet kommunen eigentleg skal ta seg av. Dei driv ikkje berre med førebygging slik dei ønskjer, men må òg stå for behandling. Endå meir oppsiktsvekkjande er det at samskipnaden – som gjer ein heilt avgjerande innsats for studentane våre – ikkje er nemnt ein einaste gong i HØP-ein.

Ansvar kan likevel ikkje plasserast berre i rådhuset. Næringslivet i Stavanger må òg på bana. Studentar ønskjer meir arbeidslivsrelevans og fleire moglegheiter til praksis. Regionen har eit sterkt og mangfaldig næringsliv, og det burde vere sjølvsagt at bedriftene bidreg. Kvifor tilbyr ikkje langt fleire verksemder praksisplassar? Studentar er rimeleg arbeidskraft og kan bli framtidige tilsette. Bedriftene får samtidig tettare og meir verdifull kontakt med fagmiljøa ved UiS. Dette er reint vinn-vinn.

Eit felles ansvar for byen

Så kva gjer me? Held me fram med å snakke oss ned fordi Bergen og Trondheim har bygd opp sterke studentidentitetar? Eller løfter me fram byen vår og satsar? Me kjem ingen veg med å snakke ned vår eigen studentby.

Alle har eit ansvar for å gjere Stavanger til ein attraktiv stad å studere og bli verande. Det krev òg politisk vilje. Studentane er meir enn folk som lagar liv i helgene. Dei jobbar deltid, bruker pengar i byen og bidreg med kompetanse regionen treng. Me må slutte å setje dei bakarst i køen og heller sjå dei som ei langsiktig investering.

Kristiansand har ikkje berre fleire soltimar – dei har forstått kva studentane betyr for byen. No er det på tide at Stavanger gjer det same. Start ei systematisk kartlegging saman med utdanningsinstitusjonane, studentsamskipnaden, fylkeskommunen, næringslivet og studentane for å finne ut kva som skal til for at dei kjem hit, trivst her og blir verande.

Sjå til Kristiansand – der skin ikkje berre sola, men studentane òg.

Publisert:

Publisert: 20. november 2025 20:18

Read Entire Article