Er skirenn viktigare enn villrein?

1 week ago 12



Videoane frå Hovden Tour 21. mars viser noko ingen ansvarlege politikarar burde akseptere: villrein i openberr panikk under eit skirenn.

Skiløpere foran, reinsdyr bak. Dyrene løp rundt i ring mens Hovden Tour-deltakerne passerte. Foto: Statens naturoppsyn

Nokre er likevel uforståande til at dette skapar reaksjonar. Ordførar Hans Blattmann i Bykle kommune meiner reaksjonane har teke «heilt av». Han meiner at «folk ville gått der uansett» og at det difor ikkje er grunnlag for kritikk.

Arrogant og likegyldig haldning

Det argumentet held ikkje mål. Å likestille tilfeldig ferdsel med eit organisert skirenn med nær tusen deltakarar, er å bagatellisere både omfanget, belastninga og ansvaret. Det vitnar om ei arrogant og likegyldig haldning til villreinen og det ansvaret kommunen og arrangøren faktisk har.

– De hadde ingen mulighet til å komme seg vekk

Eg sit sjølv i verneområdestyret som gjekk for at skirennet kunne gå av stabelen i dette området i år, sidan det ikkje var nok snø på Austheia. Føresetnad var sjølvsagt at det ikkje var dyr i nærleiken. Videoane frå rennet er dokumentasjon på at dei ansvarlege ikkje har undersøkt dette godt nok.

Det er trist å sjå videoane som viser villrein som er tydeleg stressa. Dei spring i ring. Att og fram. Sperra inne mellom løypeband, skiløparar og tilskodarar. Når ordføraren hevdar at «dei som kjenner villrein godt» ikkje ser dette som eit problem, er det ikkje berre feil – det er skremmande kunnskapslaust.

Alvorlege konsekvensar

For oss som har vakse opp med villrein, er ikkje dette «ein bagatell». Det er dyr i panikk. Og det er alvorleg no når simlene er drektige og sårbare. Ein kan ikkje snakke seg bort frå aktivitet og ferdsel i eit sårbart villreinområde, det kan gje alvorlege konsekvensar.

Villreinen er pressa frå alle kantar. Frå turisme, hyttebygging, kraftutbygging og stadig meir ferdsel. Situasjonen for villreinen har gradvis vorte verre. I dag er sjølve eksistensgrunnlaget truga. Den samla belastninga av ferdsel og inngrep har vorte for stor.

Har hyret inn villreinekspert: – Frykter drastiske tiltak

Forplikta oss gjennom Bernkonvensjonen

Me har forplikta oss til å ta vare på Europas sørlegaste villreinstamme, men har feila. No må me sette inn tiltak som gjev effekt. Utbygging og inngrep som er gjennomført kan me ikkje reversere. Men me kan redusere aktiviteten. Lokalbefolkninga og grunneigaranes rettmessige bruk av heieområda utgjer berre 3 prosent av belastninga. Det er alt det andre som er hovudproblemet.

Det første me må gjere er å kutte aktivitet som ikkje er nødvendig. Skirenn i villreinområde bør vere øvst på lista. Slike arrangement kan gjennomførast andre stader. Samstundes må ein sjå på justering av løyper, stenging av hytter og betre kanalisering av turiststraumen til område som toler det.

Ikkje populært

Populært blir det truleg ikkje. Men som politikarar kan me ikkje late vere å sette inn tiltak. Det handlar ikkje om å vere for eller imot friluftsliv eller næringsliv – det handlar om å teke ansvar. For villreinen kan ikkje alltid vere den som må vike.

Read Entire Article