Er pårørande ein gjeng kravstore og late sytarar, med altfor høge krav til eldreomsorga?

1 month ago 64



KOMMENTAR: Er norske pårørande ein gjeng kravstore og late sytarar, med altfor høge krav til eldreomsorga?

Det krevst ein landsby for å oppdra eit barn, seiest det. Kanskje det også vil krevja ein landsby for å driva ein sjukeheim? Foto: Heidi Hjorteland Wigestrand
  • Heidi Hjorteland Wigestrand

Publisert: Publisert:

For mindre enn 30 minutter siden

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Svaret er truleg både ja og nei. Du har oppofrande pårørande, og pårørande som ikkje legg to pinnar i kryss, og så alle dei einslege barnlause, utan opplagde pårørande ein kan spørja om hjelp. Og juridisk sett har pårørande inga plikt til å delta, det heile er basert på godvilje og kjærleik.

Pårørande kan uansett alt no starta med å seinka forventningane. I framtida skal du ikkje spørja kva sjukeheimen kan gjera for dine gamle, men kva du kan gjera for sjukeheimen.

For det blir ikkje betre enn det er no, det blir litt mindre godt, men truleg likevel mykje betre enn det var for 200 år sidan. Det krevst ein landsby for å oppdra eit barn, seiest det. Kanskje det også vil krevja ein landsby for å driva ein sjukeheim?

Å ha hatt ein velferdsstat som kunne demt opp for all einsemd, ville ikkje vore godt for det medmenneskelege i oss.

Folk på sjukeheim er ofte veldig sjuke. På institusjon er dei ute av syne og ute av sinn, og for utanforståande er det lett å tru at velferdsstaten er som ei stor dyne som dekker alle behov. Men døgnet har veldig mange timar. Livet kjem med lause endar som nokon må knytta.

Finst det pårørande om kan tenkja seg å droppa sommarens utanlandstur og heller kosa for dei gamle på sjukeheimen? Forventningar og krav, gjerne litt mellom linjene, går ikkje alltid i hop mellom hjelpeapparat og pårørande. Sjølv om det er ei kjensgjerning at svært mange pårørande gjer ein formidabel innsats, så er behovet alltid større.

Me må også alltid ha i mente at misnøya automatisk aukar når forventningane stig. Oldemor blei kanskje kjempeglad for eit par gåver til jul, mens oldebarnet sovnar utmatta og gledelaust over gåvehaugen.

Sjukeheim og hotell har vore debattert. Ein heim og eit hotell er to heilt ulike ting. Ein heim er varm og personleg. Eit hotell er gjerne komfortabelt, men upersonleg. Få ønsker å bu lenge på hotell. Våre gamle fortener å ha det godt når dei blir gamle. Men kva er godt, og kva er godt nok?

Eg bur i ein rik kommune med god eldreomsorg, men sjølv ikkje i dei rikaste kommunane i Norge kan brukarane eller dei pårørande, venta merksemd og omsorg kvart minutt av døgnet.

Pårørande er potetene

Pårørande har i den siste tids debatt blitt skildra som krydderet, sjølv om dei i mange kommunar nok meir er som brødblingsar og poteter å rekna, for ingen stader går eldreomsorg i hop utan pårørande, eller frivillige.

For dei utslitne pårørande er sjukeheimen ei redning når dei er for utmatta til å ta hand om sin sjuke og gamle. Slitne pårørande kan ikkje vera korkje hovudrett, dessert eller krydder i eldreomsorga, men kan fort bli oppfatta som kravstore sytepavar av dei tilsette. I ein situasjon der alle partar er slitne, er det fort å hamna i ein vond sirkel, der korkje pårørande eller dei tilsette, maktar å sjå perspektiva til motparten.

Pårørande er ein viktig ressurs, ifølge styresmaktene. Likevel var ikkje ordet pårørande nemnt med eit ord i revidert nasjonalbudsjett.

Pårørendesenteret har i årevis åtvara om at pårørande vil få endå meir å gjera i framtida. Skal dette gå må pårørande passast godt på, slik at dei har krefter til alle desse nye oppgåvene. Dette vil også krevja fleksibilitet hjå arbeidsgivarar, fordi mange vil måtta stikka frå jobb for å trø til som pårørande.

Mykje handlar om kultur og kommunikasjon. Når ein person skal inn på sjukeheim, er det nyttig å ha eit møte med pårørande, slik at partane blir samde om kva forventningar ein skal ha til kvarandre.

Ein god sirkel

Ein sjukeheim som involverer pårørande på ein positiv måte, opplever ofte at pårørande blir motiverte til å gjera det vesle ekstra.

Gjennom eit år oppstår mange situasjonar som krev ei hand utanfor sjukeheimen. Namnelappar skal strykast inn i skjortekragar, truser skal merkast med tusj på vaskelappen, og lommeplagg kjøpast inn.

Kven skal følga ugifte Magda, som har demens, i drosjen til spesialisthelsetenesta? Kven skal sitja ved ein døyande si seng, når pårørande er fråverande eller har kollapsa av utmatting?

I Suldal har ein gjeng spreke pensjonistar meldt seg til teneste. Frivillige hender kallar dei seg. Dei kan hjelpa til som følgeteneste og sitja med døyande. Og frivillige besøksvenner er gull verdt for sjukeheims-bebuarar med eit hav av tid, og i dei stille heimane der brukarane tel timar til neste gløtt av eit menneske.

Å ha hatt ein velferdsstat som kunne demt opp for all einsemd, ville ikkje vore godt for det medmenneskelege i oss. Å sleppa å bry seg gir eit iskaldt samfunn. Men å kjenna at ein er saman om ein omsorgs-dugnad, er endå betre.

Mette av livet

Ein (sjuke) heim er ein stad der folk får besøk utanfrå. Dersom heile lokalsamfunnet såg det som si oppgåve å fylla sjukeheimslivet med innhald, ville trivselen truleg gått fleire knepp opp, både blant pårørande og bebuarar. Det veit dei som har sett eldre folk få besøk av babysong-grupper, hundar eller barnekor på 17- mai.

Samstundes må ein i iveren etter å innfri stadig aukande forventningar blant pårørande, heller ikkje gløyma at mange på ein sjukeheim, er slitne av livet. Dei ønsker ikkje å bli trilla av garde på alskens ablegøyer, for somme er det nok å ha eit glas saft å nippa til, medan dei døser seg gjennom alle minna etter eit langt liv. Hugs at dei fleste som bur på sjukeheim i dag, ikkje har smarttelefon-avhengige hjernar, og fint kan sitja og sjå ut i lufta, utan at det skjer noko spesielt.

Og når sjukdom og alder bit på nye generasjonar, er det kanskje ikkje cava, sushi eller mobilen me spør om, heller eit mildt smil og ei god pute til den vonde nakken.

Publisert:

Publisert: 23. mai 2025 08:05

Read Entire Article