Er du lei av Viking? Dette er til dei som ikkje kjende hjarta sprenga 30. november klokka 18.49!

1 day ago 2



GJESTEKOMMENTAR: Det som har skjedd i Stavanger denne hausten, er det næraste me kjem til å koma jolas bodskap.

Det Viking gav oss denne hausten, det som kulminerte i storming av Lyse Arena og utagerande festing i heile Stavanger, var ein by som kjende på noko av det største me kan oppleva som menneske, skriv Aslak Sira Myhre. Foto: Jarle Aasland
  • Aslak Sira Myhre

Publisert: Publisert:

For mindre enn 40 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Eg er ganske sikker på at det er nokre, ja kanskje ein heil del, som begynner å verta lei av å høyra om Viking. Ja, det kan tenkast at den halvdelen av Stavanger sine gåande innbyggarar som ikkje hoppa for dei mørkeblå for to veker sidan, er så leie at dei i skjul snakkar om det meiningslause i at to og tjue menn i korte bukser spring etter ein ball. Dei om det.

Eller, nei, det er ikkje sant. No har eg skrive om Viking i to månadar, når eg gjer det igjen no, er det for å seia noko til dei som ikkje kjende hjarta sprenge klokka 18.49 søndag den 30. november.

Viking er limet som bind oss saman.

Me lever i ei tid kor limet som held oss saman, losnar. Sosial ulikskap, sosiale medium, samanbrotet i verdsordenen, kulturkamp, miljøøydeleggingar og krig. Alt dette og meir til skapar ei verd kor det er stadig færre av medmenneska våre me har lyst til å klemma. I alle fall kjennest det slik.

Søndag 30. november klokka 18.49 klemma nesten heile byen kvarandre.

Sjølv sto eg ved sidan av Bent Høie. Me klemma ikkje berre, me skreik, heldt kring kvarandre og laga gledelydar ingen kunne klara å få meining ut av. Det skulle me visst då me møttest i skulevalet på nittitalet, Bent og eg. Eg møtte Karl Sandvig og, han som var i Frp og no er i Pensjonistpartiet, me har sjeldan vore einige om noko, han vart litt overraska då eg tok armane rundt han, trur eg, men han klemde attende med all makt han også.

Resten av dagen, kvelden og natta gjorde eg det same med alle som kom i nærleiken av meg. Klemde, skrytte og dansa. Og eg var ikkje åleine, det var eit Stavanger sentrum fullt av folk i same lynne, i ein fellesskap det er tiår, mange tiår, sidan eg har opplevd maken til.

Klemminga held fram på flyplassen

På flyplassen på Sola dagen etter hadde det heller ikkje teke slutt. Folk delte to ting, lite søvn og stor glede. Omfamningar i sikkerheitskontrollen, i køen til boarding og i midtgangen på flyet. Det var som det var ein vennegjeng på veg heim frå Gran Canaria, ikkje framande folk på veg til arbeid i Oslo.

Gudane veit kor mange ekstra ungar med stavangerdialekt som vert fødde i månadsskiftet august/september i 2026, men meir enn ein av dei kjem til å verta døypt Zlatko, det er heilt sikkert.

Og desse tinga, denne ekstraordinære opplevinga, er det som gjer at me har rett når me seier at fotball er meir enn eit spel, meir enn ein leik med ein ball. For det kjem ikkje berre ungar ut av dette, det vert ein merkestein i liva til fleire generasjonar siddisar og rogalendingar. Det kjem til å vera det folk snakkar om når dei møtast på klassegjenforeiningar, når dei høyrer stavangedialekt over baren på ein pub i London, og som dei fortel dei ufødde ungane sine om når dei tek dei med på stadion om nokre tiår.

Det handlar sjølvsagt ikkje om klemmane. Det handlar om det dei representerer. Det Viking gav oss denne hausten, det som kulminerte i storming av Lyse Arena og utagerande festing i heile Stavanger, var ein by som kjende på noko av det største me kan oppleva som menneske. Det å henga saman med andre, det å vera ein del av noko større, det å oppleva at ein er ein del av ein fellesskap. Og det er dette me treng meir enn noko dei neste åra, noko som bind oss saman.

Ein viktig leik

Det er store rørsler i historia som har klart å skapa denne kjensla blant folk. Nasjonar, religionar og sosiale rørsler som bonde- og arbeidarrørsla er blant dei som har laga ei plattform som samfunnet vårt bygger på. På denne plattforma bygger ein sivilisasjonar, ein lagar skular, fattigomsorg og helsevesen, kunst og kultur, demokrati og domstolar, ein bygger vegar og lagar lovar, alt med utgangspunkt i at det er mogleg å gjera noko betre for alle om ein gjer det i fellesskap, heller enn åleine. Då eg var yngre tenkte eg at det var heilt avgjerande kvifor ein av desse plattformene ein var tilhengar av. No ser eg det annleis. Alle desse rørslene, også dei er dundrande ueinige med, har skapt sterke fellesskap som me bygger på den dag i dag. Dei har kvar på sitt vis vore med og limt oss saman. Og det er her Viking kjem inn.

Fotball er ikkje ein ideologi, og idretten er ikkje like viktig som krig og fred. Om du strippar det heilt ned, så har dei jo rett dei som seier at det er to og tjue menneske i korte bukser som spring etter ein ball dei nesten aldri klarar å gjere det dei vil med. Altså få han i målet til dei andre. Men så har det seg slik, at akkurat denne leiken samlar fleire folk i verda til felles sorg og glede enn nokon religion eller nasjon klarer.

Ingen parti greier dette

Og Viking samlar altså fleire folk i Stavanger enn noko politisk parti klarer. Det er denne samlinga som er sjølve verdien til fotballen, til Viking og til den etterlengta augeblinken søndag 30. november 2025 klokka 18.49. Det var ein eufori, ei glede langt utafor skalaen, men fyrst og fremst så var det noko me opplevde i saman. Stavanger sto saman. I fellesskap, på tvers av alder, på tvers av inntekt, politikk, religion og alt det andre som skil oss til vanleg. Viking gav ein by, ja store deler av ein region høvet til å kjenna på kor godt det er å vera saman med andre, ikkje leita etter kva som skil oss, men kjenna at me eigentleg berre vil kvarandre vel.

Den følelsen, den opplevinga, den er verdt langt meir enn eit seriemeisterskap. Langt meir enn fotball. Fordi ho er noko me kan byggja på i ei tid kor alt som skil oss, vert for stort. Viking minna oss på kor godt fellesskap kan vera. Det er julas bodskap i Stavanger 2025.

Publisert:

Publisert: 13. desember 2025 09:02

Read Entire Article