Er det verkeleg tettast mogleg busetting som er framtida?

3 days ago 7



For eit par veker sida deltok eg på Nasjonal Masterklasse på NMBU.

Arkivbilde om befolkningstetthet fra Hånes. Foto: Torstein Øen / Nica

Eit tre dagars seminar for masterstudentar frå heile Noreg spekka med samfunnsplanlegging kor transformasjon i by og stadutvikling var hovudtema på programmet. Seminaret innehaldt blant anna ein ekskursjon til Ulven og Construction City i Oslo.

Etter å ha vært på ekskursjon i Oslo klarer eg ikkje å legge vekk minne frå det spesifikke området i bydelen Ulven som umiddelbart fekk meg til å gruble.

Dette området eg har i tankane ga meg assosiasjonar til panoptikon fengselsmodellen designet av Jeremy Bentham. Eit panoptikon fengsel er konstruert på ein måte slik at fengselsdirektøren kan sjå alt som førgår frå eit spesifikt punkt i fengselet.

Se for deg ein bygning, sylinderforma, akkurat som eit fyrtårn, stort og breidd. Med gjerdar rundt. Denne bygningen var ein barnehage omkransa av blokker, tett i tett. Alle balkongane vendte mot barnehagen. Blokkene danna ein ring kring barnehagen. Unnskyld meg, men kor blir det av privatlivet når bebuarane skal sole seg eller grille kotelettar på balkongen?

Eit steinkast unna ligg Construction City. Det som gjorde denne bygningen så spesiell og unik var formålet med bruk av bygninga og kven som var målgruppa. Bygningen var ikkje berre ein kontorplass for børsnoterte bedrifter, men nabolaget stod fritt fram til å nytte anten restaurant eller fellesområde til ulike arrangement.

Med andre ord klarte denne bygningen å skape rom for fellesskap og forankre ein lokal samlingsplass for bebuarar og arbeidande i bydelen Ulven. Med eit slikt konsept som Construction City kan det bidra til at fleire bebuarar blir kjend med naboen sin. Å kjenne naboen sin er ikkje dumt det, myndigheitene tilrår jo faktisk å skaffe seg ein beredskapsvenn.

Uansett, eg trur og håpar at slike konsept som Construction City del av framtida i storbyane. Einsemd er eit aukande problem i Noreg og slike konsept kan vere ein del av løysinga for å motvirke dette.

Likevel klarar eg ikkje å juble over denne aukande tettleiken som dominerer storbyane. Kva er det eigentleg godt for? Eg trur det er på tide å innsjå at til og med ein storby som Oslo har ein tolegrense på kor mange menneskjer det er plass til.

«It’s all about density» seier den sveitsiske professoren når femten studentar med ryggsekk stuer seg inn i heisen på veg opp til tiande etasje. Det ligger ein alvorleg undertone i professorens spøk. Er det verkeleg tettast mogleg busetting som er framtida?

Read Entire Article