DEBATT: Ikkje ta frå kraftkommunar retten til å la datasenter få bruka konsesjonskrafta.
Harald Halvorsen Løland
Gruppeleiar i fylkestingsgruppa i Rogaland Senterparti
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
Norge treng digital infrastruktur. Datasenter er avgjerande for eit fungerande samfunn i 2026 – BankID, Helsenorge, flybillettar og Facebook. Å etablera datasenter der krafta blir produsert, har fleire fordelar, blant anna mindre behov for nye kraftlinjer og mindre effekttap.
Me skal ha vår del
Men når store datasenter blir etablerte i kraftproduserande kommunar, må vi halde fast ved eit grunnleggjande prinsipp: Dei som stiller naturressursane til disposisjon, må også få ein rettmessig del av verdiskapinga.
Difor reagerer eg sterkt på at Energidepartementet i pressemelding 6. mai 2026 omgjorde praksisen for konsesjonskraftordninga – og slo fast at datasenter ikkje lenger skal reknast som «alminneleg forsyning». Dette skjedde utan førehandsvarsel og utan høyring. For kraftkommunane betyr det i praksis at ein blir fråteken ein viktig del av dei lovfesta konsesjonskraftrettane. Paradoksalt nok kom informasjonen same dag som Energiministeren var i Suldal og drøfta kraftutbygging og lokal aksept, dessutan utan å nemne endringa.
Urimeleg omfordeling
Konsesjonskraftordninga er ikkje ei gåve. Ho er ein del av samfunnskontrakten rundt vasskrafta: Kommunar som har avstått natur og areal til kraftutbygging, har rett til inntil 10 prosent av krafta til sjølvkost – knytt til behovet for alminneleg forsyning. Dersom kommunen ikkje brukar heile ramma, går resterande overskot til fylkeskommunen. Men fylket si rett er subsidiær – ho skal vike når kommunen sitt forbruk aukar.
I 2018 slo departementet fast at store datasenter fell inn under definisjonen av alminneleg forsyning, fordi dette er tenesteytande næring. Mange kommunar har innretta seg etter dette. Dei har brukt tid og ressursar på arealplanlegging, dialog med etablerarar og lokal tilrettelegging – i tillit til gjeldande rett og praksis.
Når departementet no snur, er det ikkje berre eit teknisk grep. Det er ei omfordeling – frå vertskommunen til fylkeskommunen – og det skjer i distriktskommunane sin disfavør.
Kommunane før fylket
Eg er fylkespolitikar – men her må kommunane kome først
Eg seier dette sjølv om eg er fylkespolitikar: Når eit datasenter blir etablert i ein kraftproduserande kommune, skal det først og fremst kome vertskommunen til gode.
Det er kommunen som tek naturinngrepa, arealpresset, trafikken, beredskapsoppgåvene og dei lokale konsekvensane. Det er kommunen som må stå i debatten om kraftprioritering, og som må leve med reaksjonane når folk opplever at krafta «forsvinn ut» utan at lokalsamfunnet sit att med noko særleg.
Fylkeskommunen har viktige roller – vidaregåande opplæring, samferdsel, regional utvikling – men konsesjonskraftordninga er bygd på eit vertskommuneprinsipp. Når kommunen sitt forbruk aukar, skal kommunen sin rett gjelde. Punktum.
Kva bør skje no?
Eg meiner departementet må:
- Ikkje gjennomfør varsla endring: Datasenter må reknast som alminneleg forsyning i konsesjonskraftordninga.
- Sikre føreseielegheit: Endringar som rører ved lovfesta rettar, må alltid ut på høyring og konsekvensutgreiast.
- Styrke vertskommunen sin del av verdiskapinga: Skal vi få ja til meir kraft og meir nett, må lokalsamfunna sitje att med meir – ikkje mindre.
Datasenter er ein del av framtida. Men kraftkommunane kan ikkje vere ein del av framtida berre som leverandør av areal, natur og kraft – medan verdiane blir sentralisert. Skal vi ha legitimitet for både digitalisering og fornybarutbygging, må vi halde fast ved prinsippet om lokal rettar og lokal verdiskaping.
Publisert:
Publisert: 26. mai 2026 15:51

14 hours ago
3





English (US)