På ein fjelltopp i Sula kommune har ein næringsutviklar hatt store planar om å bygge ein gondol for å tiltrekke seg fleire turistar og skape arbeidsplassar. På toppen skulle det vere restaurant og zipline.
Men utbygginga har møtt stor motstand blant dei som vil verne naturen og dei som risikerer å måtte flytte frå husa sine.
Klima- og miljødepartementet sa nei til planane. Det same gjorde Statsforvaltaren og Miljødirektoratet. Dei meiner at miljøkonsekvensane er for store.
Den som avgjer saka er Kommunal- og distriktsdepartementet. No seier dei også nei, melder Sunnmørsposten.
Næringsutviklar Knut Flakk eig butikksenteret Devoldfabrikken i Sula og meiner at ein gondol vil auke lønsemda.
Publisert 24.06.2025, kl. 14.32 Oppdatert 24.06.2025, kl. 14.48