Eline (19) sin hobby utviklar hjernen

4 hours ago 1



– Når eg først set meg ned og syr kan eg sitte i mange timar. Ofte heile natta. Eg klarer rett og slett ikkje å slutte.

Eline Voltersvik Styve jobbar i strikkebutikk og brukar mykje av fritida på handarbeid.

– Det er gøy å kunne lage sine eigne klede og vise fram kva eg lagar.

Ho har lært seg å sy sjølv, men i dag er det få unge som kan å bruke hendene på denne måten.

Det gjer at hjernen til Styve fungerer litt annleis.

  • Brodering

    Brodering krev presisjon. Dermed må både hjerne og fingrar takast i bruk.

    Foto: Heidrun Sunde Stokke / NRK
  • sying

    Eline Voltersvik Styve brukar myke tid ved symaskina. Det kan gi ein førebyggande effekt.

    Foto: heidrun sunde stokke / NRK
  • broderi

    Dette lærte mange på skulen i tidlegare år. Dei som held det i hved kan ha ein fordel, ifølgje hjerneforskinga.

    Foto: Heidrun Sunde Stokke / NRK

Hjernen i dvale

Ole Petter Hjelle har doktorgrad i nevrologi, og seier at det å bruke hendene og kroppen er noko av det viktigaste du gjer for hjernen din.

– Om du driv mykje med handarbeid, så lagar du fleire kontaktpunkt mellom nervecellene som styrer finmotorikken din.

Nervecellene blir ikkje borte om ein ikkje brukar hendene, men det blir færre kontaktpunkt mellom dei.

– Delar av hjernen ligg i dvale. Hjernecellene er der framleis og dei kan vekkast opp, men dei fungerer ikkje optimalt, seier Hjelle.

Barndommen er gullalderen

Hjelle meiner at det er ekstra viktig at barn brukar kroppen til det kroppen er laga for. Då er hjernen i det han kallar «gullalderen».

– Kroppsøving, kunst og handverk og musikk er av dei viktigaste faga. Dei er heilt nødvendige for at hjernen skal utvikle seg normalt.

Jo betre hjernen verkar, jo betre kjem han til å halde seg. Difor er det synd at det har blitt mindre tid til praktiske fag i skulen.

– Alle dei faga som verkeleg bidreg til å stimulere hjernen vår, dei kuttar vi gjerne bort. Det er veldig uheldig, meiner hjerneforskaren.

  • Ragnhild Hukset

    Ferdigheitene sit framleis i fingrane. Ragnhild Hukset lærte handarbeid på skulen, og held det framleis i hevd. Det trur ho hovudet nyt godt av.

    Foto: Heidrun Sunde Stokke / NRK
  • Asbjørg Lotsberg

    Asbjørg Lotsberg synest det er kjekt å brodere saman med andre.

    Foto: Heidrun Sunde Stokke / NRK

– Eg skal ikkje gi meg

På broderiverkstaden til Midtre Sunnfjord husflidslag har seks kvinner samla seg.

Nokre av dei har halde på med handarbeid i over 60 år.

– Eg har ikkje tenkt å gi meg. Eg trur at samspelet mellom hendene og hovudet er sunt, seier Ragnhild Hukset.

Asbjørg Lotsberg lærte fleire typar handarbeid på skulen. Heile livet har hendene vore i arbeid og skapt nye ting.

– Ein kjedar seg aldri når ein held på med handarbeid. Å gjere det saman med andre er ekstra kjekt, seier Lotsberg.

Annakvar veke møtest dei for å brodere. I tillegg driv dei med andre typar handarbeid, som hekling og strikking. Utan at dei tenkjer over det, trener dei hjernen.

Ein person sit på golvet og holder opp et stykke tekstil med volanger. Personen har på seg ein svart- og hvitrandet genser og blå jeans. I bakgrunnen er det ein sofa og oppbevaringskurver. Rommet har ein varm og innbydande atmosfære. (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)

– Det er viktig at vaksne sikrar at generasjonen som veks opp no får lov til å vere kreative i ein kvardag der mykje aktivitet skjer på ein skjerm.

Ingrid Bergtun

sy-influensar

Scrolling gir inspirasjon

– Å trykke på mobilen fører ikkje til noko aktivitet, seier Ragnhild Hukset. Ho synest fleire barn burde lære meir handarbeid.

Eline Voltersvik Styve med populær hekla veske

Hekla vesker har blitt populært blant unge, og Styve opplever at mange kjøper garn fordi dei vil hekle sjølv.

Foto: Heidrun Sunde Stokke / NRK

Sjølv om bruk av sosiale medium ofte vert snakka ned trur Eline Voltersvik Styve, som representant for den yngre generasjonen, at sosiale medium kan vere ei inspirasjonskjelde for mange unge.

– Vi blir inspirerte og ser kva andre held på med på sosiale medium. Det kan føre til at fleire vil prøve ut ulike typar handarbeid.

Publisert 15.01.2026, kl. 21.11

Read Entire Article