– Eg likar tanken på at eg kan kommunisere med elevane der dei er.
Til vanleg er Elin Måge lærar ved Rosenvilde vidaregåande skule i Bærum. På fritida byter ho ut tavla med kamera for å nå elevane på skjermen.
– I eit klasserom med 30 elevar er det fort gjort å ikkje bli sett. Men gjennom videoar på sosiale medium skapar eg som lærar ein nærare relasjon til kvar elev.
Elin Måge underviser i norsk og musikk. Det er fag ho tar med seg inn i videoane ho lagar til sosiale medium.
Foto: Kristine Elise Fjørtoft / NRKEffektiv formidling
Idéen starta med at Elin hadde eit behov for å vere meir effektiv, og fortelje pensum raskare til sine eigne elevar.
Samtidig har ho allereie delt videoar på nett i over ti år.
No har ho over 4000 følgjarar på Facebook, og over 2000 abonnentar på YouTube.
– Eg merka at eg gjentok meg sjølv, særleg som musikklærar.
– Då tenkte eg: Dette er meir effektivt å formidle på video der eg kan redigere, seier Elin.
Elin har fått kallenamnet «nynorskdama» fordi ho deler så mange videoar om nynorsk.
Foto: Kristine Elise Fjørtoft / NRKVegen frå tradisjonell tavleundervisning til digitale flater vart kort, for ho har alltid vore interessert i foto og redigering.
Men dei første forsøka var, ifølgje ho sjølv, ikkje noko å skryte av.
– Dei første videoane var heilt «uffa». Eg sat og las rett av powerpointen min, så utviklinga frå den gongen til i dag er veldig stor.
No klippar ho inn bilete og leikar seg med visuelle effektar på skjermen.
– Det er jo det som er morosamt!
Slik forklarar Elin nynorsk på video. Video: YouTube.
«Bingar» kanalen
Sjølv om Elin lagar videoane primært for sine eigne elevar, har dei fått eit eige liv på Facebook og YouTube.
Ho har blitt kjent att på lokaltoget, og lærarar andre stader i landet brukar videoane hennar i si undervisning.
– Elevane har funne ut at videoane fangar essensen. Eg har til og med opplevd elevar som fortel at dei har «binga» alle videoane mine på ein kveld.
For elevane hjelp det å kunne spole fram og tilbake på videoen.
Foto: Kristine Elise Fjørtoft / NRKElin identifiserer seg likevel ikkje som influensar.
– Eg tenkte eg måtte kalle meg noko, og sidan videoane blir delt på nett, så vart det «skuleinfluensar».
Innhaldet er opent og tilgjengeleg, likevel er kommentarfelta stengde på YouTube. Slik blir det ingen digital kommunikasjon mellom lærar og elev der.
Ho tenar heller ingen pengar på å drive med dette.
Som ein repetisjonsknapp
Elevane sjølv seier det er effektivt å bruke videoar som læringskjelde. Spesielt om ein må repetere innhaldet frå skuletimen.
Frå venstre: Olav Guldvog Christophersen, Abdulsalam Ahmad og Casper Bjørkhaug.
Foto: Kristine Elise Fjørtoft / NRKOlav Guldvog Christophersen
– Eg har dysleksi, då er det lettare å høyre på folk snakke enn å lese på eit ark.
Likevel seier han at ei god blanding av video og bøker er det beste for å lære seg pensum ordentleg.
Abdulsalam Ahmad
– Eg ser mykje på videoar på sosiale medium for å lære meg pensum. Når eg ser ein video er det berre meg og videoen, og slik konsentrerer eg meg betre.
Han seier han hugsar innhaldet betre av å sjå video.
Casper Bjørkhaug
– Eg meiner det har ein positiv effekt å sjå videoar på nett av skulepensum. Der kan ein spole tilbake og sjå det som blir sagt på nytt.
Han seier også at det er ein kjekkare måte å lære ting på.
Bør fleire lærarar gjere som Elin og bruke sosiale medium til undervisning?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Ingen snarveg
Sjølv om videoar kan verke som den perfekte løysinga for elevar som slit, viser ny svensk forsking at det ikkje er ein snarveg.
Forskinga tyder på at det særleg er dei ressurssterke og drivne elevane som hentar ut mest gevinst.
– Vårt inntrykk er at det krevst ein stor grad av sjølvstende frå elevane for å finne dei rette filmane og faktisk ha nytte av dei i skulearbeidet.
Det fortel professor ved Karlstads universitet, Marie Nilsberth. Ho har forska på temaet «Lærarar på sosiale medium».
Marie Nilsberth
Professor ved Karlstads universitet i Sverige. Ho er medverkar i forskingsprosjektet ”Lärare och influencer? Sociala medier som arena för yrkesutövning”, som er eit samarbeid med Gøteborg Universitet.
At læraryrket følgjer etter elevane inn på sosiale medium, er naturleg, meiner Nilsberth. Likevel er det skilnad på å vere ein vanleg influensar og ein lærar-influensar.
– Tillit er heilt sentralt. Det kjenneteiknar dei lærarane som får mange følgjarar. Dei har bygd opp ein relasjon som gjer at elevane stolar på dei.
Nilsberth seier denne tilliten blir som eit varemerke for læraren.
Noko for ein kvar smak
Elin er ikkje redd for at videoar blir ei kvilepute for elevane.
– Den jobben er det kunstig intelligens som har, men det er ein annan diskusjon.
– Ofte seier eg det same i klasserommet som på videoen. Då får elevane bodskapen på to måtar, noko som gjer det lettare å treffe ulike læringsstilar.
Medan Elin blir eldre i verkelegheita, sørgjer videoarkivet for at ho alltid er den same for elevane.
– Slik blir eg evig ung!
– Eg håpar å vere til inspirasjon for andre.
Foto: Kristine Elise Fjørtoft / NRKPå spørsmål om korleis ho får tida til å strekkje til, er ho ærleg:
– Det gjer eg ikkje. Det går rett og slett ikkje opp, seier ho og ler.
Publisert 11.03.2026, kl. 12.01

















English (US)