– Eg fekk ikkje til ting som ein bør få til, da. Som når ein bur for seg sjølv og har ansvar og må betale rekningar og sånt. Det klarte eg ikkje, seier Elea Bock til NRK.
Det norske friidrettstalentet kjente lenge at ho var annleis, men ville ikkje innrømme det overfor seg sjølv.
Ho ville berre vere som dei andre. «Vere normal».
Ho beskriv ei kjensle av skam.
– Eg fekk så mange parkeringsbøter. Eg må i alle fall ha brukt 200.000 kroner på parkeringsbøter sidan eg fekk lappen. Det er heilt sjukt. Alle sånne ting ... Eg berre klarte ikkje det.
– Har du seriøst 200.000 kroner i parkeringsbøter?
– Eg har ikkje talt, men altså. Det hadde ikkje sjokkert meg om det var ein halv million heller. Men det er heilt sjukt – og ikkje bra, svarer ho.
SKAM: Elea Bock følte at ho var annleis enn andre.
Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRKTil slutt blei det for mykje.
– Det er ei grense for kva ein eigentleg toler av småting som ikkje går rett veg. Det er berre flautt, liksom. Kvifor klarer ikkje eg det ein bør klare?
Derfor gjekk til ho psykolog, og da ho opna opp om plagene, fekk ho svaret kjapt:
«Det her verkar som ein ADHD-diagnose».
Beskjeden kom med ein bismak, men redda truleg karrieren til løpstalentet.
– Kjentest klaustrofobisk
Ho fekk ADHD-diagnosen i mai 2024, men ho gjekk eit halvår i førevegen og venta og førebudde seg på å få beskjeden.
– Eg syntest det var kjempekjipt. Det var ikkje noko eg hadde lyst på i det heile. Eg «fekk» det jo ikkje på ein måte. Eg har jo alltid hatt det. Men eg ville ikkje ha det.
– Det kjentest klaustrofobisk, for eg tenkte: Det er kanskje noko eg kan vekse av meg, eller berre fjerne. Men når det er ein diagnose, så er det berre sånn ein er. Og så må du berre gjere det beste ut av det, og det synest eg var ganske kjipt.
I KONKURRANSE OG TRENING: Elea Bock er eit av Noregs største løpetalent.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB / Henrik Myhr Nielsen / NRKHo fekk medisinar og merka fort endring og framgang. Både i det vanlege livet, men også på løpebana.
For Bock er blant Noregs største løpstalent, og når alt rundt låg meir til rette, blei det plutseleg lettare for henne å gjere dei rette vala som utøvar.
Sjølv om det framleis blir nokre parkeringsbøter.
– Alt har på ein måte blitt litt betre. Så eg har på ein måte ikkje endra noko stort, bortsett frå det openberre med ADHD-medisinar og diagnose og sånne ting.
Har meir kontroll
2025 har på mange måtar vore gjennombrotssesongen for den 22 år gamle hekkeløparen frå Hammerfest.
Ho flytta til Oslo for å satse for sju år sidan, men det er først nå det verkeleg har losna for noregsmeisteren.
– Eg persa jo med eit halvt sekund. Og det høyrest jo ikkje så mykje ut når ein seier det slik, men på 100 meter så er det ganske bra. Så det hadde eg ikkje trudd for eitt år sidan, seier Bock.
Personleg rekord på 100 meter hekk med tida 12,97, som gav ho sigeren under det nasjonale stemnet på Bislett Games.
I tillegg til personleg rekord på 60 meter hekk med tida 8,16.
– I toppidrett er det lett å tenke at det handlar om trening, men det er jo å meistre alt i livet. Bruke overskotet der ein bør og ta dei rette vala heile tida, og det er jo kanskje det ein slit mykje med når ein har ADHD – at ein gjer litt impulsive ting, seier Bock.
Treningspartnar Martine Hjørnevik peikar på utfordringa med parkeringsbøter når ho skal beskrive Bock før ho fekk medisinar.
Nå har Hjørnevik merka ei stor endring på venninna.
– Eg trur det har vore bra for henne å vite kva som har vore grunnen til at ting har vore som dei har vore, seier Hjørnevik til NRK.
Også trenar Petar Vukicevic har merka ei endring hos eleven sin.
– Det er lettare å kommunisere med ho. Ho kjem presis. Ho er meir fokusert på å trene og fokusert på det som skal gjerast i staden for uvesentlege ting. Det har ikkje vore tilfellet tidlegare, forklarer Vukicevic til NRK.
SUKSESS: Petar Vukicevic har tidlegare oppnådd gode resultat med dotter Christina Vukicevic. Han har stor tru på gruppa si med talent.
Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRKFår medisinsk fritak
ADHD-medisinen Bock bruker inneheld verkestoff som er forbode å bruke i idretten. Det blir rekna som prestasjonsfremjande og er dermed eit dopingmiddel, ifølge det internasjonale antidopingbyrået WADA.
Men ein idrettsutøvar kan få innvilga «medisinsk fritak», og det gjeld for Bock. Derfor vil ikkje påvising av stoffet medføre sanksjonar og utestenging i samsvar med antidopingreglane til idretten.
– Det er alltid kjipt å møte seg sjølv i døra og vere sånn «sånn er eg». Å få det svart på kvitt. Og så er det nok litt kjipt at medisinar fungerer så bra, seier Bock.
– For det er jo òg ein tanke som kjem: «Klarer eg det fordi eg klarer det, eller klarer eg det fordi eg tar medisin?» Så ein tviler litt på eigne prestasjonar, kanskje, forklarer Bock.
Ho har jobba med seg sjølv og aksepten for at det er slik ho er.
«Du er jo sånn uansett. Så det er jo sikkert mykje betre om du får medisinar», var beskjeden frå psykiateren, ifølge Bock.
– Og det blei det jo. Så eg er veldig glad for at eg gjorde det.
AKSEPT: Elea Bock forklarer at ADHD-medisinar har hjelpt henne mykje. Likevel får det henne til å tvile på seg sjølv.
Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRKNå håpar ho å kvalifisere seg til innandørs-EM i Polen til våren, og så komme seg til utandørs-EM i Birmingham, som ventar i august.
– Om ein ikkje har trua, kvifor skal ein gidde å dra hit og trene kvar dag og prioritere det her? Så eg har trua, smiler ho.
Publisert 15.11.2025, kl. 16.17




















English (US)