Eit forsvar for skulebolle!

2 weeks ago 15



Omtrent dagleg reagerer eg på korleis store influensarar i sosiale media snakkar om mat og kropp.

 PrivatMange er prega av ein svart-kvit tankegang der noko anten er sunt eller usunt, bra eller dårleg, skriv Marianne Clementine Håheim i ROS. Foto: Privat
søndag 8. september kl. 08:15
Marianne Clementine Håheim

ROS - Rådgivning om spiseforstyrrelser

Oftast riv eg meg sjølv i håret i det stille, men nokre gonger prøver eg å gå i dialog med dei, med varierande grad av hell.

Det er vanskeleg å snakke om mat og kropp, fordi det er personleg, men også fordi det for mange er prega av ein svart-kvit tankegang der noko anten er sunt eller usunt, bra eller dårleg.

 ShutterstockFoto: Shutterstock

Ein er opptatt av å fremje sunn mat fordi så mange er overvektige i Noreg i dag, som er usunt. Krigen mot søppelmaten er ein krig for folkehelsa.

Det er lag på lag med overforenkling.

Her er nokre ting eg gjerne ville sagt til desse profilane dersom eg skulle teke ein kaffi med dei.

  • Ingen mat er søppel

Og ingen får betre helse av at ein omtalar heilt vanlege matvarer, som sjokolade og kjeks, på denne måten. Å kategorisere mat som sunn/ usunn, bra/ dårleg eller super/ drit, er generelt ein dårleg idé.

Det er mindre næring i skulebolle enn i ei gulrot, men bollen har framleis næring, og det kan vere eit fornuftig val å ete han i ein gitt situasjon.

Kva med haldningane vi formidlar når vi omtalar mat som søppel eller drit?

Korleis vil eit barn som har lært at skulebolle er søppel. møte og snakke til eit anna barn som et bolle?

På lenger sikt, korleis vil eit barn som har lært at det er «forboden» mat, stille seg til fri tilgang når dei blir eldre?

 Sara Johannessen Meek / VGFoto: Sara Johannessen Meek / VG
  • Det er ikkje sunt å vere for oppteken av kva som er sunt

Det er sunt å ete eit mangfald av mat, og å vere fleksibel i sitt forhold til maten. Det er sunt å ete både for nytte og for glede. Det er sunt å ete utan frykt, skam og skuld.

  • Vektstigma gjer det motsette av det du trur

Vektstigma handlar om at personar i større kroppar blir møtt med stereotypiar, fordommar og diskriminering.

Dette fører til dårlegare psykisk og fysisk helse, og kan vere årsaka til at ein går opp i vekt og/eller utviklar ei spiseforstyrring.

Å påpeike eller kritisere nokon si vekt, gjer altså det motsette av det mange ser ut til å tru, nemleg motivere til vektnedgang.

Hva tenker du?Har du opplevd kroppspress?aJabNei

Det hjelper neppe å bli utpeikt som eit samfunnsproblem og ein utgiftspost heller, eller å bli brukt som argument av personar som prøver å vinne ein diskusjon på Internett.

Menneske med høg vekt er ikkje eit problem som vi må løyse. Om ein først skal gå inn for å løyse eit problem, kan ein heller begynne med vektrelatert hets og mobbing.

  • Å vere tilfreds med eigen kropp gir betre helse

Psykisk helse speler ei sentral rolle for korleis og kvifor vi et, tek val om mat, trenar eller unngår fysisk aktivitet, osv.

Det er meir sannsynleg at personar som er tilfredse med eigen kropp, har helsefremjande vanar.

Viss ein faktisk er oppteken av at befolkninga må ned i vekt, bør ein altså leggje ned brannfaklane og heller jobbe i ord og handling for eit samfunn med aksept for fleire typar kroppar, der barn kan vokse opp og vere tilfredse same korleis dei ser ut.

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til debatt@vg.no.
Read Entire Article