Ein mann er funnen død i sjøen etter leiteaksjon i Molde

1 month ago 34



Politiet sette tysdag ettermiddag i gang ein leiteaksjon etter ein eldre mann som skal ha vore på fisketur utanfor Molde. Han skal ha reist ut tysdag morgon, og sidan har ingen sett han.

Store leitemannskap har leita etter mannen frå tysdag ettermiddag, og gjennom natta.

Natt til onsdag blei det funne ein båt på 100 meters djup, som samsvarte med korleis båten til den sakna mannen såg ut.

No seier politiet at det også blei gjort funn av ein person inne i rorhuset på båten. Pårørande er varsla om funnet.

Politiet melder at det no vert lagt ein plan for å hente personen opp frå båten.

Kystvaktskipet KV Njord

Kystvaktskipet KV Njord har delteke i leitinga etter den sakna mannen.

Foto: Arnt M. Olsen

Publisert 27.03.2024, kl. 09.02 Oppdatert 27.03.2024, kl. 09.15

Read Entire Article