– Ein historisk stor gåvepakke

1 week ago 8



I fjor selde festivalen 150.000 billettar til scenene på Ekebergsletta, no kan det fort bli eit nytt «rush» etter suksessen denne sommaren.

– Ein historisk stor gåvepakke til lojale og tolmodige fanst som gler seg til det store eventyret i sommar.

Det seier festivalsjef Jarle Kvåle.

Musikaren frå Sogndal leiar no ein erfaren organisasjon som no sørgar for at nokre av verdas fremste rockeband kjem til Noreg.

– Draumeband

Ikkje minst det legendariske britiske bandet Muse

– Det er eit draumeband for oss, og ei eksklusiv booking vi veit vil glede mange, seier Kvåle.

Han såg dei sjølv i Mexico i fjor og hevdar at han blei blåst i bakken av energien og showet dei leverte.

Avenged Sevenfold

Avenged Sevenfold klare for Tons of Rock.

Foto: Brian Catelle

På lista over banda dei «slepp» i dag er også andre store namn frå ulike sjangrar innan rocken.

Ikkje minst Avenged Sevenfold, som festivalen har prøvd på i mange år.

– Det er heilt fantastisk at dei endeleg kjem til oss. Dette eit historisk sterkt slepp for oss, seier ein stolt bookingsjef Jarle Kvåle.

Se Pistols

Sex Pistols anno 2024. Dei har med seg elleville Frank Turner.

Foto: Promo

Legender frå England

På plakaten står også Sex Pistols. Britane som med sin totalt ujålete punk skapte furore då dei starta i London i 1975.

– Dei kjem for å levere eit sett av sine største punkehits, fronta av villmannen Frank Carter vil det garantert bli ein konsert for historiebøkene.

Frå før har blant anna Green Day stadfesta at dei kjem til Tons of Rock 2025. Det har også store norske band som Turbonegro, Kaizers og Black Debbath.

Publisert 12.11.2024, kl. 10.00 Oppdatert 12.11.2024, kl. 10.07

Read Entire Article