Er det null stress for deg å lyge for å bli litt rikare? Eller vil samvitet stoppe deg?
Vidaregåandeelevane Rine Fjellheim og Emma Imsland trur ikkje dei kunne loge for 1000 kroner.
– Det kjennest ikkje rett, seier Emma.
Rine og Emma går på studiespesialisering på Charlottenlund vidaregåande skole.
Foto: Tuva Tagseth / NRKMen Rine ville heller ha loge for ein tusenlapp enn for ein million. Jo høgare pengesummen er, dess dårlegare vil kjensla ved å lyge vere, meiner ho.
Kor ærlege er folk flest? Det ville norske og meksikanske forskarar finne ut av.
Løgn og sanning
Forskarane har spurt til saman 7000 menneske om å først tenke på eit tal frå ein til seks. Rundt 2400 av dem var nordmenn.
Etterpå skulle deltakarane kaste terning.
Viss terningen landa på det talet dei tenkte på, kunne dei vinne 1000 kroner.
Men dei kunne lyge og seie at det terningen landa på, var talet dei tenkte på.
Deltakarane fekk beskjed om at ingen ville kontrollere om det dei sa var rett. Det var altså berre dei sjølv som visste om dei sa sanninga.
Professor Kjetil Bjorvatn ved Noregs handelshøgskole hadde ein klar teori før eksperimentet starta.
Pengar eller moral?
– Når det ikkje er nokon risiko for å bli avslørt, og inga form for straff for å lyge, ventar vi frå standard økonomisk teori at alle skulle ha loge, seier Bjorvatn.
Kjetil Bjorvatn er professor ved Noregs handelshøgskole.
Foto: Hallvard Lyssand / NRKHan er ein av dei som står bak den nye studien, som er publisert i Journal of Economic Behavior and Organization.
Men resultatet var altså at éin av fire deltakarar laug om talet dei tenkte på.
Det synest Bjorvatn er overraskande. For dei risikerte jo ingenting med å lyge – anna enn å bryte med sine eigne ideal.
Eit ekstra val gjorde fleire ærlege
Ei undergruppe av deltakarane blei i tillegg spurd om å krysse av for at det dei rapporterte var sant.
– Dette hadde stor effekt, seier Bjorvatn.
Dette var ei eigenmelding som heller ikkje kunne kontrollerast. Likevel bidrog ho til at juksinga gjekk ned med sju prosentpoeng.
Bjorvatn meiner dette er nyttig informasjon til dei som for eksempel driv butikkar, nå som vi kundar har fått meir ansvar for blant anna å slå inn våre eigne varer.
– Det er ganske lett å la vere å skanne nokre av varene. Det er store pengar for butikkane å tene på å ikkje ha bemanna kasser, men det fordrar ærlegdom.
Når vi skannar sjølv får vi eit spørsmål som oppfordrar oss til å vere ærlege.
Foto: Tuva Tagseth / NRKDet kostar mykje å ha vakter og kontrollere alle heile tida. Mange aspekt av kvardagslivet vårt er derfor baserte på tillit.
Du treng for eksempel ikkje vise fram bussbilletten din kvar gong du tar buss. Arbeidsgivaren din må stole på at du faktisk jobbar når du er på heimekontor. Og skattemyndigheitene legg mykje ansvaret over på folk til å gi rette opplysningar i skattemeldinga.
– Her er det smart å finne balansen mellom tillit og kontroll, seier Bjorvatn.
Kunne du loge for 1000 kroner, om det ikkje var nokon risiko for å bli avslørt?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Er det viktig?
Vidaregåandeelev Petter Ølstøren trur han kan vere villig til å lyge for 1000 kroner.
– Eg kunne også loge for 100 kroner eller ein tiar, fordi det ikkje er ei viktig sak, seier han om terning-eksperimentet.
Også kameraten hans, Erlend Ahlstrøm, kunne loge om noko såg uvesentleg:
– Men aldri om noko som kunne gå ut over nokon.
Å la vere å skanne varer på butikken kunne ingen av dei gjort, fordi det er tjuveri.
Erlend går på industrifag og Petter på målefag på Charlottenlund vidaregåande skole.
Foto: Tuva Tagseth / NRK– Dei skandinaviske landa er tillitsbaserte samfunn, og ein viktig del av forklaringa på kvifor dei skandinaviske økonomiane er så velfungerande, seier professor Bjorvatn.
Men samtidig er ikkje dette heile forklaringa på kvifor vi stort sett er ærlege.
Slik går ein frå å lyge litt til å bli ein løgnar
Lars Fredrik Händler Svendsen er filosof og har skrive boka «Filosofien til løgna». Han har med andre ord tenkt meir på sanning og løgn enn dei fleste.
Han fortel at folk flest lyg mindre enn gjennomsnittet, sjølv om det kanskje høyrest rart ut.
– Poenget er at du har eit lite mindretal som lyg grassat mykje og drar gjennomsnittet opp. Stort sett er folk bra folk. Og det har vi grunn til å tru at dei kjem til å fortsette å vere.
Grunnen er enkel:
– I utgangspunktet er det å lyge noko som gir oss eit ubehag.
Men ubehaget blir mindre og mindre for kvar gong vi lyg, ifølge filosofen. Det er teikn på at løgna kan vere med på å endre den grunnleggande haldninga vår.
Lars Fredrik Händler Svendsen er filosof ved Universitetet i Bergen.
Foto: CF-WESENBERG– Ein går frå å vere ein som fortel ei og anna løgn, til meir og meir å bli ein løgnar. Det som er litt interessant med det, er jo at vi lid under denne vrangførestillinga: Vi trur at på seg sjølv kjenner ein andre. Men i røynda kjenner ein berre seg sjølv.
Ja, den som lyg mykje, vil i stadig større grad også oppfatte andre som løgnarar.
Vedkommande lever i ei verd som blir stadig meir upåliteleg, der andre er stadig meir upålitelege.
Så vi får trøyste oss med dette:
– Folk flest er stort sett ærlege og ordentlege, seier Svendsen.
Publisert 30.05.2025, kl. 05.25