Eide meiner norsk brev førte til konflikt med Israel

1 month ago 19



I førre veke sende regjeringa eit brev som handla om at Noreg som part i Oslo-avtalen meinte den internasjonale straffedomstolen (ICC) kunne behandle saka.

– Det er første gong eg seier dette. Det er mi vurdering at det ikkje er godkjenninga av Palestina, men brevet vi sene til domstolen som førte til den sterke reaksjonen frå Israel, seier utanriksminister Espen Barth Eide (Ap)

Torsdag trekte Israel tilbake den diplomatiske statusen til åtte norske representantar i dei palestinske områda.

Vil ha arrestordre

I mai sa ICC-aktor Karim Khan at han meinte Israels statsminister Benjamin Netanyahu og forsvarsminister Yoav Gallant var skuldige i krigsbrotsverk i Gaza, og at dei burde bli haldne ansvarlege for dette.

Dersom domstolen skulle sende ut arrestordre, kan dei bli gripne om dei besøker eitt av dei 24 landa som er medlemmar av domstolen. Noreg er medlem, medan USA og Israel er blant landa som ikkje er medlemmar.

Khan bad også om at det blei sendt ut arrestordre på dei tre Hamas-leiarane Ismail Haniyeh, Yahya Sinwar og Mohammed Diab Ibrahim Al-Masri.

Haniyeh blei drepen av ei bombe i Teheran i Iran i slutten av juli.

Starta omfattande prosess

Fråsegna til Khan førte til reaksjonar blant anna i USA og Storbritannia, og domstolen blei utesett for press frå fleire kantar.

Blant anna utfordra Storbritannia domstolen, og meinte at dei ikkje hadde rett til å be om at dei israelske politikarane skulle bli arrestert.

ICC sette også i gang ein omfattande prosess der over 70 statar og organisasjonar skal gi sitt syn på saka.

Det var i samband med denne prosessen at Noreg sende brevet.

Storbritannia trekte seg i slutten av juli frå prosessen. Det blei forklart med at dei hadde fått ny regjering.

Men prosessen held fram, stadfesta ICC overfor NRK i juli.

Trekte tilbake diplomatisk status

I førre veke kom meldinga om at Israel trekte tilbake den diplomatiske statusen til åtte norske representantar som bemannar Noregs reprsentasjonskontor på Vestbreidda.

Utviklinga blei sett i samanheng med at Noreg var blant landa som har godkjent Palestina som eigen stat.

Utanriksministeren kalla tilbakekallinga for ei ekstrem handling.

Publisert 12.08.2024, kl. 15.13 Oppdatert 12.08.2024, kl. 15.23

Read Entire Article