GJESTEKOMMENTAR: Reglane i verdspolitikken har endra seg så mykje at lærebøker må skrivast om.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 20 minutter siden
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
Då Putin gjekk inn i Ukraina med full styrke for tre år sidan var den opne og brutale maktbruken og forakta for folkeretten, menneskerettar og internasjonale avtaler som han og Russland viste, eit sjokk. No er Putin sitt rasjonale i ferd med å verta den nye normalen.
I heile etterkrigstida, og ja, me lev enno i tida etter siste verdskrigen, har me lært at internasjonal politikk, handel, krig og fred styrast av lovar og reglar. Ja ikkje berre det, etter at Sovjet fall og me sat igjen med ei supermakt og historias ende, lærte me til og med at verdssamfunnets reglar var baserte på universelle prinsipp, med menneskerettane og nasjonal suverenitet som dei aller viktigaste. Sjeldan har ei livsløgn vorte raskare avkledd enn denne kollektive villfaringa har blitt dei siste åra.
Putin tok proppen
For om Putin tok proppen ut av badekaret, så har valet av Trump som president i USA opna ei demning, og det som renn ut er ideen om eit regelstyrt internasjonalt samfunn. Netanyahus Israel, Modis India og Putins Russland følger ikkje dei moderne spelereglane som blei etablert etter andre verdskrigen, dei følger ein regel som er mykje eldre enn som så. Den sterkastes rett.
Det er eit prinsipp like gammalt som mennesket, at den som har makt, kan og vil bruka henne til å leggja andre under seg. Konsekvensen av det er at all statsteori seier at det viktigaste grunnlaget for ein stat er valdsmonopolet, altså at det berre er staten sitt politi som har rett til å utøva vald innanfor ein stat, og enda viktigare, at staten har eit valdsapparat, militære, som er i stand til å beskytta han mot angrep utanfrå.
Desse prinsippa var heilt grunnleggande for all statsteori frå tidenes morgon og fram til dei siste åra. Så drukna dei i idealisme og store ord. Eg har nyleg følgd begge ungane mine gjennom vidaregåande skule sitt noverande pensum i internasjonal politikk. Der står det mykje om folkerett og FN, og lite om krig som maktmiddel. Ein treng ikkje vere spåmann for å gisse at den vektinga kjem til å endra seg dei neste åra. For no er det makta som rår, Russland har ingen folkerett i ryggen i Ukraina, Israel har det korkje i Gaza, Syria eller Iran, og India har det ikkje i Kashmir. Det bryr dei seg rett og slett ikkje om. Og med ein president i USA som både truar med å annektera naboland, Ishavs-øyer og kanalar, så er det heller ingen grunn til å bry seg.
Makta har vore der alltid
Men når sant skal seiast, så er det ikkje sånn at verda har endra seg totalt. Makta, ikkje minst militærmakta, har sjølvsagt vore der heile vegen som den endelege dommaren i alle konfliktar. Det Trump har gjort er å ta maskene av maktspelet. Når han ikkje er villig til å bruke den amerikanske militærmakta til å forsvara til Ukraina, så viser han og at det er denne makta, og ikkje orda i all verdas politiske erklæringar, som har halde den relative stabiliteten i dei siste førti åra. Og når Trump krev pengar og ressursar i bytte for militær innsats, når han går for å gjere «a deal» i alle samanhengar, så er han på mange vis berre ærleg om det som har gått føre seg heile tida.
Likevel er det eit paradigmeskifte me lever i, og ikkje eit lite eit heller. Dei siste tretti åra har verdas hegemoni måtta skape eit skinn av legitimitet når dei har gått til krig. I Irak, Jugoslavia, Afghanistan, Irak igjen, Libya og Syria har USA samla FN, eller i det minste Nato bak seg før dei har gått til krig. Og krigane har alltid hatt eit heilagt føremål. Demokrati, fred, kvinnefrigjering eller menneskerettar. Det kjem ikkje til å skje igjen med det fyrste. Putin krigar for makt og territorium. Det gjer Netanyahu og. Det gjer Modi og kan alle dei gjere det slik, så kan alle andre og gjere det slik. Om dei er sterke nok til å ha rett.
Jernhanda inne i silkehansken
Det er slik dei nye reglane er, og i møte med det er dessverre spørsmålet om kva Oljefondet etiske prinsipp for investeringar i Israel skal vere, heilt uvesentlege. Det som tel no er militærmakt, ikkje vakre ord i erklæringar. Det er difor alle land i Europa no rustar opp i eit tempo ingen har sett sidan før første verdskrigen, og det er difor Israel kan bryta med både FN, folkeretten og menneskerettane utan at det har nokon konsekvens.
Sjølv er eg blant dei som aldri har trudd særleg mykje å silkehansken og dei vakre orda i verdspolitikken. Eg har alltid meint at det er ei jernhand inni hansken. Difor har eg og alltid vore for eit sterkt nasjonalt forsvar, sjølv når det har vore fred og ingen trur noko vondt kan skje. Eg meiner og at det er heilt rett å tenka annleis om forsvarspolitikken no enn for fem år sidan, det er ikkje berre rett, men idioti å ikkje gjera det. Når reglane endrar seg må me også spela annleis. Men, og det er eit stort men. Det er ikkje noko å gleda seg over.
Endringane av reglane i verdspolitikken er ikkje høvet for å hovera over å ha hatt rett, eller å tøffa seg med store ord for å freista å vera den største krigsentusiasten. Eit Europa som skal tredobla ressursane som går til å laga og kjøpa våpen er ei tragedie. Ei verd kor våpenmakta til verdas største militærmakt er til sals, er ein katastrofe.
Publisert:
Publisert: 21. juni 2025 09:41