Oppdatert:27 minutter siden
Det er med undring eg les i Lister på nett at politikarane i Farsund kommune seier ja takk til skulpturpark i Vanse på kommunen sin eigedom. Vilkåret er at kunstnaren sjølv syt for at plenen blir klypt. Er dette ein fin måte å takka ja til ei gåve på, - med å krevja meir i tillegg?
Vel er det tronge tider, - med stramme kommunale budsjett. Men «alle» innbyggjarane skal få hjelp frå kommunen: Reduksjon i eigedomsskatt og andre kommunale utgifter.
Fy skamme seg: Tenk å få ei slik gåve med å stilla tilleggskrav til gjevaren. Farsund kommune kallar seg kulturkommune, så ei slik mottaking av ei gåve skjems eg over. Plenklypping i denne parken må vel vera ein fin sommarjobb kommunen kan gje til ein ungdom.
I alle krikar og krokar av Farsund kommune, (Herad, Spind og Lista medrekna), finst det mykje skaparkraft mellom profesjonelle og amatør-kunstnarar. For ein rikdom me har. Dei vil gjerne visa kva dei skapar. Eg og mange med meg vil gjerne sjå all den fine kunsten.
Bjørn-Harald Mydland
Skribent og kunstinteressert





English (US)