Ei alvorleg utvikling

2 weeks ago 14



Meninger
Debattinnlegg

Vi tek kritikken frå Sivilombudet på alvor.

Ingunn Seim

assisterende regiondirektør Kriminalomsorgen, region Vest

 Paul S. Amundsen / VGBjørgvin fengsel utenfor Bergen. Foto: Paul S. Amundsen / VG
Onsdag 12. november kl. 14:04

Sivilombodet uttrykte i si meiningsytring i VG 6. november uro for bruken av sikkerheitscelle ved ungdomseininga i Bjørgvin fengsel.

Ombudet kjem med kritikk av eininga i sin rapport som nyleg vart gjort offentleg.

Det tek kriminalomsorga på alvor, og vi er i gang med tiltak for å møte tilrådingane.

Sivilombodet peiker mellom anna på ei «ekstrem utforming» av sikkerheitscellene i ungdomseiningane.

Dessverre er denne utforminga eit resultat av ei utvikling dei siste åra, med omfattande skadeverk og store øydeleggingar av inventar, veggar og golv, utført av dei mindreårige.

Delar av knust inventar har utgjort ein alvorleg trussel mot liv og helse – både for den innsette sjølv og for andre.

Då ungdomseiningane vart oppretta, hadde sikkerheitscellene ei «mjukare» utforming, der det mellom anna var rennande vatn, tregolv og terapilys i rommet.

Etter kvart vart skadane så store at det ikkje lenger var mogleg å ha cella slik.

Det er likevel svært alvorleg å ha mindreårige innelåste under slike tilhøve, og vi arbeider aktivt både for å hindre bruk og for å gjere sikkerheitscellene «mjukare».

I rapporten sin har Sivilombodet berre sett på bruken av sikkerheitscelle, ikkje på den samla drifta av eininga.

Les også: Sivilombud Hanne Harlem: Ulovlig tvang må opphøre nå

Kvar dag gjer dei tilsette ved ungdomseininga ein viktig jobb med å gje omsorg, setje grenser, motivere, rettleie, hjelpe, leggje til rette og tilby ei form for normalitet til mindreårige som har gjort seg skuldige i alvorleg kriminalitet.

Så alvorleg kriminalitet at domstolen har vurdert det som særleg påkravd, tvingande naudsynt – og som siste utveg – å setje den mindreårige i fengsel.

Det tyder på at andre tiltak frå samfunnet si side, til dømes frå barnevernet, ikkje har lukkast.

Nokre av desse ungdomane kjem frå barnevernstiltak der fem vaksne har arbeidd tett med éin enkelt mindreårig – til eit fengsel der utgangspunktet etter lova er at alle dei mindreårige skal ha fellesskap med kvarandre.

Kvar dag er dei tilsette til stades for å hindre at situasjonar kjem ut av kontroll, og for å avverje at det vert naudsynt å utelukka nokon frå fellesskapet slik at ingen vert skadde.

Dessverre lukkast vi ikkje alltid med det, noko Sivilombodet sin rapport viser.

Er sikkerhetsceller for ungdom for strengt?

aJabNei cVet ikke

I media les vi dagleg at kriminalitet utført av barn og unge vert meir alvorleg, grenselaus og farleg. Dette er eit røyndomsbilete ungdomseiningane kjenner seg att i.

Dei siste åra har vi sett ein tydeleg auke i vald, utagerande åtferd, hærverk og trugsmål blant unge som sit i varetekt eller gjennomfører fengselsstraff.

Mange av dei innsette har òg, trass i ung alder, samansette lidingar knytte til rus og psykisk uhelse, og manglar eit tilbod i psykiatrien.

Nye og permanente ungdomseiningar vert no utgreidde for å gje plass til fleire mindreårige i fengsel – mindreårige som har utfordra tryggleiken i samfunnet med vald, våpen og trugsmål.

Det er desse same mindreårige våre tilsette i ungdomseiningane skal handtere.

Det skal vi gjere med fokus på både struktur og omsorg – og med god hjelp frå Sivilombodet sine tilrådingar.

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til debatt@vg.no.
Read Entire Article