Eggskandalen: No blir granskingsrapporten lagt fram

4 hours ago 6



I februar blei det kjent at dyrefôr produsert på Felleskjøpet sin fabrikk i Trondheim inneheldt 100 gongar for mykje D-vitamin.

No har hendinga blitt undersøkt og onsdag legg Felleskjøpet fram granskingsrapporten.

Det er DNV som har gjennomført granskinga.

Høge nivå D-vitamin

Sidan nivået av D-vitamin i fôret var for høgt, kunne det også føre til for høge nivå i egga.

For høgt inntak av vitaminet kan vere skadeleg og Giftinformasjonen merka stor pågang av engstelege forbrukarar.

D-vitamin-forgifting kan gi diffuse symptom som svimmelheit, kvalme, brekkingar og tørst.

– Vi tar saka på største alvor, har sett av veldig mykje ressursar og prioriterer dette høgt, sa seniorrådgivar Elisabeth Schei-Berg i Mattilsynet da saka blei kjent.

Over 60.000 hønar som hadde fått i seg fôret blei avliva. Også 300 grisar blei sendt til naudslakt.

– Dette er ei hending som har fått alvorlege konsekvensar for dyrevelferda, dessverre, sa Schei-Berg.

Avlivet med gass

60.000 hønar blei avliva etter at dei hadde fått i seg fôret med for mykje D-vitamin.

Foto: Privat / NRK

Feilproduksjon ved same fabrikk i 2023

Fôret med for mykje D-vitamin blei produsert ved Felleskjøpet sin fabrikk på Skansen i Trondheim.

Ved den same fabrikken skjedde ei feildosering av stoffet selen i fôret i 2023. Også da blei dyrefôr kalla tilbake frå marknaden.

Den gongen var det ein teknisk svikt som var årsaka til feilproduksjonen.

– Vi er så langt rimeleg trygge på at det er heilt andre årsaker som ligg til grunn denne gangen, fortalde konserndirektøren i Felleskjøpet, Bjørn Stabbetorp, i februar.

Felleskjøpet i Trondheim

På felleskjøpet sin fabrikk i Trondheim blei det i 2023 produsert dyrefôr med for mykje Selen.

Foto: Bent Vidar Lindsetmo / NRK

Publisert 30.04.2025, kl. 11.57

Read Entire Article