Eg meiner ikkje vi skal slutte å feire. Men vi må kunne snakke om korleis vi gjer det.

3 weeks ago 17



Eg meiner ikkje vi skal slutte å feire. Men vi må kunne snakke om korleis vi gjer det, skriver Elisabet Rydland Sæbø som var russ i år. Illustrasjonsfoto: Lise Åserud, NTB

Som russ bør me skjøne alvoret.

Publisert: 06.06.2025 07:00

Eg er ein av dei som nettopp har vore russ. Eg har gått i russedress, telt ned til 17. mai og feira slutten på tre år med vidaregåande. Eg har vore med på mykje gøy. Men eg er òg ein av dei som ikkje drikk.

Det har gitt meg eit litt anna blikk på det som skjer rundt oss i mai — ikkje berre på festen, men på kva det seier om oss som fellesskap.

«Helvete next»

Frå neste år skal eksamenar leggjast til tidleg i mai, midt i russetida. Målet er å avgrense feiringa og få fleire til å prioritere skule. Det kan verke fornuftig. Men eg trur det kan forsterke eit skilje mellom dei som går «all in» for russetid, og dei som prøver å halde fokus på eksamen.

Det kan skape eit læringsmiljø som blir endå meir splitta, og eit festpress som blir endå sterkare.

Då eg gjekk til norskeksamen 16. mai, kom nokre jenter sjanglande over vegen frå rulling. Ei sa: «Let's go da!! Norskeksamen … helvete next.» Eg hadde brukt fleire dagar på førebuingar, men dei såg nesten likegyldige ut, som om det ikkje spelte nokon rolle. Eg kjende meg uroa. For dette er folk eg skal konkurrere med om studieplass. Er det rettferdig?

Kva slags fridom?

Eg veit at folk feirar på ulike måtar. Dette handlar ikkje om å dømme. Men når det blir normalen å møte til eksamen utan søvn, utan mat og utan førebuing, har vi kanskje kome til eit punkt vi ikkje bør tøye strikken meir.

Russetida handlar ikkje berre om fest. Ho handlar òg om identitet, tilhøyrsel og er ein slags overgangsrite. Men eg må stille spørsmålet: Kva slags fridom er det vi feirar? Kva seier det når mange brukar titals tusen — nokre hundretusen — for å vere med på ein buss? Når vi snakkar om livsstil som krev meir enn vi eigentleg har, og så kallar vi det fridom?

Som «Tyler Durden» sa i filmen «Fight Club»: «Vi kjøper ting vi ikkje treng, for pengar vi ikkje har, for å imponere folk vi ikkje likar.» Det treff ubehageleg godt. Me lærer å leve i «nuet», men ikkje å forstå kva det kostar.

Noko har sklidd ut

På 17. mai stod eg i dokø på McDonald's. Ei jente på kanskje 14 år ramla over meg. Ho var så rusa at ho nesten ikkje hadde kontroll. Rundt ho stod eldre gutar. Eg kjende eit ansvar for å passe på. Det var både vondt og skremmande å sjå.

Er det dette vi lærer dei yngre? At det å vere ungdom er lik drikking, høg musikk og null grenser?

Eg meiner ikkje vi skal slutte å feire. Men vi må kunne snakke om korleis vi gjer det, og kva signal vi sender. Når eksamenar må flyttast for å skjerme ungdom frå deira eigne val, er det kanskje eit teikn på at noko har sklidd ut.

Eg trur ikkje på forbod. Eg trur på samtale, refleksjon og ansvar. Russetida varer berre nokre veker. Men verknadene og signala vi sender, kan vare mykje lenger.

Read Entire Article