På dagtid, mellom klokka 09-16 ser Joker Vestsmøla på Nordmøre ut som alle andre butikkar. Der er både kundar og tilsette. Hyller blir fyllt på, og kundar kan få hjelp av tilsette som er til stades fysisk i butikken.
Etter klokka 16 er butikken fjernbetjent resten av døgnet.
– Då styrer vi butikken frå telefon, forklarer butikksjef Line Roksvåg.
Line Roksvåg er fysisk til stades i butikken på dagtid. På ettermiddagen og kvelden er butikken fjernbetent.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKMange stader i landet finst det liknande butikkar. For å klare seg økonomisk, er dei avhengige av å ikkje måtte ha tilsette til stades under heile opningstida.
Meiner dei er avhengig av alkoholsalet
Men kan desse butikkane selje alkohol når dei er fjernbetente? Det har den siste tida blitt diskutert.
Ulike myndigheiter har tolka regelverket ulikt, og mange fjernbetente butikkar har frykta at det kunne gå mot nedlegging dersom dei ikkje skulle få ha alkoholsal.
Den uroa har også butikksjefen på Smøla kjent på.
– Vi har ikkje høve til å halde det ope med betening til for eksempel klokka åtte. Vi er ein liten butikk på ein liten stad. Så for oss er det vere eller ikkje vere å kunne drive med fjernbetjent alkoholsal, seier Roksvåg.
Ho er overtydd om at kundane ville reist til andre butikkar dersom dei ikkje fekk handla alkohol eller tobakk.
– Det handlar om fridom til kundane om at dei skal kunne handle det dei vil når dei vil, sjølvsagt innanfor alkohollovgivinga, seier ho.
Marius André Jenssen Stenberg / NRK
Kundar i butikken på Smøla:
Kunde Arnt Kåre Halås ser ikkje noko problem med at fjernbetente butikkar skal selje alkohol.
– Det er vel såpass overvåka, så det ser eg ikkje noko problem med, seier han.
Marius André Jenssen Stenberg / NRK
Kundar i butikken på Smøla:
Anders Nervik meiner det ikkje bør vere forskjell på dei som bur i distrikta og dei som bur i byane, og at små butikkar difor bør kunne gjere det slik.
– Eg er jo ikkje den som drikk mest, men det er nok folk som benyttar seg av det, meiner han.
Marius André Jenssen Stenberg / NRK
Kundar i butikken på Smøla:
Torbjørn Roksvåg meiner det er nok lover og reglar.
– Så lenge folk oppfører seg, og følgjer regelverket. Så kvifor ikkje.
Blei vedtatt i Stortinget
Tysdag blei forslaget behandla i Stortinget, og berre Kristeleg Folkeparti stemte mot.
Frå talarstolen snakka fleire stortingsrepresentantar om kor viktig lokalbutikken er, spesielt i grisgrendte strøk. På tvers av partigrenser var dei einige om at det var viktig at reglane blir klargjorde, og samstemte i at det finst tekniske løysingar som gjer det mogleg å følge alkohollova.
Saksordførar Kai Steffen Østensen (Ap) avviser at dei no liberaliserer alkohollova.
– Det skal framleis vere forbode å selje til mindreårige og synlege rusa. Og salet skal skje innanfor fastsette tider, og med kontroll, sa han.
Kai Steffen Østensen var saksordførar og glad for at regelverket nå blir klargjort etter at det har blitt tolka ulikt av ulike myndigheiter.
Foto: Tom Balgaard / NRKSidan november har det lagt i korta at butikksjefen på Smøla mest sannsynleg får halde fram med alkoholsal i butikken.
Då gjekk Sp saman med SV, MDG, Høgre, Venstre og Frp og fremja forslag om at reglane må endrast og sidan da har det vore fleirtal i Stortinget.
Helseminister Jan Christian Vestre har også sagt at regjeringa er open for å gjere endringar i lovverket.
– Eg veit at mine tilsette får behalde jobben
På butikken på Smøla er vedtaket musikk i øyra til butikksjefen.
Line Roksvåg har vore usikker på framtida. Om ho ikkje hadde fått fortsette å selje alkohol trur ho det hadde betydd kroken på døra.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK– Det gjer at eg kan senke skuldrene. Da veit eg at butikken består, eg veit at mine tilsette får behalde jobben sin. Og eg veit at bygda har ein butikk, seier Line Roksvåg.
Publisert 24.02.2026, kl. 15.53 Oppdatert 24.02.2026, kl. 16.07
















English (US)