– Eg kan ikkje tilrå nokon å lesa denne boka

13 hours ago 1



BOK: Er det nok å ha vore med i eit humorprogram på NRK for å få gi ut romanar i Noreg?

Komikar Javad El Bakali står bak @utlending.memes på sosiale media. Foto: John Andresen/Kagge forlag

Publisert: Publisert:

For mindre enn 30 minutter siden

 2 out of 6

Javad El Bakali: Engstelig svarting. Roman. 222 sider. Kagge forlag.

Har det blitt for lett for kjendisar og tv-tryne å få gitt ut bøker og deretter få merksemd hjå bokhandlarar og kulturmedia, som hungrar etter ein etterlengta litteratursnakkis? Temaet har blitt diskutert både blant kritikarar og i meir offentlege kulturforum.

Javad El Bakali (f. 1994) er blant anna tv-kjendis frå «Humoretaten» på NRK, og gir nå ut debutromanen «Engstelig svarting». Den engstelege er 29 år gamle Kamal Idrissi, ein arbeidsledig mann med marokkansk bakgrunn, som flyttar inn i ei kommunal bustadblokk på Sagene. Fortida er prega av panikkangst og depresjonar, nåtida av Nav-byråkrati og ustabile naboar, men Kamal held motet oppe, og kanskje kan framtida vera både jobb og den store kjærleiken?

Romandebutanten held seg altså motivmessig i eit velkjent NRK-terreng – mentale problem og det fleirkulturelle Noreg – her i ein kombinasjon. Teksten er bygd opp kronologisk, med kapittel frå Uke 1 til Uke 18, der ein kan ana at eit enkelt, konkret handlingselement i kvar veke eller kapittel – som jobbintervju, date eller gravferd – skal sørgja for mogleg framdrift. Denne oppbygginga har truleg fungert som ein struktur og eit stillas for skrivaren, men er ikkje særleg spennande for lesaren. Forteljemåten er føreseieleg og statisk, med få brot og vendepunkt. På slutten av enkelte kapittel kjem nokre korte journalnotat frå fortida, frå miljøarbeidarar, psykiatrisk akuttmottak og andre, truleg for å skapa ein slags autentisitet. Veldig likt all annan norsk samtidslitteratur frå i år, i fjor og i forfjor.

Om handlinga har lite å by på, er det kanskje meir å henta i personane og relasjonane mellom dei? Svaret er nei. Kamal og dei andre figurane i romanen er snarare namn som avleverer replikkar enn personar som står fram som truverdige og levande. Enkelte av dialogane minner meir om e-postutvekslingar på jobb enn litteratur, prega av formularar som «Null stress!» eller «Den er grei!» og annan tomgang-sjargong. Hovudpersonen Kamal har ein ganske blodfattig A4-personlegdom, med ein påfallande mangel på rikt indre liv og ubereknelege handlingar i forhold til diagnosane som er klistra på han. Eg krev ingen ny Elling, men litt krumspring hadde eg håpa på frå ein slik type.

Men kanskje har romanen språklege dimensjonar som er verdt å få med seg? Svaret er igjen nei. Teksten er flat og monoton, med slappe, overflødige setningar som «Mens jeg står der og panter, ser jeg tallene gå oppover». Den har overforbruk av vendingar som «Hva mener du?» og unødvendige fyllord som «faktisk» («Det er faktisk en av de tingene jeg verdsatte mest med Grorud»). Den har lite oppfinnsam adjektivbruk, der «sliten», «svett» og «gigantisk» blir brukt for hyppig. Samla gir det eit inntrykk av ein debutant med eit lite språkleg repertoar. Bakali får her ikkje mykje hjelp av forlaget, som ser ut til å ha sove seg gjennom enkelte passasjar. Når forfattaren bruker verbet «henge» tre gonger på fem linjer (side 180), ulike variantar av «lukte» åtte gonger på 13 linjer (side 198) eller presiserer at samtalen går på berbisk for fjerde gong på ei halv side, burde ein konsulent frå Kagge tatt fram synonymordboka. Det er rett og slett for svakt.

Bakali får heller ikkje mykje ut av det kebabnorske potensialet, før heilt på slutten. Då tar handlinga seg òg litegrann opp, i form av ein godt skildra scene på ein fest, der fargerike og fleirkulturelle skjellsord får fint fram dilemmaa hovudpersonen står i. Totalt sett er «Engstelig svarting» likevel ein roman som sviktar på dei fleste plan. Den er svakt skriven og keisam å lesa, med oppsiktsvekkande lite humor til å vera laga av ein humorist.

Igjen – har det blitt for lett for kjendisar å gi ut bøker og deretter få spalteplass, på kostnad av andre forfattarar med meir talent? I dette tilfellet svarer eg ja. Eg kan ikkje tilrå nokon å lesa denne boka.

Publisert:

Publisert: 4. mai 2026 20:09

Read Entire Article