– Eg er veldig lei meg for alt som har skjedd, seier ein av dei tiltalte.
Tysdag starta rettssaka i Sogn og Fjordane tingrett der to personar i familie står tiltalte for alvorlege brot på dyrevelferdslova. Lovbrota skal ha skjedd frå hausten 2023 til våren 2024.
Aktor la ned påstand om aktivitetsforbod for begge to, altså forbod mot å ha dyr.
– Denne saka er ei av dei alvorlegaste vi har hatt i Vest politidistrikt seinare år, seier aktor Inger Helen Stenevik til NRK.
Saka vart rulla opp mars i fjor, etter at det kom fleire bekymringsmeldingar. Folk melde frå at dei ikkje fekk kome inn i fjøset, og at det vart funne døde dyr.
– Dette er ein dyretragedie, men òg ein personleg tragedie, seier forsvarar for dei to, Ivar Blikra, til NRK.
Dumpa døde dyr
Varsellampa blinka då Mattilsynet kom på besøk i starten av april, og fann ein avmagra død sau.
Kor hadde det blitt av alle dei andre dyra?
Det var eit mysterium kvifor sauefjøset var nesten tomt. Det var berre sju sauer att i fjøset.
Dagen etter fann Mattilsynet og politiet 27 dyr på ein dumpingplass ved garden, saman med anna avfall.
– Det mest alvorlege i saka går på dyra sin tilgang på mat. Då Mattilsynet og politiet kom, så var storparten av sauebesetninga død. Av 43 sauer var det sju attlevande, seier Stenevik.
Erkjenner straffskuld
Dei to bøndene erkjenner i hovudsak straffskuld for brot på dyrevelferdslova.
Ifølge tiltalen unnlét dei å gi nok fôr til minst 43 sauer og 31 storfe. Dyra fekk ikkje riktig og nok fôr av god kvalitet, tilsyn og naudsynt behandling.
Fleire av sauene var drektige. Seks sauer med til saman elleve foster måtte avlivast av Mattilsynet av dyrevelferdsomsyn.
Ein av personane er også tiltalt for ikkje å handtere døde dyr på ein smittemessig forsvarleg måte.
Fleire av dei døde dyra skal ha blitt påtente.
I tillegg låg sju døde sauer nedanfor fjøset. To foster låg ved inngangen til fjøset.
Forsvarar Blikra seier den eine tiltalte erkjenner grov aktløyse for ein del av saka, og ikkje forsett.
– Lei meg
Ein av dei tiltalte braut ut i gråt då hen skulle forklare seg tysdag. Denne personen hadde hovudansvaret på garden.
Aktor spør om kunnskap om gard og dyr, og korleis fôringa av dyra var.
Tiltalte svarar at hen la merke til at dyra vart tynnare i januar og februar.
– Tenkte du på årsaka, spør aktor.
– Nei.
Tiltalte seier at hen ikkje rådførte seg med veterinær eller andre om kvifor dyra stadig vart tynnare, sjølv om det vart gitt meir kraftfor enn før.
– Kva skjer vidare, spør aktor.
– Då byrjar eg å finne døde dyr i fjøset.
Tiltalte seier det ikkje vart ringd etter dyrlege fordi hen skamma seg, og at vedkomande fekk behov for å skjule det.
– Eg såg at dyra ikkje hadde det bra.
Den andre tiltalte seier i retten at hen ikkje visste kva som skjedde i sauefjøset og at vedkomande sjølv stelte ein del blant kyrne.
Fleire saker enn før
Dei siste åra har det vore ein kraftig auke i talet på bønder som er teke for brot på dyrevelferdslova.
Talet på bønder som braut regelverket auka med 50 prosent i 2023 samanlikna med året før.
I 2022 rapporterte Mattilsynet om 54 dyrehald kor det var registrert alvorlege brot på dyrevelferdslova eller andre reglar. I 2023 var talet 81, ein auke på 27 tilfelle.
I fleire saker har gardsbruk tidlegare fått redusert eller mista sine produksjonstilskot på bakgrunn av slike opplysningar.
Publisert 04.02.2025, kl. 22.02