Du skal berre driva med konsekvenslaus synsing om russen. Tek du grep, blir det masse kjeft å få

6 hours ago 3



GJESTEKOMMENTAR: Utdanningsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) har gjort ei dødssynd for politikarar. Ho har bestemt noko.

«Alle» klagar på russefeiringa, når minister Kari Nessa Nordtun gjer noko, så klagar folk på det også. Foto: Rodrigo Freitas / NTB
  • Aslak Sira Myhre

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Det er nokre få ting som er heilt særeigne for Norge. Russetida er ein av dei. Du finn ikkje skuleelevar i raude eller blå drakter som feirar tretten års skulegang med flatfyll i gamle bussar i tre veker nokon annan stad i verda. Det vil seie, det med bussane er meir særmerkt nokre stader, det er ekstra tett mellom bussane på Oslo Vest, men flatfylla finn du i heile landet. Og berre så det er sagt med ein gang. Eg synst absolutt at ungdommane fortener å drikke seg godt fulle etter tretten år skule om dei vil det. Og om dei gjer det i buss, så gjerne for meg, eg drakk mine russe-øl på «De røde sjøhus» i Stavanger. Det var ikkje så fint der heller.

Me har fått ein politisk kultur kor det å bestemme noko, å faktisk freiste å gjere noko med eit problem, har vorte nesten umogleg.

Men, og det er eit stort men her, det er noko veldig merkeleg med russefeiringa, og det vert stadig meir merkeleg jo meir ho flyt ut og vert sjølve aksen som skulegangen dreier seg rundt allereie får slutten av ungdomsskulen. Og det er at sjølve feiringa går føre seg før det ein feirar. Det er litt som å ha premierefesten tre veker føre generalprøven.

Festen bør komma etter eksamen

Eg må innrømme at eg ikkje veit heil korleis dette starta. Ein gong må jo dei veslevaksne gymnasiastane gått rundt med raude luer, spanskrøyr og ropt sine «sjikkelakke» etter at dei var ferdige med eksamen. Det var jo trass alt det som skulle feirast. Men så har noko flytta på seg, Sikkert sånn litt etter litt, det er mykje slik ting forandrar seg, og no har me ei heftig feiring av at tretten års skulegang, og så ein heil serie eksamenar i utmatta bakrus. Det har, saman med den stadig veksande plassen den kommersielle og konseptuelle delen av russefeiringa tek, utvikla seg til eit heilt ekte problem.

Like bestandig som russefeiringa, har medias dekning og den allmenne bekymringa for denne utviklinga vore dei siste åra, om ikkje tiåret. Rapportar om utslitne skuleelevar til eksamen, om forstyrra undervisning og bekymring for altfor stort fokus på kven som får tilgang til kva for ein gjeng, konsept, buss eller kva det no den lange festen organiserast rundt, har vore eit like sikkert vårteikn som løvetann i plenen og bunad på syttande mai. Men ingen har eigentleg gjort noko, bortsett frå å vera bekymra.

Det vil seie, ingen har gjort noko før no. No har utdanningsminister Kari Nessa Nordtun rett og slett bestemt at slik går det ikkje an å ha det lengre, og teke grep om det ho har makt over. Heldigvis kan ikkje den norske ministeren bestemme kva tid ungdommen vel å festa, men ho kan bestemme kva tid skulen skal ha eksamen. Og ho har saman med regjeringa bestemt at eksamen skal flyttast fram, helst alle skriftlege før syttande mai. Slik at framtidas russ kan feire russetida si frå syttande mai og ut i juni. Det er den logiske løysinga på problemet som har oppstått.

Endra russe-logistikk let seg løyse

Ein skulle tru at eit slikt forslag og ei slik handlekraft ville blitt tatt i mot med opne armar, om ikkje anna så i alle fall av dei media som har uttrykt uro i offentlegheita kvar einaste vår i manns minne. Men slik har det ikkje gått. I staden har Nordtun vorte møtt med eit lite ramaskrik av protestar, frå alt frå elevorganisasjonar, russeindustrien og lærarorganisasjonar. Dei har alle til felles at dei peikar på at dette vil vere vanskeleg, på kort sikt. Russebussar og landstemnearrangørane (Kongeparken) klagar aller høgast, men det kan sjå ut som alle syng same songen. Det som inntil no har vore eit russetidsproblem, har plutseleg vorte eit «Nordtun» -problem.

Men det er rett og slett ikkje sant. Det Nordtun har gjort er nett det me har politikarar til, og det er å ta avgjersler som skal ha konsekvens langt framover i tid, og gjerne løyse problem og gjere samfunnet litt betre. Det er sjølvsagt ikkje så kjekt for dei som skal vere russ året etter ei slik endring, kanskje ikkje det neste året heller. Planlegging, økonomi og logistikk vert ein annan. Det er sjølvsagt absolutt ikkje optimalt for dei som har investert pengar i leggja ein stor russefest i 2026 til ein periode som no vert midt i eksamen. Og det gjer at lærarar og skular må leggja om undervisninga og skuleåret. Men det er no verkeleg ikkje arrangørane av landsstemnet i Kongeparken som skal bestemme kva tid ein skal ha eksamen i norsk skule. Og det er ingen av dei andre problema som den flytta eksamen skapar som ikkje let seg løyse.

Handlekraft betre enn konsekvenslaus synsing

Om fem år kjem den endringa som Nordtun no foreslår til å ha vorte den nye ramma, både for skulane og for russefeiringa. Ungdommane kjem framleis til å gå i raude og blå kjeledressar, og dei kjem til å drikke seg fulle, kanskje i bussar og. Men feiringa av eksamen kjem til å vere etter at eksamen er ferdig, og det vil vere ein god ting.

Det vil seie, det vil vere slik om ikkje Nordtun, Stortinget og departementet gjer etter for alle klagane som kjem no, og som media får til å virke som ein storm av motstand. For det alvorlege i denne saka er eigentleg ikkje timinga av russefeiringa i 2026. Det er at me har fått ein politisk kultur kor det å bestemme noko, å faktisk freiste å gjere noko med eit problem, har vorte nesten umogleg. Uansett kor einige ein er om noko, så kan den som gjer noko med det berre bli møtt med ein reaksjon, og det er klagar. Det er det som kjem i avisa og det er det politikarane vert konfrontert med. Og då er vegen til å trekka seg attende og heller drive med konsekvenslaus synsing den lettaste. Det er berre det at det ikkje er det beste.

Publisert:

Publisert: 24. mai 2025 09:11

Read Entire Article