Du risikerer bøter om du bråkar i hagen i påska: – Ei bot du merkar på lommeboka

2 days ago 13



På heilagdagar er det ikkje lov å utføre aktivitetar som minner om «utilbørleg larm».

Støyande verktøy, motorsag, reiskap og banking over tid kan bli vurdert som å vere i strid med lova.

– Det som er dumt er at det er på heilagdagane og søndagane at ein har tid til å vere ute. Eg synest plenklipping og kantklipping er ein fin lyd, men det er det ikkje alle som synest.

Kurt Amund Øvreås (37) frå Bjørnafjorden, kallar seg «plenpappa» på Instagram og TikTok, og legg ut tips til hagestell og plenklipping.

– Det er mange ting eg synest bråkar like mykje som ein plenklippar, som båtar og bilar, seier han.

Han følger lova, men seier ho slår uheldig ut på enkelte område.

Kurt Amund Øvreås er klar med hekktrimmer i påsken

Kurt Amund Øvreås, betra kjent som «plenpappa», har klare planar for kva han skal gjera denne påska, men det er visse ting han passar seg for.

Foto: Privat

Sein påske og lite snø i fjellet gjer at det kan vere freistande for fleire å starte støyande vårarbeid.

– Kanskje folk kjenner meir behov for å gjere ting heime, seier seksjonsleiar Kjetil Øyri i Vest politidistrikt.

Men politiet kjem med ein klar åtvarsel:

– Eg har forståing for at mange har lyst til å gjere enten innearbeid eller utearbeid på påskedagane. Men samstundes er det slik at det er nokre reglar som gjeld rundt heilagdagsfreden.

Kva er «utilbørleg larm»?

Politiet er godt vande med å handtere meldingar frå frustrerte naboar, og brukar skjønn på kva dei rykker ut på.

– Det skal noko meir til. Og vi må ha ei forståing for at folk har ulike ting føre seg, seier Øyri.

Så ein som klipper plenen får truleg ikkje besøk frå politiet.

Men motorsag, vinkelslipar, også grasklipparen er ikkje dei mest behagelege lydane - og i verste fall kan det heile ende med ei bot.

Men her kjem tvisten: Berre om nokon reagerer på det.

Det du held på med må det vera til plage for andre. Og alvoret går ofte på lydnivå.

– Lovverket er tydeleg, og det er ei bot som du merkar på lommeboka utan at eg kan seia nøyaktig kva bøtesatsane er.

Arbeid inne og ute er «gjengangaren» i sakene dei får inn.

Først forsøker politiet å ringe partane, noko som ofte fører fram, men om det ikkje går kan det vere dei må rykke ut. Som regel tek dei ikkje med lydmålar.

– Det gjer vi ikkje. Men politiet må ha ein velfungerande høyrsel.

Dersom politiet går vidare med ei sak, er det eventuelt bøtelegging som blir reaksjonen.

Også politiet i Oslo opplyser at «kvar sak blir vurdert» når det kjem politimeldingar, og at det alltid blir gjort ei «konkret vurdering».

– Legg oss skinnflate

Ein av dei som allereie har «tabba» seg ut i påska, er leiar i Svanøy grendeutval, Elin Tveit Sveen frå Kinn.

Ho la nyleg ut ein dugnadsinvitasjon til langfredag, der folk vart oppfordra til å ta med seg «rake, hagesaks og vinkelslipar» for å fikse eit stålgjerde rundt gravplassen.

Svanøy 3

Dette dukka opp i den lokale facebookgruppa på Svanøy.

Foto: Skjermdump

Når NRK slår på tråden møter me ein audmjuk leiar som ikkje var klar over regelverket.

– Det har me overhovud ikkje tenkt over, her har me tråkka skikkeleg i salaten, seier Sveen.

Som forklarer at fokuset heller hadde vore på å samla folket til dugnad når alle har fri.

– Her må me berre beklaga på det sterkaste. Vi legg oss skinnflate!

Saka løyste seg ved at enkelte i grendeutvalet heiv seg rundt og fekk ordna opp i forkant.

Elin Tveit Sveen

Elin Tveit Sveen frå Svanøy seier det var feil av ho å be folk ta med seg vinkelslipar til dugnad langfredag.

Foto: Ola Teigen

– Som leiar i grendeutvalet så burde eg sikkert ha tenkt på dette. Men eg er vaksen opp med, og vand med, at påska er ei tid der vi jobbar dugnad.

Forsvarar lovverket

Biskop i Bjørgvin Ragnhild Jepsen tør ikkje seie at ho aldri har brote heilagdagsfreden, men forsvarar lovverket.

– Eg trur mange synest dei treng desse dagane som er annleis. Dagane som gir ro og som ikkje er så hektiske.

Ragnhild Jepsen

Biskop i Bjørgvin, Ragnhild Jepsen, meiner det er gode grunnar til at vi har lov om heilagdagsfred.

Foto: Den norske kirke

Det ligg ein tydeleg religiøs dimensjon i botn, der det står i lovteksten at den skal «verne om det gudstjenestelige liv og den alminnealminnelegeå helligdager» og gi høgtida «ro og verdigheit».

Grensa for henne går særleg ved støyande aktivitetar som er til sjenanse for andre. Meir lydlause aktivitetar kan ho ha gjort sjølv.

– At eg klipper litt på ein rosebusk, det kan nok godt vere.

Son til «plenpappa» Kurt Amund Øvreås

Sonen til «plenpappa» hjelper til med klippinga.

Foto: Privat

– Finn dei små tinga du kan gjera

Også «plenpappa» forstår kvifor lova er der, og seier det kan hindre folk frå å starte dei største prosjekta når ein har fire dagar fri.

– Draumen hadde vore å skapa kvardagsfreden slik at me orkar å bråka litt meir i helgane.

Så om du likevel vil få gjort unna litt hagearbeid dei neste dagane, har «plenpappa» tips til kva du kan gjera utan å forstyrra naboen.

– Finn dei små og enkle tinga du kan gjera. Du kan både raka plenen og luka i bedet. Så kan du ta fram hagesaksa, for du treng ikkje bruka motor for å kappa greinene.

Og legg til:

–Plenen veks sakte på denne tida av året. Så om ikkje du klipper den heile påska, så går det fint.

Publisert 16.04.2025, kl. 18.12

Read Entire Article