Druknar i klistremerke

1 month ago 36



Det er unik utsikt over fjord, båtar og gamle sjøhus i Ålesund sentrum. Men på skilt og bosskasser har det dukka opp eit ekstra element dei siste åra: fargerike klistermerke.

– Det øydelegg den fine utsikta her. Når ein skal ta fine bilde av Brosundet, så ser det ikkje så fint ut, seier Ingvild Starheim.

Ingvild Starheim peikar på klistermerke på ein stolpe. Ho står saman med borna, Aksel Starheim Thunem og Ine Starheim Thunem.

Ingvild Starheim synest klistremerka øydelegg utsikta. Her saman med borna, Aksel og Ida Starheim Thunem.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Ho nikkar mot lyktestolpen som er full av famle klistermerke, og som står plassert like ved sundet der mange vil sikre seg eit blinkskot av Ålesund.

Småbarnsmora får støtte frå Sigrid Holen frå Bergen, som er på gjennomreise. Ho har sett klistermerke i alle fargar og fasongar i fleire byar. Mange er gamle og avflakka og er klistra oppå kvarandre.

– Eg synest eg syns ikkje dei skal gjere det. Det øydelegg heilskapsbildet.
Dei blir falma og øydelagde, og då er det berre ikkje noko fint å sjå på, seier Sigrid Holen frå Bergen.

Sigrid Holen i Ålesund sentrum

Sigrid Holen har sett mange klistermerke både i heimbyen Bergen og i Ålesund. Ho synest det er stygt.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Er ikkje glad for trenden

Også Ålesund kommune meiner det er ei skam og seier det har blitt verre dei siste åra.

Problemet er stort også i Oslo, der kommunetilsette ikkje nølar med å kalle klistremerka ei forsøpling.

Avdelingsleiar Pål Gåseidnes seier han ikkje forstår kvifor folk klistrar ned byen.

– Det syns vi lite om. Det er ganske unødvendig, meiner vi, for det påfører oss ein vedlikehaldskostnad og utskiftingskostnad som er ganske unødvendig. Og det er heller ikkje noko fint å sjå på, seier han bestemt.

Pål Gåseidnes

Avdelingssjef Pål Gåseidnes er ikkje glad for at folk klistrar opp klistermerke på kommunen sine bossdunkar og lyktestolpar. Han ber dei la vere.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Er det noko problem med klistermerke?

– Forsøpling

Klistermerke rundt omkring i byen er også eit problem for Bergen kommune. Dei oppfordrar folk til å respektere offentlege og historiske område.

Spesielt på plassar som Bryggen, som er ein Unesco verdsarvstad, vil klistermerker og plakatar bidra til forsøpling som redusere den estetiske og historiske verdien, meiner dei.

Plakater i Bergen

Klistremerke på stoppskilt i Bergen.

Plakater i Bergen

Også mange plakatar har blitt hengt opp i Bergen sentrum.

Plakater i Bergen

I Bergen har klistremerke fra Molde fotballklubb blitt hengt opp.

Plakater i Bergen

Det skal ikkje klistrast opp ting på offentleg eigedom utan lov, så dette er ikkje greitt å gjere. I nokre tilfelle kan klistremerke bli opplevd som visuell forureining, seier Johanne Jensen Vikeså i Veidriftseksjonen i Bergen.

– Del av bybildet

Laima Nomeikaite har forska på gatekunst og kulturarv og seier at klistermerke har blitt ein del av gatekunstrørsla.

– Gatekunstnarar brukar klistremerke for å formidle humoristiske, sarkastiske eller politiske bodskap, samtidig deler dei kunstverk eller promoterer sin eigen kunst, seier ho.

– Men kommunen og enkelte innbyggjarar vil nok tenkje at det er forsøpling og uønskt hærverk?

Grensa er flytande for kva som er kunst, hærverk og reklame, men klistermerke er ein del av bybildet og kvardagsopplevinga vår, seier ho.

Ho seier klistermerke truleg dukka opp første gongen i det gamle Egypt.

Laima Nomeikaite

Laima Nomeikaite har forska på gatekunst.

Foto: Iselin Kristiansen

Men ikkje alle bryr seg

Bussjåføren Dagfinn Worren har god utsikt bak rattet og trur kanskje klistremerka har blitt større, men synest ikkje det er noko stor sak.

– Det er greitt for meg, det er ikkje noko problem for min del, seier han.

Dagfinn Worren

Bussjåfør Dagfinn Worren bryr seg ikkje med klistremerka. Han synest i grunn at folk må gjere som dei vil.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Frida Storm Hanssen (21) seier ho vanlegvis ser seg godt om når ho er ute og går. Ho er ikkje så glad for å sjå lyktestolpar med gamle og nye klistermerke lag på lag.

– Når det blir så mykje som dette, synest eg ikkje det er like fint. Men dersom det berre er nokre få klistermerke som kanskje har litt meining, og som kan sjå estetisk fint ut, synest eg det er greitt.

Frida Storm Hanssen

Frida Storm Hanssen meiner det kan fungere med klistermerke, dersom det ikkje blir for mange.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Nektar å kalle det kunst

På gata i Ålesund er turistane svært interessert i den særeigne jugendstilen, som pregar bygningane i sentrum. Innslaga av klistermerke fell ikkje like godt i smak.

Det er fleire som ler av påstanden om at klistremerka kan vere gatekunst.

9 år gamle Ine Starheim Thunem er klar i sin dom:

Det er stygt, seier ho rett fram.

Ina Starheim Thunem

Ina Starheim Thunem (9) er ikkje glad for å sjå klistremerka i heimbyen Ålesund.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Sigrid Holen frå Bergen er ein del år eldre, men antydar at ho sjølv kanskje har feil generasjon.

– Det der vil eg ikkje kalle kunst, det er i alle fall sikkert.

– Men kan du forstå at enkelte tenkjer at dette er ein verdifull uttrykksmåte?

– Nei, kort og godt, ler ho.

Publisert 12.08.2024, kl. 18.08

Read Entire Article