Dropp «eldrebølga»

2 days ago 4



Den siste tida har NRK.no publisert fleire artiklar som eg, som alderdomsforskar og aldringsaktivist, har lese med interesse. Men òg med stigande irritasjon.

Sist ut toppsaka i går om den gløymde eldrebølga.

Ikkje misforstå – det er ikkje gamle menneske i eit «sosialbygg» på Voss eller svigerforeldre i Stavangerhagar som har provosert meg. Det er snarare allmennkringkastaren sin retorikk og klikkinviterande ordval som har fått det til å koke.

Omgrepet eldrebølga blir hyppig brukt i NRK-sakene. Å skildre den demografiske utviklinga som ei «bølge» er derimot problematisk. Av fleire grunnar. For det første fordi bølgemetaforen er misvisande.

Vi som lever ved kysten veit korleis bølger oppfører seg. Dei bygger seg opp, slår inn over land, for å trekke seg tilbake. Det er derimot ikkje noko som tydar på at «bølga» av gamle menneske vil avta i styrke. I alle fall ikkje på ei stund. Talet på gamle medborgarar i forhold til yngre medborgarar vil komme til å stige i mange år framover.

Det nyttar altså ikkje å late att auga, halde pusten, og vente på at bølga trekk seg tilbake.

For det andre er bølgemetaforen problematisk fordi han gir assosiasjonar til krefter som er i stand til å skape store øydeleggingar. «Det blir sannare og finare på engelsk» song teatergruppa AS Dameteater & sønn for nokre tiår sidan.

Dette stemmer definitivt ikkje for «eldrebølga», som på engelsk har blitt omtala som «the silver tsunami» og «the grey tsunami». Uansett, engelsk eller norsk, bølger og tsunamiar kan ha eit kraftig øydeleggingspotensial.

Metaforen er altså temmeleg dystopisk. Denne typen retorikk har av andre enn meg blitt omtala som «alarmistisk demografi» og «statistisk panikk». Problemet med alarmisme og panikk er at det kan skape handlingslamming.

Utfordringar framstår som så store at dei er umogleg å gjere noko med.

NRK er på ingen måte aleine om å skildre den demografiske utviklinga på denne måten. Sjølve metaforen «eldrebølga» blir, rett nok, tidvis bytta ut med litt mindre dramatiske retoriske verkemiddel, som kurvar, pyramidar og statistikk, i ymse reformer, stortingsmeldingar og perspektivmeldingar.

Eldre dame med hendene i været.

Vi blir fleire eldre her i landet, men det er ingen grunn til å skape panikk, skriv kronikkforfattaren. (Illustrasjonsfoto.)

Foto: Marina Bolow / Colourbox

Eg har òg sett korleis framståande politikarar har gjort sitt ytste for å unngå metaforen, og til og med klarer å smette inn ei og anna setning om at det er gledeleg at folk blir eldre i landet vårt.

Like fullt blir det skapt eit bilete av ei «eldrekrise» (for å låne NRK sin eigen ordbruk) som er så omfattande at ho ikkje kan løysast innanfor rammene av velferdsstaten, eller utan å øydelegge for andre sektorar, slik Helsepersonellkommisjonen postulerte i rapporten sin: «Dersom det blir ein vesentleg personellvekst i helse- og omsorgstenestene, vil sysselsetjinga i andre næringar og sektorar måtte reduserast (s. 274).

NRK vel òg å bruke omgrepet «pleietrengande» om gamle menneske som treng helse- og omsorgstenester. Dette er ei alvorleg språkleg avsporing som tåkelegg at desse menneska treng tenester som kommunane er forplikta til å yte.

Ifølge Lov om kommunale helse- og omsorgstenester skal kommunen «sørge for at personar som oppheld seg i kommunen, tilbys nødvendige helse- og omsorgstenester». Og helse- og omsorgstenester fordrar kompetent helsepersonell.

Det vage omgrepet «pleie» kan derimot etterlate eit inntrykk av at dette er noko kven som helst kan yte.

Heller ikkje her er NRK aleine. Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har høyrt framståande politikarar, særleg i valår, snakke om viktigheita av fleire «varme hender i eldreomsorga». Som om det er underordna kva hjernane som styrer desse hendene er fylt med.

Ein liknande logikk kom òg til uttrykk i Helsepersonellkommisjonen si tilråding om «å fordele oppgåver til anna personell der helsefagleg kompetanse ikkje er nødvendig».

Det er i seg sjølv ikkje ein dårleg idé å bruke personell med rett kompetanse til dei rette oppgåvene. Men det er problematisk om dette opnar for at personell med høg kompetanse blir bytta ut med personell med annan eller lågare kompetanse.

Eldre kvinne i eng.

Problemet med alarmisme og panikk er at det kan skape handlingslamming, skriv kronikkforfattaren. (Illustrasjonsfoto.)

Foto: Colourbox

Bruk av ord som «pleietrengande» kan skape eit inntrykk av at «varme hender» er tilstrekkeleg for å ivareta menneske med det som i røynda er omfattande helse- og omsorgsbehov.

Og kanskje er nettopp det – at kven som helst kan assistere gamle menneske som treng helse- og omsorgstenester – eit inntrykk som er komfortabelt for avgjerdstakarar i norske kommunar? I fleire år, og gjennom fleire stortingsmeldingar, har myndigheitene uttrykt at innsatsen frå pårørande må haldast ved like, og helst aukast, for å sikre berekrafta til velferdsstaten.

I så måte er dei moderne kårbustadene i Stavangerhagane eit lovande tiltak. Denne ordninga legg til rette for at familiar med fleire generasjonar kan leve tett på kvarandre, til gjensidig nytte og glede.

Det er samstundes viktig å minne om at denne ordninga, for mange familiar, ikkje kan vere ei permanent løysing. Og ordninga kan ikkje erstatte heimebaserte helse- og omsorgstenester og sjukeheimar.

Med alderdommen følger det, for mange, sjukdom og funksjonsfall. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at 86 prosent av bebuarane i sjukeheimar i 2022 hadde omfattande bistandsbehov. I overkant av 80 prosent av bebuarar med langtidsplass i sjukeheim har demenssjukdom, og dei bruker i snitt sju ulike medisinar.

Det er urimeleg og urealistisk å forvente at familiemedlemmer skal ivareta så komplekse behov.

Senter for alders- og sykehjemsmedisin har anslått at omsorgsbelastning for pårørande til personar med demens i gjennomsnitt er over 2000 arbeidstimar kvart år. Det vil seie seks timar kvar dag. Inkludert helg. Året rundt.

Fortsett å skrive om gamle folk, NRK! Det er gledeleg at det har vore ei slags «bølge» av saker om gamle folk på NRK den siste tida.

Forsett gjerne med det. Men styr unna apokalyptiske metaforar som eldrebølga og unyanserte omgrep som «pleietrengande», som begge, på sitt vis, bidrar til å frita velferdsstaten ansvaret for å skire gode liv for våre eldste medborgarar.

Presenter gjerne nye og lovande døme på korleis offentlege tenester og familiar kan samarbeide. Men ver samstundes vaken for at solskinshistorier kan blende oss, slik at vi ikkje ser at løysingar som fungerer godt for nokon, og i nokre fasar, kan få store kostnader for andre og i andre livsfasar.

Journalistikken er best når han er kritisk, nyansert, og ikkje er drive fram av dystopiske og klikkinviterande ordval.

Då kan han òg vere eit kritisk korrektiv til retorikk som tåkelegg at med alderdommen følger det, for mange menneske, behov for helse- og omsorgstenester av høg kvalitet, utført av fagfolk med høg kompetanse.

Publisert 29.04.2026, kl. 10.03

Read Entire Article