Drepande sommarvarme

1 day ago 7



People wait for a bus at a cool bus stop in Ahmedabad, India, Wednesday, April 2, 2025. (AP Photo/Ajit Solanki) Foto: Ajit Solanki / AP / NTB

Her har temperaturen allereie nådd 43 grader.

Publisert 03.06.2025 00:41

For 20 år gamle Mayank Yadav kan det å sitja på bussen i sommarmånadane i India kjennast ut som om han sitt i ein omn. Då er det deilig å bli møtt av vasspreiarar som dusjar kaldt vatn over han når han går av på eitt av byen sine busstopp.

– Alle lid av varmen. Eg håpar at dei gjer meir av dette over heile byen, seier han.

­­Stadig aukande temperaturar har blitt eit problem for millionar av India sin befolkning. I byen Ahmedabad, der Yadav sjølv bur, har temperaturen allereie nådd 43 grader i år. 

Vanlegvis når ikkje denne delen av India slike temperaturar før om nokre veker, noko som har ført til at bystyret har råda folk til å halda seg innandørs.

Som følgje av dette har lokale myndigheiter, med hjelp frå klima- og helseforskarar, implementert to enkle tiltak. 

Måling vart redninga 

I mange av Ahmedabad sine fattigaste nabolag har hundrevis av hus med blikktak fått eit lag med reflekterande måling. Dette har redusert innetemperaturen, som ellers kan væra opptil fem grader varmare inne enn ute.

Før målinga kom på plass var mange av husa så uuthaldeleg varme at bebuarane føretrekte å halde seg utandørs i skuggen.

– Det var nesten umogleg å sova inne, seier Akashbhai Thakor, som jobbar som varebil-sjåfør og bur i Ahmedabad saman med kona og deira tre månadar gamle baby. 

Taket på huset til paret vart måla som ein del av eit forskingsprosjekt som skal kartlegga effekten av slike «kjøletak».

– Etter at taket vart måla har me merka ein stor forskjell. Det er spesielt kjølig her om natta, seier Thakor.

 Ajit Solanki / AP / NTB
Akashbhai Thakor, til høgre, saman med kona Kumud og dottera i heimen deira i Ahmedabad, India, Torsdag, 3. April, 2025. Foto: Ajit Solanki / AP / NTB

Priya Bhavsar frå Indian Institute of Public Health Gandhinagar er sjølv involvert i prosjektet.

Ho seier at folk som Thakor er spesielt sårbare for ekstrem varme, både fordi husa deira ikkje er isolert, men òg fordi dei fleste i Thakor sin situasjon er avhengig av dagslønn. Difor må dei ofte arbeide ute uansett vær. 

Bhavsar løftar fram at rimelege tiltak kan væra løysinga for tusenvis av innbyggjarar som ikkje har råd til klimaanlegg. 

Ein sårt tiltrengt oase 

Midt i Ahmedabad sentrum har eit 25 meter langt busstopp blitt forvandla til ein oase. Matter av halm er hengt opp og fukta med vatn, noko som umiddelbart senker temperaturen i den gloheite lufta. 

Vasspreiarar i taket gir dei ventande passasjerane ein kjølig dusj, og umiddelbar lindring frå varmen. 

 Ajit Solanki / AP / NTB

SLØKKJER TØRSTEN: Folk drikk vatn ved eit distribusjonssenter på eit busstopp i Ahmedabad, India, Onsdag, 2. April, 2025. Foto: Ajit Solanki / AP / NTB

 Ajit Solanki / AP / NTB

VENTETID: Folk ventar på eit «kjølig busstopp» i Ahmedabad, India, Onsdag, 2. April, 2025. Foto: Ajit Solanki / AP / NTB

 Ajit Solanki / AP / NTB

HYDRERING: Shashi Mishra hentar drikkeposar før ho reiser på jobb i Ahmedabad, India, Onsdag, 2. April, 2025. Foto: Ajit Solanki / AP / NTB

– Utan dette, var det veldig varmt. Det dei har gjort er bra. Eldre folk som meg kan bli litt nedkjølt, seier 77 år gamle Ratilal Bhoire, som ventar på bussen saman med dottera si.

Bhoire fortel at då han var yngre kunne han gå mange kilometer utan å føla seg svimmel, sjølv midt på sommaren. 

– I dag kan eg ikkje gjera det, seier han.

Lege Tejas Shah frå Ahmedabad Municipal Corporation, som overvakar byen sin handlingsplan mot heite, fortel at klimanendringar allereie har vist sin effekt. 

Shah seier at starten på sommaren har vore ei prøvetid, og at tiltak som «kjøletak» og nedkjølande busshaldeplassar reduserar helserelaterte sjukdommar og dødsfall. 

Sidan klimaforskarar berre spår varmare og lengre somrar for byen hans, seier Shah at det å væra godt førebudd er det einaste dei kan gjera.

Det er ikkje berre indiske byar som slit. Også i Europa opplev folk varmare og varmare somrar.

Ein del av ein større trend

Sjef for varmehandtering i FN sitt program for menneskeleg busetting, greske Eleni Myrivili, seier at verdas storbyar no må byrja å rusta seg for ein ny klimarealitet. 

– Byane er reine varmefellene, seier ho og etterlyser ei ny løysing for korleis ein tenkjer byutvikling, med auka fokus på skugge, vind, vatn og grøne område. 

Ifølgje Myrivili er dei mest sårbare menneska høgst utsatt. Det gjeld både dei med helseutfordringar, men òg folk som bur på gata eller i leiligheiter som er dårlig beskytta mot varme. 

 Michael Pappas / AP / NTB
SKOGBRANNAR: Skogbrann herjer i fjella nær Limni, omkring 160 km nord for Aten, Hellas, under ei ekstrem hetebølge 3. August, 2021. Foto: Michael Pappas / AP / NTB

– Me erfarar no ekstraordinære varmesesongar. Dette skyldes dei høge globale gjennomsnittstemperaturane.

I Aten har Myrivili sitt team arbeida med å karegorisera ekstrem varme for  å kunne beskytta samfunnet sine mest sårbare grupper. 

Slik som myndigheitene i Ahmedabad fokuserar dei på kjølande element som anti-varme tak og strukturar som tilbyr reisande passasjerar skugge.

 HANDOUT / AFP / NTB
KLIMAKONFERANSE: Eleni Myrivili snakkar på klimakonferansen COP29 i Baku, Azerbaijan, 20. November, 2024. Foto: HANDOUT / AFP / NTB

Teiknar eit dystert bilete 

Nesten 60 prosent av India sine distrikt, som husar heile 76 prosent av landet sin befolkning, står i fare for å bli hardt ramma av ekstrem varme i framtida viser ein ny rapport. 

Tenketanken Council on Energy, Environment and Water har analysert data om klima, helse og infrastruktur for å rekna ut varmerisikoen. 

I fjor skal meir enn 40.000 tilfeller av heiteslag ha blitt registrert mellom 1. mars og 18. juni rundt omkring i India. Det er særleg høge temperaturar på nattestid og auka luftfuktighet som gjer varmen farleg for helsa. 

Read Entire Article