Mannen i 20-åra som no kjempar for foreldrerett til barnet sitt, er dømd til 21 år i fengsel. Rett etter at han hadde flytta frå kona si braut han seg inn gjennom vindauget på soverommet, valdtok og drap henne medan barnet deira låg og sov.
Mannen fekk lovas strengaste straff, men nektar å gje frå seg foreldreretten til det felles barnet deira.
Spørsmålet har allereie blitt behandla i tingretten og lagmannsretten, og no skal Høgsterett trekkje ein endeleg konklusjon. Det skjer berre når det kan bety noko også for andre saker å få ei avklaring av korleis lovverket skal tolkast.
Dommarane skal konkret ta stilling til kva betydning det har for foreldreretten at far har drepe mor.
Kim Brügger Villanger er advokat for faren som ikkje vil gje frå seg foreldreretten.
Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK– Denne er anka til Høgsterett fordi klienten min er usamd i dommen til lagmannsretten og meiner det er grunnlag for at han skal ha foreldreansvaret, seier Kim Brügger Villander som er forsvarar for mannen i 20-åra.
– Men er det grunn til å tru at barnet ønskjer at faren skal ha foreldrerett etter drap på mora?
– Eg ønskjer ikkje å kommentere kva som eventuelt er kome fram rundt det, seier han.
NRK kjenner identiteten til barnet, men utelèt opplysningar om kjønn og alder av omsyn til vedkomande.
Kriminalteknikarane i Molde sperra av huset der ugjerninga skjedde vinteren 2021.
Foto: Tore Ellingseter / NRKVil legge vekt på kva som er best for barnet
Barnet flytta i fosterheim rett etter drapet, og besøkte far sin i fengsel det første året.
Etter ei tid blei det bestemt at barnevernet tok over omsorga, og at barnet ikkje skulle ha samvær med faren fordi belastninga var for stor.
Barnevernstenesta i Molde meiner i tillegg at faren ikkje lenger skal ha foreldrerett:
«Far skal sitja i fengsel til etter at barnet er myndig. Det er fleire forhold som talar for at far ikkje vil klara å følgja opp barnet, slik barnet har krav på å bli følgd opp. Eit barn med særlege utfordringar, skal ikkje ha ei slik utfordring i tillegg».
Det går fram av Lov om barnevern § 5-8 at domstolen kan frådømme foreldreretten dersom det ligg føre særlege grunnar.
Advokat Frode Lauareid representerer Molde kommune i retten.
Foto: NRKAdvokat Frode Lauareid er ikkje i tvil.
– Vi ser på denne saka i barnets perspektiv og dette barnet, meiner vi, har behov som tilseier at det er andre enn far som skal ta viktige avgjerder i dette barnet sitt liv.
– Men bør ikkje sjølv ein far i ei drapssak kunne behalde foreldreretten?
– Igjen meiner vi at dette må ein sjå i barnet sitt perspektiv, i tråd med både Grunnlova og Barnekonvensjonen. Dette må vurderast ut frå kva som er barnets beste og ikkje eventuelt kva far måtte ønskje seg.
Foreldrerett vil kunne gje faren rett til å bestemme over saker som val av skule, endring av namn, samtykke til adopsjon og inn- og utmelding i trus- og livssynssamfunn fram til barnet er 18 år.
Onsdag behandlar Noregs Høgsterett saka om foreldrerett.
Foto: Gorm Kallestad / NTB– Prinsipielt viktig sak
Curt Andre Lier er advokat og styreleiar for stiftinga Barnas, som arbeider for å styrke rettsvernet til barn. Han meiner det er viktig at saka blir behandla i Høgsterett.
– Dette er ei prinsipiell viktig sak, og det ligg føre ikkje mange rettsavgjerder til dette med foreldrerett.
– Kva håper du kjem ut av behandlinga i Høgsterett?
– Barnas beste skal vere i fokus. Vi meiner at det ikkje er tvil om at det ligg særlege grunnar som tilseier at han ikkje skal ha foreldreansvar for barnet. Dersom Høgsterett kjem til at det ikkje er grunnlag for å ta frå han foreldreansvaret, så bør lova endrast, seier han.
Det er sett av ein dag til behandlinga i Høgsterett.
Curt Andre Lier er advokat og styreleiar i stiftinga Barnas, som arbeider for rettsvernet til barn og unge.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKPublisert 09.04.2025, kl. 05.13