Den EU-vennlege sentrumskandidaten Rafal Trzaskowski og den uavhengige nasjonalisten Karol Nawrocki hadde begge erklært siger i presidentvalet i Polen.
Så tok Nawrocki leiinga i valmålingane.
Måndag morgon er opptellinga ferdig og Nawrocki blir den nye presidenten. Han fekk 50,8 prosent av stemmene, ifølge Reuters.
Det skjer etter at begge kandidatane erklærte valsiger søndag kveld og ein jamn valkamp.
Gjennom valkampen har Nawrocki gjort det klart at han beundrar USAs president Donald Trump. Han blir støtta av det nasjonalkonservative opposisjonspartiet Lov og rettferd (PiS), som hadde regjeringsmakt frå 2015 til 2023.
EU-liberal eller MAGA-mann?
Dei to presidentkandidatane representerte dei to store partia som har styrt Polen dei siste 20 åra. Motkandidaten Rafal Trzaskowski er frå sentrum-høgre Borgarplattforma, Karol Nawrocki representerer det katolske og nasjonalistiske PIS.
Valvinnar Karol Nawrocki (42) har ei fortid som boksar og dørvakt, men har også ei doktorgrad i historie. Han har sagt han vil motarbeide alle reformene til regjeringa.
Med Nawrocki som president er det mange polakkar som ser for seg betre relasjonar til USA.
Rafal Trzaskowski (til venstre) og Karol Nawrocki kjempa om sigeren i presidentvalet i Polen. På valdagsmålinga klokka 1 natt til måndag, leidde Trzaskowski med knapp margin.
Foto: Czarek Sokolowski / AP / NTBMotkandidat Trzaskowski er ordførar i Warszawa og kjem frå same parti som statsminister Donald Tusk. 53-åringen snakkar fleire språk og begynte den politiske karrieren sin som EU-parlamentarikar i Brussel. Med han i presidentpalasset i Warszawa kunne Tusk framleis det tette samarbeidet med andre EU-land.
Ei av kampsakene til Trzaskowski var eit lovforslag som tillèt likekjønna partnarskapar.
Warszawas ordførar har i fleire år deltatt i pride-paraden i byen.
Foto: APTrzaskowski leidde på første måling
Etter at vallokala stengde klokka 21, viste dei første valdagsmålingane ei leiing til Warszawas sentrumsorienterte ordførar, Trzaskowski, som låg an til å få 50,3 prosent av stemmene.
– Vi vann med eit hårstrå, sa Trzaskowski i ein tale kort etter at målingane blei offentleggjorde.
Men så kom målinga der Nawrocki hadde inntatt ei knapp leiing.
– I kveld vinn vi. Vi vinn og vi reddar Polen, sa 42-åringen i ein tale til tilhengarane sine ifølge AFP.
Karol Nawrocki (42) har ei fortid som boksar og dørvakt, men har også ei doktorgrad i historie.
Foto: ReutersMåndag i 06.30-tida viser dei offisielle resultata at Nawrocki stakk av med sigeren.
Ein jamn valkamp
Nawrocki skal ta over etter Polens nåverande president, Andrzej Duda og skal sitte som president i fem år.
Første runde av presidentvalet blei halden 18. mai. Sidan da har alle meiningsmålingane vist svært jamt sprang mellom Trzaskowski og Nawrocki.
Publisert 02.06.2025, kl. 04.32 Oppdatert 02.06.2025, kl. 06.51