– Det siste som skjedde i går var at sistemann spydde utover heile bandet. Då veit du at det er action!
Det er stor aktivitet i kjellaren på Universitetet i Innlandet, avdeling Lillehammer, og Joar Hansen er blant dei mange engasjerte på plass denne dagen.
Rulleskimøllene går, all mogleg data frå ulike målingar blir overvakt på dataskjermar og lyden er høg når forskarar, trenarar og toppidrettsutøvarar er med på eit prosjekt.
Enkelt forklart så måler dei inntak av karbohydrat for å finne ut av kor mykje energi kroppen faktisk treng for å prestere på sitt aller beste. Spesielt på harde treningsdagar.
Målet er å få svar på om det kan forbetre både prestasjonsevne, treningseffekt og restitusjonstid. Og i ein sesong der mange kjempar om få OL-plassar, tel alle detaljar.
– Vi har ein haug med skiskyttarar og langrennsløparar her. Dei kjem to dagar, og trenar dobbel terskel. Den eine dagen har dei eit normalt karbohydratinntak, og den andre dagen doblar vi det. Vi er ute etter å sjå kva konsekvensane av dette er, forklarar professor i idrettsfysiologi, Bent Rønnestad.
Testen skjer mellom anna med terskeløkt på rulleskimølle. Ho er tøff og det blir svetta.
– Det har nesten vore ein liten kamp om å få lov til å vere med i prosjektet. Dei er veldig positive, samarbeidsvillige, og ser veldig stor eigenverdi av å få vite tala for seg sjølve, fortel Rønnestad vidare.
Ein av dei er skiskyttar Johannes Dale-Skjevdal.
– Før gjekk eg tom på nesten kvar andre økt, og dei som har gått på ein næringssmell før, veit at det ikkje er noko digg, og økta blir i alle fall ikkje bra, seier han.
– Eg blir overraska om nokon byrjar å ete mindre etter dette, og reknar med at nokon vil ete meir, meiner Rønnestad.
– Ser litt speisa ut
Sjølve testinga er ganske omfattande. Akkurat nå er det rekruttlandslagsløpar Johan-Olav Botn som har si første økt for dagen på mølla.
Utøvarane går i ti minutt seks gonger med stigning, der dei fem første draga er på terskelfart, og på det siste så gir dei alt dei klarer. Dette gjer dei totalt fire gonger på to dagar.
MÅLAR MED NÅL: Laktatprøver blir tatt med eit lite stikk i fingertuppen etter draga på rulleskimølla.
Foto: Hanne Skjellum / NRKEtter kvart drag på mølla skal dei drikke av ei flaske med spesialtilmålt sportsdrikk, blåse i ein pose og teste laktat.
I sportsdrikken er det enten vanleg konsentrasjon av karbohydrat, som er 80 gram, eller høg konsentrasjon på 120 gram – men berre han som blandar han veit kven som får kva og når slik at utøvarane ikkje blir påverka.
BLINDTEST: Tobias Kristensson er ekspert på ernæring og tilsett i forskingsavdelinga til Maurten – eit svensk selskap som spesialiserer seg på sportsdrikk, gel og kosttilskot med høg konsentrasjon av karbohydrat.
Foto: Hanne Skjellum / NRKPosane dei pustar i er tilsette noko som heiter karbon-13 merking, som gjer at karbohydrata kan bli spora i pusteprøvene.
– Det ser litt speisa ut, flirer Dale-Skjevdal.
– Men det er kult å vere med på det her òg. Det er litt det som er gøy med idrett nå, at ein kan forske på dei greiene her. Det er moro å vere med på. Det handlar jo om å ta steg her, liksom, utdjupar han.
FYLLER OPP: Johannes Dale-Skjevdal trekker pusten og blåser ein pose full av luft rett etter å ha gått seks harde minutt på rulleski.
Foto: Hanne Skjellum / NRKMåtte ete meir
Pusteprøva blir send til eit laboratorium i Sverige for å sjå korleis dei ulike testpersonane har reagert på mengda karbohydrat dei har fått i seg, og da får svar på kva utøvaren har behov for og kroppen klarer å ta opp.
I tillegg startar utøvarane treningsøkta med ein styrketest i beinpressemaskin, for å sjå kraftutvikling og eksplosivitet, noko dei gjentar etter vel ein time på rulleskimølla.
Johannes Dale-Skjevdal gir alt han har før dagens andre terskeløkt.
Foto: Hanne Skjellum / NRKDet blir såpass tøft at han må kaste capsen, og kjenner på krampefølelse.
Foto: Hanne Skjellum / NRKJohan-Olav Botn gir ikke mindre i beinpressemaskina.
Foto: Hanne Skjellum / NRKUlrich Løkken (t.h.) skrev masteroppgave om prosjektet.
Foto: Hanne Skjellum / NRK
Fem timar seinare repeterer dei det heile ein gong til.
– Eg håpar jo vi får lært ein del om kor mykje dette har å seie for treningsutbyttet. Doble terskeldagar er jo noko vi har trena i mange år nå, så å kunne maksimere på dei dagane har ganske mykje å seie i løpet av eit heilt år, meiner Botn.
Fordi Botn er ein av utøvarane med ekstra høg kapasitet, bruker han også mykje energi. Etter den første økta får han beskjed om å ete enda litt meir enn det som eigentleg var planlagt. Eit godt teikn, meiner skiskyttaren.
– Om du skal trene mykje, så må du også ha mykje energi, fastslår Botn, som kryssar av på eit skjema korleis kroppen har reagert på karbohydratinntaket.
Nå skal han heim for å ete, sove og så gi pusteprøve i pose.
Johan-Olav Botn før en lunsj bestående av et ferdigmåltid med ris og kylling, en ekstra porsjon med ris og en liten salat. Utøverne får også et spørreskjema de skal svare på om hvordan magen reagerer.
Trøbbel med lunsjen
Omtrent samtidig kjem Dale-Skjevdal tilbake for sin andre økt for dagen.
– Det tok ein time å få ned lunsjen i dag, fordi eg var så jævlig sliten. Då er ikkje å ete det diggeste, men det gjekk til slutt, fortel han.
Utøvarane følger også sin eigen standardiserte kosthaldsplan desse dagane. Den inneheld i stor grad ferdigrettar med ris eller/og pasta, og Dale-Skjevdal fortel at han skal ete 4600 kaloriar desse dagane.
Likevel blei han svolten på kvelden, og tok ei brødskive med Nugatti.
– Eg håpar vi får eit svar på kor mykje karbo det er vits å putte i seg. La oss seie at kroppen berre tar opp 110 gram karbo i timen, som eit eksempel. Så er det ikkje nokon vits i å ete 120 gram, for då blir det berre trøbbel med magen for eksempel, seier skiskyttaren.
Johannes Dale-Skjevdal viser fram karbomiddagen under forskingsprosjektet. Menyen dei fekk var tilpassa utøvarane berre under forskingsprosjektet.
Også før forskingsprosjektet har han vore klar over energiinntaket, men han er klar på at bevisstheita og kunnskapen rundt rett ernæring har blitt langt større berre dei siste par åra.
– Då var vi ikkje i nærleiken av det vi held på med nå. Så det trur eg er noko som er litt meir sånn «in» i eigentleg alle idrettar, seier Dale-Skjevdal.
– Kva er betydninga av at du har nok energi til å gjennomføre alle treningsøkter inn mot ein ny sesong?
– Det er totalt avgjerande, meiner Dale-Skjevdal.
Fekk sjokk av svar
På rulleskimølla tar han seg fullstendig ut på ettermiddagstreninga, og blir liggande på golvet.
– Eg er redd for å spy, seier han så fort kontrollen på pusten er tilbake.
MYKJE LYDAR: Johannes Dale-Skjevdal blir oppmuntra når han tar ut dei siste kreftene på rulleskimølla.
Når NRK møter han neste gong, har Dale-Skjevdal fått personlege og veldig konkrete svar på forskinga. Blant anna akkurat kor mykje kaloriar og karbohydrat dei brukar og derfor treng på slike treningsøkter.
– Ser ein på korleis det er samanlikna med korleis ein brukar å gjere det, så er det meir mat enn vi er vant til. Det er noko å lære og det gir bevisstgjering.
– Eg har ikkje gått tom på éi økt i sommar, og det skjedde ofte før, forsikrar han og viser fram dagens lunsj med ekstra mykje karbohydrat, forklarer Dale-Skjevdal.
MEIR MAT: Johannes Dale-Skjevdal viser fram ein vanleg porsjon lunsj etter forskingsprosjektet under ei samling med skiskyttarane.
Foto: Anders Boine Verstad / NRKOgså Botn kjente han hadde stort utbytte av å vere med på prosjektet. I ettertid har han hatt ein tydeleg strategi på energiinntaket, spesielt i samband med terskeløkter.
– Det eg lærte mest av var den enorme energibruken eg hadde på 60 minutt terskel. Eg visste det var høgt, men då ein fekk tala så var det eit sjokk at det var såpass høgt, seier 26-åringen.
For han heldt det ikkje å auke mengda undervegs i treningsøkta.
– Den viktigaste lærdommen er nok kanskje at kroppen min uansett ikkje klarer å ta til seg nok karbohydrat undervegs i øktene, så derfor er inntaket før og etter trening veldig viktig, fastslår Botn.
PÅ «LABBEN»: Rekrutt-trenar Anders Øverby (til venstre) saman med Tobias Kristensson og Joar Hansen, mens Johan-Olav Botn går på rulleskimølla på Universitetet i Lillehammer.
Foto: Hanne Skjellum / NRKPublisert 14.11.2025, kl. 18.48




















English (US)