Etter lanseringa for nokre år sidan, har Enhanced Games bekrefta tid og stad for det nye «OL-konseptet»: 21. til 24. mai 2026 i Las Vegas.
Det skal konkurrerast i kortbanesvømming, friidrett og vektløfting. Men det som skil det ut frå andre meisterskapar:
Doping er tillaten.
Pengepremiane per konkurranse er på svimlande 500.000 dollar. For siger aleine får du halvparten.
Tar du verdsrekord? Da ligg det 250.000 dollar til på bordet.
Til samanlikning deler ikkje IOC ut premiepengar i sommar- og vinter-OL, men utøvarane kan få premiepengar av dei nasjonale forbunda.
Meisterskapen har fått sterk kritikk i fleire år allereie, men nå har fleire utøvarar bekrefta at dei blir å sjå i Las Vegas.
– Gladiatorar
DELTAR: Svømmerne James Magnussen og Kristian Gkolomeev på kvar si side av gründeren Aron D’Souza.
Foto: Arafat Barbakh / Reuters / NTBFire tidlegare svømmarar har til nå bekrefta at dei deltar i «Enhanced Games» i Las Vegas neste år.
- James Magnussen for Australia
- Josif Miladinov for Bulgaria
- Andrij Hovorov for Ukraina
- Kristian Gkolomeev for Hellas.
Den positive haldninga dei fire svømmarane har til arrangementet, blir ikkje spegla her heime. Sportssjef i Noregs Svømmeforbund Arild Tveiten er sterkt kritisk til meisterskapen og svømmaranes deltaking.
Han synest det er synd at hans eigen idrett blir dratt inn i dette.
– Vi kan ikkje gjere noko med det, men vi synest det er kjedeleg. Det er svømming, friidrett sprint og vektløfting, og det er profilert fire utøvarar som alle er svømmarar. Det stiller oss i eit dårleg lys. I det store bildet synest vi ikkje det er representativt for kva toppidretten svømming står for. Det er ikkje det vi står for. Det er heller ikkje det internasjonal svømming står for, seier Tveiten til NRK.
– For å seie det litt fint da, det er ein gjeng avdanka svømmarar som skal prøve å tene nokre pengar på tampen av karrieren sin. Eg synest jo dei berre er gladiatorar i eit dumt spel.
– Ikkje i min villaste fantasi
Dei fire svømmarane som har bekrefta deltakinga si i Las Vegas har alle deltatt i «vanlege» OL tidlegare. Magnussen tok OL-medalje i svømming i 2012, mens Gkolomeev har deltatt i fire OL, inkludert så seint som Paris-OL i 2024. Hovorov og Miladinov var med i høvesvis 2016 og 2021.
Magnussen meiner framleis at prestasjonsframande midlar ikkje bør brukast i rein idrett.
– Det er juks og å bryte reglane, men dette (Enhanced Games) følger eit anna sett med reglar, eit anna sett med retningslinjer, og er eit heilt anna produkt, seier Magnussen, som var den første utøvaren som slutta seg til det nye konseptet.
FRÅ PARIS TIL VEGAS: Gkolomeev skal delta i «Enhanced Games» i 2026, men deltok i «vanleg» OL seinast i 2024.
Foto: Darko Bandic / AP / NTBGkolomeev fortalde på ein pressekonkurranse nyleg at han kunne kjenne på frustrasjon over at ein aldri sikkert veit om konkurrentane følger dei same reglane eller ei. Ifølge han var det ein stor grunn til at han vel å gå til «Enhanced Games».
Han tok også nyleg ein uoffisiell verdsrekord i ei drakt som er ulovleg i vanlege konkurransar, og kjenner seg betre enn nokon gong.
Tveiten klarer likevel ikkje sjå noko fordelar med meisterskapen i Las Vegas.
– Eg klarer ikkje i min villaste fantasi å forstå at dette er gode forbilde vi ønsker å bli identifiserte med, eller norsk ungdom skal identifiserast med, seier Tveiten.
– Ja, dei klarer kanskje ein verdsrekord med bruk av ulovlege middel og ulovlege konkurransedrakter og sånn, men for meg vil rein idrett, reine prestasjonar alltid vere det eg set mest pris på. Det trur eg faktisk folk flest også vil gjere.
NRK har bedt om ein kommentar frå arrangøren av Enchanced Games. Vi har ikkje fått svar.
Overrasker kommentatorene: – Kunne blitt en fadese 01:01
Publisert 23.05.2025, kl. 06.24