Dominerte store delar av kampen

1 month ago 20



Det tok berre tre minutt før ballen var i mål for Molde på Aker Stadion. Det var spiss Kristian Eriksen som triller inn første skåring etter pasning frå Markus Kaasa.

Eit kvarter etterpå kunne Eikrem sette inn nummer to for dei blåkledde. Alle gode ting blei tre når Martin Linnes gav Molde ein leiing på 3–0 etter ein halvtime spelt.

Etter ein forrykande førsteomgang blei andreomgangen meir ein transportetappe for Molde. Dei skapte likevel eit par store sjansar i tillegg til at Breivik brann ein straffe mot slutten.

Linnes setter inn 3-0 for Molde

Draumeopning for Molde som har sjokkert Cercle Brugge på heimebane.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Cercle Brugge var svært tamme heile kampen som er den tredje kvalifiseringsrunden i Europa League.

Vinnaren av dobbeltoppgjeret

Kampen på torsdag er det første av to oppgjer. Molde FK skal spele returoppgjeret på Jan Breydel Stadion i Brugge om ei veke.

Jan Breydel Stadium, Belgia

Jan Breydel Stadium i Belgia skal få besøk av dei blåkledde neste veke.

Foto: Yves Herman / Reuters

Vinnaren vil gå vidare til playoff, der vinnaren av oppgjeret mellom HNK Rijeka og IFK Elfsborg blir motstandar.

Taparen vil gå inn i playoff til Conference League, der motstandar blir vinnaren av oppgjeret mellom FC Spartak Trnava og Wisla Krakow.

Kjem Molde vidare betyr det meir pengar i kassa.

Ny spiss i aksjon

Den danske spissen Frederik Ihler signerte for MFK tidlegare denne veka. Dansken var med frå start som innbytar. Etter 76 minutt blei det spelarbytte, der Magnus Wolff Eikrem blei erstatta med Ihler som fekk prøve seg på ny matte.

Moldes Frederik Ihler

Frederik Ihler fekk prøve seg på ny heimebane.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Publisert 08.08.2024, kl. 20.54 Oppdatert 08.08.2024, kl. 21.09

Read Entire Article