Døde etter arbeidsulykke i Kinn – kom i klem under hjullastar

2 hours ago 2



Ein mann kom natt til laurdag i klem under ein hjullastar som velta.
Politiet fekk melding klokka 05.51 om ei alvorleg ulykke i eit steinbrot, der det blir utført nattarbeid.

Ulykka har skjedd i samband med anleggsarbeid.

– Vedkomande er erklært død på staden, opplyser operasjonsleiar Tore-Andre Brakstad.

Den døde er ein mann frå Latvia og dei pårørande er varsla.

Ulykke ved steinbrot i Kinn

Ulykka skjedde i samband med nattarbeid på steinbrotet ved DC Seljestokken.

Foto: Nils Ole Refvik / NRK

Arbeidet skjedde inne på lukka området ved steinbrotet. Politiet seier hjullastaren har hamna utfor ei skråning eller ein skrent, før han hamna på sida.

Mannen kom då i klem mellom bakken og hjullastaren.

Det var fleire på jobb den natta, men kollegaene skal ikkje ha sett sjølve ulykka.

Laurdag føremiddag er naudetatane på staden. Politiet oppretta tidleg sak og starta etterforsking.

Det blir også jobba med å følge opp kollegaer som var på jobb.

– No er vi på staden med politiets kriminalteknikarar, som gjer grundig undersøking av åstaden. I tillegg har vi avhøyrd dei arbeidskollegaene som var på staden og arbeidsgjevar.

Den omkomne mannen er frå Latvia, politiet opplyser at det har teke tid å varsle pårørande om dødsfallet.

Seljestokken ligg litt sør for Botnane, i Kinn kommune.

Produserer stein

Ulykka skjedde noko sør for Botnane, ved steinbrotet DC Seljestokken, som blir drifta av selskapet Romarheim.

Selskapet presenterer seg sjølv som eit selskap som leverer tenester innan bygg og anlegg, entreprenørarbeid, forskaling, massehandtering og knuseverk.

Bilete frå heimeside

Romarheim opplyser på heimesidene at selskapet er ansvarleg for heile drifta i anlegget.

Foto: Bilete frå nettside til Romarheim

heimesida skriv selskapet – om prosjektet i Seljestokken – at det blir utført opplasting, grovknusing og transport av sprengstein for rundt ein million tonn, kvart år.

NRK har laurdag snakka med leiinga i selskapet. Konsernleiar i Romarheim, Kåre Romarheim, seier det er ei tragisk ulykke.

– Det er berre heilt forferdeleg. Det har skjedd det som ikkje skal skje. Ein av våre fantastiske medarbeidarar er omkomen.

Han seier det vart sett krisestab så fort han vart kjent med ulykka, i tillegg til løpande kontakt med arbeidsleiar på staden.

Selskapet har også involvert kriseteamet i Kinn kommune etter ulykka.

Bilete frå Romarheim

På heimesidene til Romarheim blir det opplyst at det blir utført grovknusing og transport av sprengstein på anlegget i Seljestokken.

Foto: Bilete frå nettsida til Romarheim

Publisert 31.01.2026, kl. 15.40 Oppdatert 31.01.2026, kl. 15.49

Read Entire Article