Dobbeltdrap i Göteborg – politiet står utan mistenkte

1 day ago 19



Politiet leitar etter minst éin gjerningsperson etter at to menn blei skotne og drepne i Biskopsgården i Göteborg seint måndag kveld.

Ein tredje person var på staden men kom seg unna utan fysiske skader. Det skriv SVT.

– Vi har leita gjennom natta for å finne minst éin gjerningsmann, men har så langt ingen mistenkte. Vi utelukkar ikkje at det kan dreie seg om fleire gjerningspersonar, seier talsperson Thomas Fuxborg i politidistrikt Väst i ei pressemelding.

Hendiga blir etterforska som drap.

Bråk på sjukehuset

Politiet fekk melding om skytinga kl. 23.36 måndag kveld. Då politiet kom på staden fann dei to menn i alderen 20 og 25 år med skotskadar. Dei blei køyrde til Sahlgrenska universitetssjukehus, men døydde av skadane der.

Om lag 15 personar samla seg utanfor sjukehuset og det var bråk på staden. Politiet sette inn to patruljar ved inngangen og legevakta blei seinare stengd.

Motivet for drapa er framleis uklårt.

– Vi skal kartlegge kven desse personane er, kven dei var saman med, kva dei gjorde i [går] kveld og kvifor dei har blitt mål, seier Fuxborg til SVT.

Den tredje personen som var på staden er ein mann i 30-åra og har blitt avhøyrt i løpet av natta, ifølgje Göteborg-Posten.

Publisert 15.04.2025, kl. 07.38 Oppdatert 15.04.2025, kl. 07.58

Read Entire Article