DNT raser mot «bit-for-bit»-utbygging: – Heilt høl i hue

15 hours ago 1



Ein ny rapport frå DNT viser for første gong korleis framtidige byggjeplanar kræsjar med friluftslivet.

Oversikta viser at 40 prosent av planane ligg i definerte friluftsområde. Det svarar til eit areal som er fem gonger så stort som Oslo kommune.

– Dette er alarmerande, og heilt høl i hue, seier Inger Lise Blyverket, generalsekretær i DNT.

Ho viser til at ansvaret for områda er «fordelt på så mange hender at det i praksis er fullstendig pulverisert.»

– Naturkrisa kjem av tallause vedtak i stat og kommune om å byggja i verdifull natur, seier ho.

– Bit for bit erstattar vi hundremeterskogar med næringsbygg, fjellnatur med kraftverk og strandsona med privathytter.

DNT-sjef Inger Lise Blyverket rettar eit skarpt søkelys mot det ho meiner er ei hovudlaus nedbygging av uerstattelege område.

DNT-sjef Inger Lise Blyverket, her saman med Kronprins Haakon, rettar eit skarpt søkelys mot det ho meiner er ei hovudlaus nedbygging av uerstattelege område. – Vi treng ein nasjonal styring på eit heilt anna nivå enn i dag. Det overordna målet må vere arealnøytralitet innan 2030. For å lukkast må kommunane gå gjennom alle planane sine og utføra ein «vask», seier ho.

Foto: Heiko Junge / NTB

I første omgang etterlyser Turistforeininga to konkrete tiltak:

1. Nasjonal arealnøytralitet innan 2030

2. Full «planvask» i kommunane for å ta betre vare på natur- og friluftsliv

Sjå fleire reaksjonar på rapporten under.

  • Arnar Kvernevik

    Oddmund Reisæter Haugen

    Arnar Kvernevik, ordførar i Gloppen

    Det er positivt at DNT løftar behovet for betre kunnskap om natur og friluftsliv. Men ein generell «planvask» som overstyrer lokale vedtak utan nye konkrete vurderingar, vil utfordre både lokaldemokratiet og eigedomsretten. Vi har allereie teke eit viktig grep for å rydde i utdaterte planar.

  • Erlend Kvamsdal, ordfører i Masfjorden (H).

    Oddgeir Øystese

    Erlend Kvamsdal, ordførar i Masfjorden

    Det er bra at vi får betre oversikt over det samla presset på naturen. Samtidig er det viktig å nyansere. Desse planane er i stor grad resultat av gode lokale, demokratiske prosessar der ein prøver å balansere natur- og friluftsomsyn opp mot behov for bustader, næringsutvikling og arbeidsplassar.

  • Ola Svenneby ser på Odd Emil Ingebrigtsen

    Thomas Fredrik Kristensen / NRK

    Odd Egil Ingebrigtsen, ordførar i Bodø

    Lokaldemokratiet er viktig, og kommunane bør få styra seg sjølve utan for mykje statleg detaljstyring. I Bodø har vi sjølve innført mål om arealnøytralitet og skal mellom anna planta skog på det gamle flyplassområdet. Ved å styra slike prosessar lokalt, finn vi gode løysingar og ein mjukare overgang som tek omsyn til den private eigedomsretten – noko statleg overstyring sjeldan gjer.

  • Ordfører i Austrheim kommune, Morten Sognnes.

    Oddgeir Øystese

    Morten Sognnes, ordførar i Austrheim

    Ved å kartleggja friluftsområde og stiar, har vi eit oppdatert kunnskapsgrunnlag som sikrar at nye planar ikkje kjem i konflikt med naturverdier. Vi har elles valt å ikkje leggja inn nye hytteområde, men heller prioritera å vera ein «innbyggjarkommune». Dette er eit prinsipielt val om å konsentrera utbygginga til område som allereie er rørde.

  • en mann med dress, skjegg og lysblå skjorte

    Daniil Thorkild Ryvænge / NRK

    Bengt Fasteraune, stortingsrepresentant for Senterpartiet

    Vi ser fleire gonger at når utfordringar blir slik beskrivne som DNT gjer her, er løysinga å vedta ytterlege nasjonale føringar og målsettingar. Det er eitt vårt syn så langt frå løysinga som du kan komme. Kommunar skal vere sjølvstendige politiske nivå med ansvar for heilskapleg samfunnsutvikling. Når makt blir spreidd og avgjerder blir tatte nær folk, styrkes både demokratiet og fellesskapen.

  • En ung kvinne står og ser mot kamera. Hun har på seg en svart genser. Bak henne er det en grønn banner med et gult mønster. Til venstre i bildet er det glassdører og grønne planter. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    William Jobling / NRK

    Frøya Skjold Sjursæther, stortingsrepresentant for MDG

    Dette viser oss at naturnedbygginga i Noreg er ute av kontroll. Vi treng ein heilt annan politikk for å stoppe nedbygginga av natur, friluftsområde og matjord. Alle kommunenivå revidere arealplanane sine, såkalla planvask, og alle infrastrukturprosjekt må vurderast opp mot målet og dessutan forpliktingane i den internasjonale naturavtalen.

  •  Andreas Flåm

    Hallgeir Braastad / NRK

    Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet

    Dette er ein viktig rapport, som tydeleg viser korleis bit-for-bit-nedbygginga av norsk natur framleis er heilt ute av kontroll. Med dagens system, er det heilt umogleg å oppfylle Noregs forpliktingar under Naturavtalen. Det hastar med kommunal planvask for å fjerne utdaterte utbyggingsplanar, og at Arbeidarpartiet innfrir sitt eige valløfte om å etablere arealnøytralitet som prinsipp.

  • en mann med skjeggWedege

    Torbjørn Hundere / Naturviterne

    Morten Wedege, leiar i Naturviterne

    Vi treng å forsterke fagmiljøa som jobbar med natur og klima i kommunane. Søknadsordningar som natursats føreset jo at kommunen har kapasitet til å søke og gjennomføre ein planvask. DNT rapporten er dessverre nok ei bekrefting på vi ikkje er i mål med å bremse naturtapet. Samtidig trengst det verkemiddel som kan sikre ein meir overordna og heilskapleg arealplanlegging.

– Total mangel på respekt for lokaldemokratiet

For mange private aktørar kan ein kommunal «planvask» innebere at dei mistar byggeretter som dei alt har investert i.

– Dette er provoserande og total mangel på respekt for lokaldemokratiet, seier Øygarden-ordførar Tom Georg Indrevik.

Bak alle desse vedtaka skal det ligge grundige utgreiingar og prosessar. Dei er vedtatt i demokratisk valde kommunestyre etter omfattande høyringsrundar.

Tom Georg Indrevik

Dei som bur nærast naturen og kjenner dei lokale behova best, er også dei som er best skikka til å forvalte areala, meiner Tom Georg Indrevik.

Foto: Nina Kausland / NRK

Ordførar i Masfjorden, Erlend Kvamsdal minner om at det som regel blir sett av langt meir areal i planar enn det som faktisk blir bygd ut.

Det er bra at vi får betre oversikt over det samla presset på naturen. Samtidig er det viktig å nyansere. Desse planane er i stor grad resultat av gode lokale, demokratiske prosessar, seier han.

Sist veke gjekk Støre-regjeringa på eit nytt nederlag i Stortinget.

Berre to veker etter nederlaget om drivstoffavgifter, fekk regjeringa ny beskjed frå Stortinget: Staten skal blande seg mindre inn i det lokale sjølvstyret.

Ein planvask vil få konsekvensar, og det er også meininga

DNT-sjefen står fast på at planvask er resepten:

Vi treng ein nasjonal styring på eit heilt anna nivå enn i dag, seier ho.

Mange kommunar har brukt år og millionar av kroner på desse planane. Er det ikkje arrogant av ein medlemsorganisasjon å krevje at dei skal rykke tilbake til start?

Det er ikkje arrogant i det heile, det er avgjerande for å ta vare på naturen. Eg har forståing for at kvar enkelt kommune ikkje ser korleis deira planar inngår i ein samla rasering av norsk natur. Men regjeringa er nøydd til å ta ansvar for heilskapen, og setja ein stoppar for at naturen vert bygd ned bit for bit.

Ein «planvask» betyr i praksis å trekke tilbake byggeretter frå private grunneigarar. Kven skal ta rekninga for erstatningskrava som kan komme frå utbyggarar som mistar rettane sine?

Ein planvask vil få konsekvensar, og det er også meininga. Vi kan ikkje halda fram med å byggja ned natur. Regjeringa må finna verkemiddel som fungerer som både pisk og gulrot. Det kan trengst insentiv som gjer det enklare for kommunane å sjå dei reelle verdiane i naturen, slik at dette kan gjennomførast på ein måte kommunane opplever som ei styrking.

DNT driftar 600 hytter og tusenvis av kilometer med stiar i sårbar natur. Er ikkje slitasjen frå hundretusenvis av turgåarar også ein del av «bit-for-bit»-nedbygginga?

– Vi trur det er betre å dela på hyttene vi allereie har, heller enn å byggja nye. Dei legg til rette for at folk kan dela på den naturen vi har, på ein skånsam måte, både no og i framtida.

Tapt natur mens du har lest denne saken:

Publisert 14.04.2026, kl. 06.06

Read Entire Article