Legenda frå nord gjekk bort like før jul, 19. desember. Da sovna han inn på Otium bu- og servicesenter i Tromsø, 88 år gamal.
Arthur Arntzen blei kjent for heile landet med karakteren Oluf Rallkattli, som fekk folk i nord og sør til å flire i nærmare 60 år.
Han skreiv også fleire bøker, og var i utgangspunktet journalist – men med ein stor iver etter å få folk til å flire. Han fekk dermed også tilnamnet «flirolog» og blei utnemnd til professor i faget ved UiT.
Bisettinga skjer i Tromsdalen, bydelen kor han sjølv levde heile sitt vaksne liv. Han har blitt omtala som «verdas mest kjente tromsøværing».
Bisettinga er i Tromsdalen kyrkje, også kjent som Ishavskatedralen.
Foto: Rebekka Ellingsen / NRKBisettinga i Tromsdalen kyrkje blir leia av biskop Stig Lægdene.
Gravferda startar klokka 10. Kyrkja er open for alle som vil ta eit siste farvel med humoristen. Allereie ein time før seremonien skal starte er det mange som har funne fram til kyrkja.
NRK sender direkte på nrk.no og på NRK2.
Minnebord i bisettinga.
Foto: Rebekka Ellingsen / NRK– Ein stor mann
Cecilie Myrseth skal halde minnetale på vegne av regjeringa. Ho vaks sjølv opp i Nord-Noreg, i Lavangen, og kan hugse at det var nettopp Arthur Arntzen som lærte ho kva humor kunne vere.
– Eg har flirt så mange timar i sofaen saman med besteforeldra mine. No skal eg prøve å få mitt barn til å vite kven denne mannen var, som kjem til å stå igjen som ein mann med humor og snert, og nordnorske historier vi ikkje kjem til å gløyme.
Myrseth meiner det er ein stor mann som skal ut på si siste reise i dag.
– Han gjorde nordlendingar stolte av oss sjølv og kor vi kom frå, og han fekk søringar til å forstå oss. Det er ikkje ei lita bragd, vil eg seie. Det er ein stor mann vi tar avskjed med i dag, og det er ei stor ære å tale på vegne av regjeringa, seier Myrseth.
Næringsminister Cecilie Myrseth held tale for regjeringa i bisettinga.
Foto: Rebekka Ellingsen / NRK– Ein snill mann, ein varm mann.
Slik oppsummerer Stig Lægdene mannen som i dag blir bisett frå Tromsdalen kyrkje. Han meiner humoren til Arntzen var både eigna for gapskratt og ettertanke.
– Det er kanskje da humoren blir best, når det er eit alvor under.
Den nye biskopen i Nord-Hålogaland bispedømme blei spurt av familien til humoristen om å leie seremonien. Dei to leia fleire gudstenester saman.
Biskop Stig Lægdene skal leie bisettinga.
Foto: Rebekka Ellingsen / NRKArntzen brukte Tor Jonsson sine dikt i desse gudstenestene, dikt som handlar om korleis det er å vakse opp under tronge kår, i fattigdom. Dette gav gjenklang hos tromsøværingen.
Diktet «Barndomsheimen» er blant dei som skal lesast under bisettinga.
Tromsdalen kyrkje blir fylt opp før bisettinga startar klokka 10.
Foto: Rebekka Ellingsen / NRKOluf har betydd alt for Arthur Arntzen. Intervjuet er gjort da han blei 80 år og fekk ein veg i Tromsdalen oppkalla etter seg.
Publisert 07.01.2026, kl. 08.36 Oppdatert 07.01.2026, kl. 09.55














.jpg)





English (US)