Digital teneste skal få ned ventetida

2 hours ago 2



Det skal ei gruppe studentar no sjå om dei kan gjere noko med.

– Det er ei nasjonal utfordring. Vi må få fart på plan- og byggesaksbehandlinga for at vi skal kunne bygge dei bestilte bustadene i landet, seier Venke Moe.

Ho er plan- og bygningssjef i Kristiansand kommune.

en person som smiler til kameraet

Venke Moe er imponert over innsatsen til dei ferske studentane.

Foto: Marit Henriette Skjævesland Gustavsen / NRK

23 studentar frå Universitetet i Agder (UiA) skal dette semesteret samarbeide med kommunen for å utvikle digitale tenester som skal forbetre byggesaksprosessen.

– Tenesta skal hjelpe oss slik at prosessen med saksbehandling går raskare, seier Moe.

Kommunen har tett samarbeid med Direktoratet for byggkvalitet.

Det er eit felles mål å gjere søkeprosessar lettare for både publikum og saksbehandlarar.

Kva irriterer deg mest med byggesøknadene?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Nasjonal satsing

Ein av studentane som skal vere med å utvikle tenestene er Ole Bjørk Olsen.

– Basert på det vi har høyrt, er det lange tider på saksbehandling. Spesielt for plan og bygg, seier han.

Studentene skal samarbeide med kommunen for å lage digitale tenester til byggesaksprosessar.

Marit Henriette Gustavsen

Tenesta dei jobbar med skal blant anna gi lettare informasjon om kva som er lov.

Då er det viktig å kartlegge korleis tenesta kan bli brukarvennleg.

  • Et skjermbilde av ein fiktiv person

    «Trine Trana» er ein eldre søker med lite teknisk erfaring. Ho ønsker å finne ut av om ho kan byggje noko på eigedomen sin.

    Illustrasjon: Privat
  • Et skjermbilde av ein fiktiv person

    «Ola Okse» har god teknisk kompetanse og ønsker å få raskt svar på om det han ønsker å gjere på eigedomen sin er lov.

    Illustrasjon: Privat

Eit eksempel kan vere ein søkar utan teknisk kompetanse som ønsker å bygge ein garasje på eigedommen sin.

– Søkaren kan møte på fleire utfordringar enn ein som kanskje har meir tekniske ferdigheiter, forklarer student Henrik Sæverud Lorentzen.

En person som sitter i en stolen person som ser i kamera

Studentene Ole Bjørk Olsen og Henrik Sæverud Lorentzen er klar for et semester utenfor universitetet. Foto: Marit Henriette Gustavsen

Frå 12 veker til minutt

Rådgivar for digitalisering i KS, Heidi Liv Tomren, heiar på samarbeidet i Kristiansand.

Ho håpar på meir automatiserte løysingar i framtida med kortare responstid.

– Søkaren kan få ein SMS etter berre nokre minutt med:«søknaden din er godkjent», seier ho som eit eksempel.

En kvinne med briller som smiler til kamera

Heidi Liv Tomren, KS

Foto: KS

Tomren meiner det trengst slike tenester for å avlaste kommunane.

– Arbeidet kommunane gjer med førespurnader frå privatpersonar er veldig tidkrevjande, seier ho.

Unikt samarbeid

Samarbeidet er unikt på landsbasis.

– Nye, unge hovud tenker annleis enn vi som har jobba med dette lenge. Samarbeidet er heilt fantastisk, seier plan- og bygningssjef Venke Moe.

Hallgeir Nilsen er førstelektor ved UiA og organiserer studieprogrammet.

En mann i blårutete skjorte

Hallgeir Nilsen, førstelektor Institutt for informasjonssystem ved Universitetet i Agder

Foto: Marit Henriette Skjævesland Gustavsen / NRK

– Bedriftene er modige. Dette motiverer og skjerpar studentane. Plan og bygg i Kristiansand kommune er ein av våre aller viktigaste samarbeidspartnarar.

Kontorkvardag

Studentane hadde nyleg sin første arbeidsdag i kommunen.

Gjennom heile våren skal studentane jobbe med prosjektet på heiltid.

Å komme ut frå studiekvardagen til jobbkvardag kan vere ein overgang for mange, men studentane er motiverte.

– Det blir heilt fantastisk. Eg kjem ut i arbeidslivet med litt erfaring, seier Henrik Sæverud Lorentzen.

Publisert 28.01.2026, kl. 17.39

Read Entire Article