Difor ynskjer me Hovdestøylen-området som ordinært hotell

8 hours ago 5



I diverse lesarinnlegg går utbyggere av Hovdestøylen ut med at dei er misnøgd med det dei oppfattar som ei hindring av utvikling av Hovdestøylen.

Me meiner at kommunen må holde av verdifulle områder til reine varme senger (hotellføremål) for fremtida når me no ser at areal vil bli avgrensa, skriv innsendarane. Foto: Roald Tufte Rødberg/Prosjektgruppen

Navn på forfattarane står under teksten.

Me ser det naudsynt å nyansere dette biletet.

Framlegget kommunestyret i Bykle tok stilling til var om ein ville omregulere dagens område ved Hovdestøylen frå hotellføremål til såkalla kombinert føremål.

Fyrstnemnde er tradisjonell regulering for hotellsenger, populært kalla «varme senger». Vidareføring av denne reguleringa er me positive til.

Høy pris for å stanse utvikling

Åpen

Investorer tordner: – Vil de ikke ha flere turister på Hovden?

Stemte nei til hotell­utbyg­ging: – Skjønner ikke at det går an

Vedtok utbygging - set krav om hotellrom

Sistnemnde er ei blanding av hotellsenger og sjølveigarleilegheiter som skal kunne gå i utleige.

Me opplever det som usikkert om ei blanding av hotell og private/utleigeleilegheiter, vil vere etterprøvbart. Eller om ei slik regulering på sikt vil kunne utvikle seg til reine private leilegheiter (kalde senger), slik me har andre døme på i Bykle kommune frå andre område/reguleringsføremål. På bakgrunn av dette er me i utgangspunktet ikkje positive til kombinert føremål.

Som kjent pågår det arbeid med kommuneplanens arealdel og tilstøytande planar, som sti- og løypeplan.

Ut frå drøftingane siste åra har truleg mange fått med seg at det er naudsynt å prioritere strengare kvar og kor mykje me skal bygge ut. Dette utbyggingsvolumet vil også få konsekvensar for løypenettet som – avhengig av antal nye einingar – også må flyttast bort frå dei mest sårbare områda.

Me ynskjer difor ikkje å føregripe planarbeidet, og køyre eit parallelløp med å omregulere Hovdestøylenområdet no. Dette vil vere uheldig både for planprosessane og eveneuelle andre grunneigarar/utbyggjarar, som kanskje vil måtte justere ned sine planar i andre område i den ordinære revisjonen av arealdelen – av nokre kalla for «planvasken».

Me ser at areal byrjar å bli ein avgrensa ressurs, og ynskjer difor å disponere Hovdestøylen-området til ordinært hotellformål. Med andre ord: Dersom eigarane bak Hovdestøylen kjem med ein søknad om ei «ordinær» utviding/utbygging innanfor dagens reguleringsføremål, utan omregulering/omkamp, er dette noko me i utgangspunktet vil stille oss positive til. Det er dette som vil skape mest vekst, utvikling og trygge arbeidsplassar.

Me veit at det argumenterast for at ei ordinær hotellutbygging ikkje er lønsam. At det kan være andre utbyggingsformer som er meir lønsame på kort sikt, er godt mogleg. Men som planmyndigheit meiner me at kommunen må holde av verdifulle områder til reine varme senger (hotellføremål) for fremtida når me no ser at areal vil bli avgrensa.

På den gamle Høyfjellshotell-tomta er det allereie gjeldande rekkefylgjekrav knytta til endring av arealføremål. Rekkefylgjekrav legg til grunn eit bytte til kalde senger og delvis utleigekrav på Høyfjellshotell-tomta, mot at desse erstattast ved Hovdestøylen som varme/hotellsenger.

I planen som no er lagt fram for Hovdestøylen-området er det lagt opp til at ein skal kunne bygge ut opptil 80 prosent av privatleilegheitene, før det byggast hotelleilegheiter (varme senger). Med historikk knytta til rekkefylgjekrav som endå ikkje er følgt opp, ynskjer me ikkje å gå inn for nye tilsvarande planar før opprinnelege avtalar/rekkefylgjekrav er etterlevd og det er funnen ein sikker praksis for oppfølging av slike intensjonsavtaler.

Sigmund A. Trydal, Bykle Senterparti

Steinar Haugen, Bykle Senterparti

Anne Blix Grimestad, Uavhengig

Espen Mikkelsen, Venstre

Randi Steinsholt, Venstre

Åsmund Hoslemo, Bygdelista

Thor Bernhard Sagland, KrF

Read Entire Article