Eit 200 meter langt belte med diesel-søl gjer at det fredag morgon er manuell dirigering på E16 mellom Bulken og Evanger i Voss herad.
Ulykka skjedde litt over klokka 06 fredag morgon da ein lastebil kolliderte med ein 300 kilo tung stein, som slo hol på ein dieseltank under bilen. Tanken skal vere på fleire hundre liter.
Delar av steinen trefte i sin tur ein bil i motgåande køyreretning, som fekk mindre skadar.
Oppfordrar bilførarar til å vere «ekstra observante»
Trafikkoperatør Rolf Einar Vågheim kan ikkje seie når vegbanen er ferdig kosta, eller når lastebilen er henta av bilbergar.
Truleg må ein geolog også ut for å vurdere når E16 kan opnast igjen.
Bakgrunnen er at det løpet av morgonen har komme meldingar om steinsprang i heile fylket.
Vågheim i Vegtrafikksentralen oppfordrar bilførarar til å vere «ekstra observante» i morgontimane.
– Vi har også fått meldingar om steinsprang i Aurland, seier han.
Innsatsleiar i Voss brannvesen, Bjørn Dolve, deltok i redningsarbeidet fredag morgon.
Han fortel at fragment av steinen er spreidde over ei lang strekning, men at diesel-lekkasjen – som gjer vegbanen glatt – er ei større utfordring.
Han forklarer at dei har tilkalla hjelp som vil «smørje» vegbanen med eit middel som nøytraliserer diesel-sølet og gjer vegen mindre glatt.
E16 ved Øvstøyni er stengd etter at lastebil køyrde inn i stor stein og lakk diesel over ei strekning på 200 meter.
Foto: Voss brannvernPublisert 07.11.2025, kl. 07.56
















English (US)