Dick Cheney er død

1 day ago 2



Cheney døydde måndag, med den næraste familien til stades, skriv dei i ei melding.

– Kona hans gjennom 61 år, døtrene Liz og Mary, og andre familiemedlemmar var saman med han då han gjekk bort. Den tidlegare visepresidenten døydde som følge av komplikasjonar knytt til lungebetennelse og hjarte- og karsjukdom, skriv dei.

Cheney var visepresident under president George Bush mellom 2001 og 2009. Hans lange politiske karriere gjorde han til ein svært mektig visepresident i USA.

– Han var ein av dei mektigaste og mest innflytelsesrike visepresidentane i USAs historie. Han var veldig tydeleg i ordbruken, og i måten han formulerte seg på, seier USA-ekspert og rådgjevar i tankesmia Civita Eirik Løkke.

Mektig visepresident

Cheney blir rekna som arkitekten bak «krigen mot terror» etter angrepa 11. september 2001, og var med å leie USA inn i Irak-krigen.

– I etterkant av angrepet på tvillingtårna, var Cheney overtydd om at dei måtte ha ein mykje meir aggressiv utanrikspolitikk. Han meinte dei måtte gå mykje hardare til verks, også militært, for å få bukt med terrorisme, seier Løkke.

George W. Bush og Dick Cheney poserer for et bilde

Cheney var ein av dei mektigaste visepresidenten i USAs historie. Her er han saman med George W. Bush i valkampen i 2000.

Foto: Jeff Mitchell / Reuters / NTB

På 1970-talet var han stabssjef i Det kvite hus, før han blei valt inn i Representanthuset i 1979.

Han sat i Kongressen fram til 1989, då president George H.W. Bush henta han som forsvarsminister. Han blei sittande i den posisjonen til Bush måtte gå av i 1993.

et par menn i dress som kysser

Dick Cheney var forsvarsminister mellom 1989 og 1993 under president George H.W. Bush.

Foto: JEROME DELAY / AFP / NTB

Forsvarte auka overvaking

Som visepresident tok Cheney til orde for å utvide makta til presidenten.

Han utvida også innverknaden visepresidenten kunne ha ved å sette saman eit nasjonalt sikkerheitsteam, som fungerte som eit eige maktsenter i administrasjonen.

Scooter Libby, Mary Matalin sitter ved et bord med mat og drikke

Visepresident Dick Cheney leia staben i Det kvite hus etter terrorangrepet 11. september. President George W. Bush var frakta til ein trygg stad av Secret Service.

Foto: HANDOUT / Reuters / NTB

Cheney kom i konflikt med fleire av rådgjevarane til Bush, blant anna utanriksministrane Colin Powell og Condoleezza Rice, skriv Reuters.

I etterkant av terrorangrepet 11. september 2001 forsvarte Cheney også overvaking, forvaring og utspørjing med avhøyrsmetodar av terrormistenkte som inkluderte vasstortur og søvnmangel.

Stemte på Harris

Sjølv om han var konservativ til det siste, var han sterkt kritisk til Donald Trump, som han meinte var den største trusselen mot USA nokon gong.

I presidentvalet i fjor støtta han på den demokratiske kandidaten Kamala Harris, fordi han meinte Trump ikkje var eigna.

– Han kan aldri få makt igjen. Som amerikanske borgarar har vi ei plikt til å sette land framfor parti for å forsvare grunnlova vår. Difor kjem eg til å stemme på Harris, sa han i ei fråsegn.

Løkke meiner dette viser ei litt anna side av den tidlegare amerikanske visepresidenten enn den nordmenn flest kjenner.

– Eg vil meine at han alltid var patriot, sjølv om mange i Noreg ikkje vil hugse han som det. Men Cheney endra måten han stemte på i 2024, med å støtte Kamala Harris fordi han meinte Donald Trump var ein stor trussel mot republikken.

Cheney var faren til Liz Cheney som i fleire år var republikansk kongressrepresentant. Ho var også sterkt kritisk til Trump som president, og støtta at han kunne bli stilt for riksrett etter storminga av Kongressen.

Publisert 04.11.2025, kl. 12.30 Oppdatert 04.11.2025, kl. 13.55

Read Entire Article