Dette veit vi om 17-åringen som er sikta for knivangrepet i Southport

1 month ago 21



Ved 13.30-tida torsdag offentlegjorde britisk politi namnet på den sikta for Southport-angrepet.

Axel Muganwa Rudakubana er sikta for tre drap, ti drapsforsøk og for å ha bore ein skarp gjenstand.

Politiet har opplyst at dei ikkje ser på knivangrepet som terror. Dei leitar ikkje etter fleire gjerningspersonar.

Torsdag kom den sikta til tingretten i Liverpool kledd i grå joggedress frå fengselet.

Gjennom den snautt timelange høyringa, dekte Rudakubana til ansiktet med genseren trekt opp til hårfestet. Han nekta å snakke, inkludert å bekrefte namnet sitt, og til tider vogga han fram og tilbake og frå side til side, skriv The Guardian.

Rettstegning av Axel Rudakubana som e rarrestert for knivdrap i Southport

Rettstegning av Axel Rudakubana, som er arrestert for knivdrapa i Southport.

Foto: Elizabeth Cook / AP

Dette veit vi om han

Rudakubana er fødd og oppvaksen i Cardiff.

Både forsvararen til Rudakubana og påtaleansvarleg argumenterte i retten for å utsette offentleggjering av identieten hans til neste veke av omsyn til sikkerheita til familien, skriv The Guardian.

Den sikta har ein eldre bror som også er fødd i den Walisiske hovudstaden. Foreldra er frå Rwanda, skriv BBC.

Helen, ein nabo til familien mens dei budde i Cardiff, fortel til BBC at ho er sjokkert.

– Dei var eit nydeleg ungt par. Dei var bråkete smågutar.

Same nabo fortel at mora var heimeverande. Ho beskriv faren som ein hyggeleg mann, som gjekk på jobb kvar dag.

– Dei hadde ein liten familiebil, ein liten kombi, legg ho til.

Axel Rudakubana fotografert som yngre.

Axel Rudakubana fotografert som yngre.

Foto: Liverpool Echo

Ein annan tidlegare nabo til familien beskriv han som ein «stille» gut, og som klengete på mora som barn, skriv The Sun.

Ein 51 år gammal lærarassistent som bur visa-a-vis den tidlegare heimen til familien, fortel til Daily Telegraph at «det var ingen problem» medan dei budde der.

– Dei var eit venleg par med to små gutar. Eg kan ikkje tru kva som har skjedd, seier han.

Aktiv i lokal kyrkje

Ifølge BBC flytta familien i 2013 til Banks i Lancashire, nordaust for Southport.

Rudakubanas far har vore aktiv i kampsportmiljøet i både Southport og i Cardiff.

Rudakubana var med far sin til karatetimar som barn, ifølge sensei Chico Mbakwe, ein instruktør i Cardiff, skriv The Sun.

Ein nabo i Banks beskriv til Liverpool Echo familien som «svært aktive» i den lokale kyrkja.

Same nabo beskriv den sikta som ein «stille korgutt», men at dei ofte høyrde synging frå familiens heim.

– Det er et stort sjokk. Den sikta sang når han kom heim frå skulen. Han gjekk aldri ut. Vi såg dei aldri. Vi snakka eigentleg aldri med dei meir enn at vi sa sa hei i sju år, og no har dette skjedd, seier naboen.

The Sun referer også frå eit intervju The Times har gjort med ein person Rudakubana deltok på musikkteater saman med. Vedkommande beskriv også den sikta som sjenert.

Kartet viser Southport, der fleire barn vart drept, i tilegg til Cardiff og Banks der den sikta for knivangrepet har budd.

Publisert 02.08.2024, kl. 08.25

Read Entire Article