Dette vatnet skiftar farge alt frå blodraudt til sitrongult

1 month ago 19



– Det skiftar til alle slags fargar. Frå grønt, sitrongult til blodraudt, seier Torfinn Kråkenes.

Det forunderlege vatnet ligg like ved heimen hans ved Kråkenes i Kinn kommune i Vestland.

Det kring 40 kvadratmeter store Tormodalstjernet ligg like ved havet, om lag tre og ein halv meter over flod sjø.

Når bølgene er store nok, fløymer sjøvatnet over tjernet.

Dersom det er roleg, og det ikkje kjem påfyll frå havet, startar det forunderlege naturfenomenet: Då skiftar vatnet etter kvart til ei rekkje ulike fargar og i ulike nyansar.

Éin gong såg Kråkenes tjernet sitrongult. Han er ein ivrig og anerkjend fotograf, og har dokumentert fleire av fargane.

Røde bobler i tjernet

Blir vatnet liggande lenge nok utan påfyll frå sjøen, blir det til slutt mørkeraudt, fortel Kråkenes.

Tormodalstjernet ved Stadhavet skiftar farge.

For nokre dagar sidan var tjernet mørkeraudt, men i går var det signalraudt. Truleg fordi det hadde regna litt og fargen lysna litt. Torfinn Kråkenes strekar under at bileta ikkje er redigerte.

Foto: Torfinn Kråkenes

– Då boblar det også av tjernet. Det ser ut som at det kokar av det, seier han.

Tormodalstjernet skiftar farge

Tormodalstjernet skiftar farge, og nærast heile fargepaletten er i bruk.

Tormodalstjernet skiftar farge

Torfinn Kråkenes er ein ivrig fotograf og har teke mange bilete av det forunderlege tjernet.

Foto: Torfinn Kråkenes
Tormodalstjernet skiftar farge

Vatnet får ulike fargenyansar av mellom anna grønt.

Éin gong putta han handa nedi vatnet, og den var heilt raud etterpå.

Fargen i tjernet går tilbake til normal farge når det dreg seg til ute på havet og bølgene slår inn over tjernet.

Det var Firda som skreiv om saka først.

Også like ved Tormodalstjernet ligg det eit anna lite tjern som skiftar farge.

Heilt sidan han var liten gutunge har Kråkenes visst om dei spesielle tjerna.

Både den gong og i dag synest han det er spennande å sjå kva farge det er på dei.

– Det er eit morosamt naturfenomen, og eg har ikkje høyrt eller sett likande før, seier Torfinn Kråkenes.

Marinbiolog: – Aldri sett liknande før

Også for Anna Solvang Båtnes, førsteamanuensis ved Institutt for biologi, NTNU, er det forunderlege tjernet sjeldan kost.

– Eg har ikkje høyrt om dette før, i alle fall ikkje her i Noreg. Eg har ikkje sett noko likande sjølv. Men på verdsbasis finst det ein del dammar og vatn som har ganske sterk farge, seier ho.

Etter litt drøfting med kollegaer ved NTNU, trur Solvang Båtnes at dei kan peike på nokre forklaringar på naturfenomenet:

Ho viser til at fargeendringa ser ut til å kome når vatnet får stå stille ei stund utan at bølger skifter det ut. Det fører til at organismar som er der og trivst, kan få gro.

Kva organismar dette er, er vanskeleg å slå fast. Men Halobacterium, som er ein type mikroorganismar som kan gi ganske sterk farge, kan vere eit alternativ.

Ei anna forklaring er ulike typar planteplankton som kan gi ganske ulike fargar.

Desse kan gi ulike fargar ut ifrå korleis forholda er: Om det er mykje eller lite oksygen, mykje eller lite salt, og andre miljøforhold.

Tjernet ligg under ti minuttar gange frå vegen, og kan opplevast av fleire.

– Dette er ein fint fenomen som mange kan ha stor glede av, seier Anna Solvang Båtnes.

Kråkenes ligg like nordvest for Måløy i Kinn kommune.

Publisert 30.05.2024, kl. 20.51

Read Entire Article